Viser innlegg med etiketten Huer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Huer. Vis alle innlegg

tirsdag 14. april 2015

Ny FWSS-kopi

Til jul fekk svigerinna mi den originale FWSS-hua i mørk blå. Ho kunne i tillegg tenke seg ein i grått, så då såg eg mitt snitt til å få ei ny hue på pinnene. I midten av mars hadde ho bursdag så då passa det veldig bra å gi hua. I tillegg til hua fekk ho ei pakke med verdens beste sjokolade!! Har du smakt denne? Visst ikkje kan eg berre sei: løp og kjøp!! Den er heldigvis ganske mektig, så ein klarer ikkje å hive i seg for mykje om gangen. Det kan jo vere greit for ein sjokoladeoverspiser som meg... ;)


Desse huene er utruleg raske og enkle å strikke og eg trur snart at eg må få ei på pinnenen til meg sjølv. Men så var det den eviglange strikkelista då.....


Strikkefakta
Oppskrift: Ravelry
Garn: Tynn Alpakka frå Du store alpakka
Garnmengde: 40g
Pinnestr: 3,0



onsdag 18. februar 2015

DIY oksedrakt til lille O

Forrige veke var det klart for den store utkledningsdagen i barnehagen. Men istadenfor det vanlege karnevalet var det temafest. Heile dette barnehageåret har dei hatt bondegård som tema, så derfor fall valget på LÅVEDANS! Då eg spurte Olliver kva han ville vere kom det først "Tiger"! Men etter å ha tenkt seg litt om og funne ut at det kanskje ikkje var eit gardsdyr, ville han vere okse. ;)
Eg har sett mange ulike typer hekla huer med dyremotiv og tenkte at dette måtte jo vere mulig å lage. Så då var det berre til å finne fram heklenåla og litt fantasi og vips, så vart det ei oksehue på lille O.


Litt verre var det med resten av drakta, kva skulle den lagast av? Etter ein rask titt i klesskapet fann eg ein svart kjole som aldri har vore i bruk og fortsatt hang med prislappen på... (ein av mine "den-er-jo-på-tilbud-kjøp...). Så etter å ha knota litt med symaskina vart det ei heilt ok drakt. O var i alle fall veldig fornøyd og då er mor det òg! ;)
 



Heklefakta
Garn: Baby bomull og Bomull sport frå Spar Kjøp
Heklenål: Nr 4,5 og 4



Ønsker deg ein super dag videre! :)

mandag 5. januar 2015

Votter og FWSS hue


I fjor hadde eg ingen planer om å gje vekk strikka julegåver. Rett og slett av den enkle grunn at eg ikkje hadde fått nokken ønsker og ikkje klarte å komme på noko av meg sjølv... 3 veker før jul fekk eg imidlertid melding frå niesa mi: "Hei snille tante! Kanskje litt sent å si det nå.....men jeg ønsker meg kjempemye grå votter og lue som er strikket av deg <3". *SMELT* Ein sånn melding gjer det veldig enkelt å få fart på strikkepinnene.

Etter ein kjapp surferunde på nettet fall valget på den populære FWSS-hua samt votter frå DROPS. Eg syns alltid det er like spennende om strikkegåvene fell i smak og ikkje minst om dei passer. Men heldigvis vart den veldig godt mottatt og var i bruk allerede 1.juledag. ;)


Oppskrift hue: Ravelry
Oppskrift votter: DROPS
Garn: DROPS Alpaca
Pinnestr: Nr 3 på hua og nr 4 på vottene

Ønsker deg ein finfin dag!


fredag 11. april 2014

Hue-frustrasjon...


For fleire år sidan strikka eg meg ei hue frå DROPS-kolleksjonen. Eg brukte ikkje det rette garnet som stod i oppskrifta og dermed vart hua litt stor. Eg gadd imidlertid ikkje å rekke den opp igjen, så det vart til at eg berre brukte den som den var. I jula i fjor fann eg ut at no var det jammen meg nok! Eg var fortsatt misfornøyd og bestemte meg endeleg for å lage meg ei ny hue.




Istadenfor å kjøpe nytt garn valgte eg å heller rekke opp den gamle. Eg ville jo ikkje bruke den lenger uansett, så kvifor la godt garn gå til spille? Som sagt så gjort. Eg fann ei hue på Ravelry som eg likte veldig godt og satte i gang. Eg tok ikkje mål av hovudet, berre satsa på at eg tok rett størrelse. Men gjorde eg det? NEI! Hua vart altfor liten! Jaja...så var det på an igjen... Eg rakk opp igjen hua og begynte på ein større størrelse. Heller ikkje denne gangen tok eg mål av hovudet. Eit par dager seinere når hua var ferdig var frustrasjonen komplett! Hua var fortsatt for liten! Snakk om å vere "tjukk i hue"!
Heldigvis har eg venninner som bruker litt meir "normal" størrelse, så då ei av dei sa at ho godt kunne tenke seg den vart den grundig vaska og gitt vekk.




