tirsdag 5. mars 2013

Nede for telling...

No var det plutseleg gått ein månad sidan sist innlegg. Årsak: Influensa! Trudde eg var ferdig med sjukdom for ei stund, men den gang ei. 8 dager med feber for eit vaksent menneske er ein anelse utmattende. Ein påfølgende (ny!!) bihulebetennelse var prikken over I'en. Formen begynner å stige igjen, så NO må det vere over. Trøsten får vere at eg ikkje er aleine, mange som ligg flat ut for tida.. ;)

Ein anna grunn til bloggpausen er at me reiste på hytta på fjellet forrige veke. Eg var fortsatt slapp etter influensaen og ute av jobb. Min kjære er lærer, så han hadde vinterferie. Utruleg godt med eit stoveskifte etter å ha lagt å stirra i det samme taket i over ei veke!
Me var veldig heldige med veret, sol frå blå himmel i 4 dager. Gjett om det vart soling i hytteveggen! Sårt tiltrengt energi!! :) Olliver kosa seg med å måke snø av (eller nokken ganger PÅ..) terrasen sammen med pappa. Me laga bilbane i snøen og grilla pølser på bålpanna. Dager heilt etter ein toårings hjarte. :)

 
 
 ...heilt til det var tid for å prøve dei nye skiene.....Me prøvde å få på han ski i fjor påske men måtte raskt gje opp. Ungen hylte som ein stukken gris! Det begynte på samme måten i år. "Vil ikkje gå på ski!!!!". Men mor og far var standhaftig og fekk dei på til slutt. Det gjekk ikkje meir enn 10 sek før han smilte og lo. Han skjønte ikkje heilt korleis han skulle gjere det og hang for det meste i armene våre medan han sklei på skiene. Men me var storfornøyd med framgangen! Etter 10min var det derimot nok og resten av hytteturen kom det eit kontant "NEI!" på spørsmålet om han ville ha dei på....Heilt til siste dagen då me skulle sette skiene i boden. DÅ var det ein som vart ivrig. "Olliver sine" Ha på ski!". Eeeeeh...okei!?-tenkte me.. Ungen var tolmodig som aldri før mens mor streva med å feste skoene på skiene. Fram med stavene, og vips! der gjekk han for egen maskin! *Stolt* No får me berre håpe at han husker til neste gang at dette faktisk var gøy...


 
 
I løpet av hytteturen kom energien min smått om senn tilbake og det gjorde og strikkegleden. Då hadde eg ikkje tatt i ein strikkepinne på eit par veker. Så no har eg har gjort ferdig MorgenGry-genseren (endelig...), men den venter på vask og strekk, så den får få plass i neste innlegg. I påvente av det og nye ferdige prosjekter tenkte eg å vise ein genser eg strikka til Olliver i høst: "Bestefargenseren", frå Nøstebarn. 


 
 
Inspirasjonen kom frå den fine bloggen Hvit lykke. Syns fargene ho hadde brukt var heilt nydelege! Eg brukte New Zealand lammeull som eg bestilte her. Det minner om Nøstebarn-ull, berre til halv pris. Det kan me like... ;) Genseren er tynn og heilt super til å ha under ein tjukk vinterdress. Eg brukte pinnestørrelse 3 og med det tynne garnet følte eg det tok ein evighet å bli ferdig, men resultatet syns eg vart bra så då får det våge seg at det tar litt tid... ;)

Til slutt ein liten fargeklatt og sikkert vårtegn. På søndag hadde me besøk av forelderene til Rayner og dei hadde med seg ein nydelig bukett med tulipaner. Elsker å få blomster! Sjelden eg kjem på å kjøpe det sjølv.. ;) No gleder eg meg skikkelig til lysere tider, vår og sommer!!!


 
 
Ha ein strålende dag!

4 kommentarer:

  1. Bra du er betre. Ser ut som nokre fine hyttedagar. Og genseren var kjempegin. Eg kjempar med restegarnet og har byrja å gje vekk i håp å kunne starte med noko heilt nytt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :) Hehe...ja restegarnprosjekt ender ofte opp i frustrasjoner... Kanskje me skal begynne å bytte litt garn? Då e d jo ein sjanse for at me kan ende opp med fleire like nøster som heldt til nye prosjekt! :)

      Slett
  2. Det va jammen en fin versjon av nøstebarngenseren! Hvilke fager du har brukt her? Va ellers mykje fint og, så la meg rett og slett til som følger for å få med meg fortsettelsen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det! Så koselig at du vil følge bloggen min! Er fortsatt litt "fersk" i gamet, men satser på ein laang fortsettelse.... ;)
      Fargene eg brukte var sandgrå og kvit New Zealand lammeull. Heilt super genser som lillegutt har brukt mykje gjennom vinteren! :)

      Slett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)