Då eg for første gang såg Simpelthenbuksa på Instagram visste eg at dette var ei bukse som berre MÅTTE på pinnene! Og dette skulle vise seg å vere enda eit raskt, gøyt og enkelt prosjekt. Elsker sånne prosjekter!! ;)
I oppskrifta er det brukt Babysilk frå Du store Alpaca, men sidan dette er eit handvaskgarn valgte eg å bytte det ut med eit litt meir slitesterkt superwashgarn. Valget fall på Sandnes sin Merinoull, eit nytt garn for min del. Dette garnet er tjukkere enn det i oppskrifta så eg var heldigvis smart nok til å lage ein prøvelapp. Eg tok til og med mål av O for å vere sikker på at eg skulle sleppe å rekke opp igjen. Så eg landa på å følge oppskrifta på str 2 år. I tillegg felte eg masker over eit lengre strekk på beina samt at eg droppa ein felling.
Eg liker veldig godt detaljene på denne buksa, med lommer og fin brettekant/snorkant oppe. Og det at den er smal i figuren gjer nok ein gang sitt til at det er enklere å ha den under regntøy og vinterdress.
Det har ikkje vore så veldig kaldt her på Vestlandet enda, men buksa har vore i bruk eit par dager og O er veldig fornøyd. Eg ser derimot at dette garnet kan ha ein tendens til å nuppe så eg er spent på å sjå korleis den ser ut etter ein lang vinter... ;)
Strikkefakta
Oppskrift: Frå Paelas.com
Garn: Merinoull frå Sandnesgarn, I-cord er strikka av Alpaca frå Garnstudio
Garnmengde: 185g Merinoull og ein liten rest Alpaca
Størrelse: 2 år, som passer O på 4 1/2 år
Ha ein super dag! :)
Så flott bukse du har strikket! Nydelig farge. Tar jeg ikke helt feil, er det samme som jeg valgte til Ret nem ranglan-genseren til lillebror. Er også spent på hvordan garnet holder seg i bruk.
SvarSlettJa denne er simpelt nydelig :)
SvarSlettKjempefin bukse :) Kjør over den med nuppefjerner så blir den like fin som ny ;)
SvarSlettHei, kan du legge ut et bilde av buksa etter bruk? Greit å vite hvordan garnet blir etter en stund før jeg setter i gang!
SvarSlett