Så då var det til å tråle nettet igjen. For ein månad sidan fall eg pladask for ei hue eg såg på Strikkesida på facebook. Etter eit lite søk fann eg oppskrifta på Ravelry. Eg kunne nesten ikkje vente med å komme i gang og heldigvis var den rask å strikke. Og ENDELEG!!! Eg vart super fornøyd!!





Oppskrift hue nr 1: DROPS (husker ikkje kva for eit garn eg brukte..)

Oppskrift hue nr 2: Ravelry

Oppskrift hue nr 3: Ravelry
Garn: DROPS Merino extra fine



Ønsker deg ei riktig så god helg! :)

tirsdag 18. mars 2014

40-årsgåve #1


Tidlegare denne månaden fylte min eldste bror 40 år. Han ønska seg i hovedsak penger til bursdagen, men som strikkefantast er det jo umulig å unngå å lage ein liten ting... I påsken i fjor såg han nokon som hadde på seg den populære Kvikk Lunsj-hua og han fekk sjølv lyst på ei. Eg sa ikkje noko då, men tenkte at dette må eg legge meg på minnet. Planen var å strikke den til jul, men planer har ein tendens til å bli utsatt så då vart det til bursdagen istadenfor. Egentlig veldig passande no rett før påske...




Bror min bur eit stykke unna resten av familien, så dagen før dagen reiste eg, mamma og pappa på overraskelsesbesøk. Svigerinna mi hadde holdt godt på hemmeligheten så han var stor i augene då me plutselig stod på døra. ELSKER å overraske folk på den måten. Ansiktsuttrykkene og gleden er berre ubetalelig!



Sjølv om bursdagsbarnet ikkje er ein stor "huebruker" såg det ut til at denne falt i smak. Så no gjenstår det berre å sjå om den vert brukt på påskefjellet om ein månad... ;)

Oppskrifta på hua henta eg frå Ravelry. Eg brukte samme garn som i oppskrifta, men eg syns den vart i overkant stor. Ved å gå ned ein heil pinnestørrelse vart hua perfekt i størrelsen. :)

Strikkefakta

Oppskrift: Ravelry
Garn: Gjestal Safir (Østlandsgarn)
Pinnenr: 3

fredag 12. april 2013

My litle monkey...

Ja, for det er han virkelig. Han er høgt og lavt, klatrer, tuller og tøyser som dei fleste andre tre-åringer. Så kva er vel meir passende enn ei hue med apekattmotiv? :) Inspirasjonen fekk eg då eg var på ei julemesse i fjor. Der var det ei som solgte huer, men ho hadde ikkje rette størrelsen i dette stoffet. Så då er det jo berre til å hive seg rundt sjølv! Eg fann mønster på nett, men endte opp med å få hjelp av venninna mi istadenfor. Mykje enklere å få det vist av nokon som har gjort det før! ;)
Olliver var storfornøyd med hua og nekta å ha på seg noko anna! Men så var det det med å få tatt bilder av ein vilter apekatt.... Det var jaggu ikkje enkelt! Så her får du ein liten bildeserie..


 
 
Når me først var i gang vart det også til ei smekke. Smekka er sydd etter mønster frå stoff og stil, men eg syns den vart litt trang i halsen. Trur kanskje eg skal lage den litt lenger neste gang. Greit å ha to knapper i til å justere lengden etterkvart som dei veks til. Den er vel ikkje akkurat perfekt sydd, litt bølgete i kanten...Men øvelse gjer mester ikkje sant? :)


 
 
Eg vart iallefall bitt av basillen og har allerede vore og handla inn stoff til fleire prosjekt! Og kva er vel meir perfekt enn at denne kom i posten i dag!!! GLEDE!!
Kjipe greier at eg skal jobbe i helga.. ;-/  Jaja...neste veke! :)
 

 
 
 
 
Ha ei riktig god helg!

tirsdag 1. januar 2013

To rosa huer til to søte jenter

 
Først må eg få ønske alle eit riktig GODT NYTTÅR! Håper de hadde ei fin feiring. Her hadde me ein roleg kveld sammen med gode venner. Me bur i tomannsbolig og er så heldige å ha verdens beste naboer på samme alder ved sida av oss. Så me tok enkelt og greit babycallen med oss på andre sida av veggen. På den måten kunne me vere sosial samtidig som ungene fekk sove i sine egne senger og sleppa å bli vekka når me skulle heim.  :)
 
 
Men...tilbake til overskrifta... ;) Her er bilde av den eine hua eg omtalte i eit tidlegare blogginnlegg. Eg strikka desse til mine to kollegaer som fekk kvar si jente no i haust. Huene fekk dei før jul, så no var det på tide å vise dei.
 
 
 
 
Huene er strikka med to tråder i deilig Alpaca-ull. Ein lys rosa og og ein mellomrosa. Eg hadde litt kvitt garn liggende og tenkte eg ville prøve å sy i eit hjerte. Syns ikkje alltid det er like enkelt å få det jevnt når ein syr på mønster i etterkant, men eg fekk det til til slutt. Syns det var prikken over I'en til to søte jenter! :) Huene sitt godt på hovudet og er deilig varme. Blir nok strikka fleire av desse!
 
 
Håper du har hatt ein fin 1.nyttårsdag! Kjenner eg gleder meg til å ta fatt på det nye året. Nytt år betyr jo nye muligheter og ikkje minst nye spennende prosjekt! :) Måtte det bli eit godt år! :)
 
 
 
Oppskrift: DROPS
Pinner: nr 5 + heklenål nr 4,5
Garn: DROPS Alpaca lys rosa og mellomrosa
 
 
 

 
 

fredag 28. desember 2012

Tova tøfler og hue

 
Så var jula over og pakkene er åpna. Då er det på tide å vise årets strikkegåver. :)
I år var det to enkle, kjappe prosjekt som fann veien til pinnene. Den første gåva eg strikka var ei hue til min eldste bror. Den er strikka i deilig, tynn babyull og har ein litt "baggy" fasong. Denne hua strikka eg til min samboer og yngste bror tidlegare i år og den var stor suksess. Den passa utmerka sidan bror min nettopp hadde kjøpt seg eit nytt, grått ullskjerf! :)
 

 
 
 
 
Den andre gåva under treet var desse tova tøflene (mitt "last minute"-prosjekt frå eit tidlegare innlegg). Dei var til mi søte svigerinne. Eg strikka dei samme tøflene til ho for to år sidan. Dei har vore i (nesten) daglig bruk sidan då og var no begynt å bli ganske så slitt. Med andre ord var det på tide med eit nytt par! Ønsket kom litt seint, så dei vart ikkje tova før litle julafta! Dei var ikkje meir enn akkurat tørka når dei vart pakka inn og lagt under treet. ;)
Tøflene trur eg kanskje eg må lage til mine egne, kalde føtter snart. Skikkelig gode og varme!
 


 
 
 
Dei satte stor pris på gåvene begge to. Veldig kjekt med gode tilbakemeldinger på det ein har laga, og ekstra kjekt når ein veit at det vert brukt!! :)
 
 
 
 
 
Oppskrift hue: DROPS 
Størrelse: M/L
Garn: Lanett babyull
Pinner: 2,5 og 3
 
 
Oppskrift tøfler: DROPS
Størrelse: 35/37
Garn: DROPS Eskimo
Pinner: 8
 
 
 
 
 
 

 


onsdag 12. desember 2012

Strikkeklubb

 
Kor gammal er du?? ....tenker du kanskje.... Det var hvertfall det eg tenkte når eg var yngre. Gjekk du i klubb så var du gammal, skikkelig gammal! Lite visste eg kor koseleg det er. Eg er med i intet mindre enn TO strikkeklubber. Ein med gjengen frå gamlejobben og ein med naboer og venner rundt der eg bur. Veldig kjekk måte å treffe folk ein ikkje ser så ofte i ein hektisk kvardag.
 
I går skulle me egentlig ha eit lite sykurs, men ho som skulle ha det vart desverre sjuk. Då fann eg ut at eg like godt kunne invitere alle sammen heim til meg. Me hadde jo allerede satt av kvelden, og husmorfrie kvelder tuller ein ikkje med... ;)
 
 På menyen var det heimelaga rundstykker. Oppskrifta kjem frå mora til ei venninne. Kjempegode!!
 
 
 
 
I frysen hadde eg deilige villbringebær som vart plukka i sommar i tillegg til plommesyltetøy frå i fjor haust. Er så godt å ha sånt i frysen! Enkelt å ta ut og servere. 
 
 


På pinnene har eg for tida to rosa huer. Dei er til to kollegaer som har fått kvar si jente no i haust. Garnet er i deilig Alpaca-ull frå DROPS. Har strikka ein del av desse huene før, både til Olliver og andre. Dei sitt utruleg godt på hovudet og har lange, gode øyreklaffer. Alpaca-ull varmer jo òg skikkelig godt!
Huene er egentlig kjappe å strikke, og eg tenkte eg skulle bli ferdige med dei i går. Men som seg hør og bør blir det mykje prating og eting når ein har klubb, så strikketøyet blir lagt litt til sides.... ;)


 
 
 
Garn: DROPS Alpaca
Pinner: str 5
Størrelse: 1-3mnd og 6-9mnd
Garnmengde: ca 50g av begge farger til to huer