Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

onsdag 18. desember 2013

Juleforberedelser


Som i dei fleste andre heimar har det også her vore mykje juleforberedelser dei siste vekene. I år som i fjor har eg hatt juleverkstader saman med gode venninner. Det har blitt baka heile 7 sorter kaker, karameller og marsipanfigurer. Det skal seiast at pepperkakedeig, marsipan og kransekakemasse er kjøpt på butikken, men kva gjer vel det når det smaker like godt som heimelaga? ;) I tillegg er me så heldige som har fått krumkaker av tanta til Rayner. NAM! Så no er boksene fulle og me er klare for storinntak før og i jula! Det er så utruleg koseleg å bake saman med andre. Premien er at ein slepp å bake alt sjølv, samt at ein ikkje ender opp med altfor store porsjoner av kvar sort... ;)




Dei klassiske pepperkakehjertene til vinduet måtte sjølvsagt lagast i år og. Dei tre hjertene i lenke er også pepperkakehjerter, men her har me stansa ut eit hjerte midt inni og fyllt det med knust kjærlighet på pinne. Når du hiv det i ovnen smelter kjærligheten for så å stivne til "glass" når den er avkjølt. Skikkelig flott og dekorativt!


 
 
Karameller har eg lenge tenkt å prøve meg på og endeleg fekk eg det gjort! Desse er harde og med deilige valnøtter i. Etter tips frå dama bak oppskrifta har eg pakka dei inn i cellofan og pynta  dei litt . Fine smågåver å gje vekk! Oppskrifta på karamellene finn du her! :)


 
 
Ein anna ting som har stått på "to-do-lista" lenge er hjerte laga av greiner. Hadde eg visst kor utruleg enkelt det var og at det ikkje tok meir enn 5min å lage hadde det vore gjort for lengst. Nokken ganger er det berre litt tiltak å gjere noko ein ikkje har gjort før... ;)
 
På søndag vart juletre og hus pynta, pakkene ligg klare og forventningane til lillegutt stig for kvar dag! No gjenstår berre julevasken og me er klar for JUL! :)
 
 
 
 
Ha ei fortsatt fin førjulstid!


mandag 25. november 2013

Ein annleis julekalender...

  
I september reiste eg saman med mine flotte kollegaer til Polen, nærmare bestemt Szczecin. Eg jobber saman med to søstre som kjem derifra og me var så heldige å få bu i huset til foreldrene deira. Å reise saman med nokon som er lokalkjent er heilt supert! Då føler ein at ein får oppleve kulturen på nærare hald. Byen var tydeleg prega av ei tøff fortid, men hadde likevel mykje sjarm å by på. Dessverre forsto eg raskt kvifor enkelte velger å flytter frå landet. Når ein taxitur på 10-15minutter koster 15kr og drivstoffprisen er den samme som i Norge kjem ein raskt fram til at ein må jobbe mykje for å ha råd til livets opphold. Og sjølv om ein er to som jobber i fulle stillinger er det likevel vanskelig å kjøpe sin egen bolig. Syns det er heilt utruleg at kvardagen kan vere så ulik vår berre ein kort flytur unna. Det gjer at eg sett mykje meir pris på alle dei godene me har i dette landet. Me kan virkelig klage på så mangt, men det er bagateller i den store sammenhengen....
 

 
 
Når me kom heim spurte kollegaen meg om me skulle lage ein litt annleis julekalender på jobb i år. Istadenfor å kjøpe små presanger til kvarandre kunne me heller gje penger til fattige barn/familier i Polen. Ho spurte om eg ville hjelpe ho å hekle hjerter som me kunne gje som ein liten symbolsk "takk for hjelpen". Sånne ting sei eg sjølvsagt ikkje nei til. Så på eit par timer vart det til 25 hjerter. Fleire har meldt seg på heklinga, så ho endte opp med ein god bunke til slutt.
Eg syns dette var eit fantastisk godt tiltak! Nordmenn svir av tusenvis av kroner på julefeiring og presanger kvart år. Det er nesten så ein gløymer kva som er det viktige oppi all julestria, nemlig å ha det godt og få vere saman med sine kjære.




 Strikkefakta:

Oppskrift: Frå den flotte bloggen Bekki Bjarnoll
Garn: Bomull Sport frå Spar Kjøp
Heklenål: nr 4



Den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad! :)
 

lørdag 29. desember 2012

Romjulsaktiviteter

Jul og romjul har bestått av ein del jobbing for min del, men dagene eg har fri eller skal på seinvakt har blitt nytta fullt ut! Det såg lenge ut til at me ikkje skulle få noko snø i jula, men 2.juledag på kvelden lava det ned. Gleda var stor når lillegutt såg at det var kvitt ute. Så då var det berre til å kle seg og komme seg ut. Han var ikkje så interessert i det nye akebrettet han fekk til jul, men det var stas å lage snøballer og snømann. Utruleg nok fins det no "snømannpakker" ein kan kjøpe. Dei inneheldt hatt, skjerf, knappeauger, pipe og gulrot i stoff. Dette har bror min fått med seg og sjølvsagt handla inn. Gjorde seg godt på den flotte snømannen! :)
Utebilene, bøtter og spader vart òg henta fram, så terrassen vart fort omgjort til bilbane. Og mens Olliver kjørte med bilene laga eg og niesa mi den klassiske snølykta. Når det var tid for meg å reise på seinvakt nekta lillegutt å bli med inn. Han skulle vere UTE! Er ikkje så vekdig ofte me har snø, så eg forstår han godt. Heldigvis var besten klar til innsats og var ute med han ei lita stund til... ;)
 
 
 


Bror min og Rayner har gjort ein innsats for neste års vedforsyning. Utanfor mamma og pappa har det vokst opp ein haug av små tre dei siste åra, så no var det på tide med ei opprydning. Greit med litt fysisk aktivitet etter all den gode julematen! ;)

 
 
Snøen varte desverre ikkje så lenge denne gangen heller, så medan regnet auser ned ute har me kost oss inne. Olliver fekk ei stor bøtte med plastelina og diverse figurer av kompisen sin til jul, så i dag var det tid for å åpne den. Slanger er ein hit for tida, så det vart laga slanger i alle lengder og fasonger. Han syns det er så gøy å gå rundt å "skremme" oss med dei: "ssssssssss" komme ta deg!!! ;)
 
 
 
 
Når Olleboll har lagt seg for kvelden er det tid for spel og avslapping. Det siste året er det "Dominion" som har stått høgast i kurs her i familien. Spelet består kun av ulike typer kort, ingen brikker eller terninger. Det som er så gøy er at du kan endre spelet frå gang til gang alt etter kva kortbunker du velger å ta med. Litt vanskelig å forklare, men har du ikkje prøvd det så kan eg absolutt anbefale det! :) Niesa mi på 11 er ein skikkelig racer, så det passer dei fleste aldre.


 
 
Til slutt må eg berre ta med et bilde av boka eg fekk av venninna mi til jul. Denne boka er stappa med inspirerende prosjekter! Det eg liker spesielt godt er at ein ikkje treng å handle inn mykje dyrt utstyr. Her er det fokus på gjenbruk og det er enkle prosjekt som ikkje tar så lang tid. Forfatteren har henta inspirasjon frå diverse blogger som ho refererer til i boka. Blir nok ein del blogglesing framover.... ;)

 
 
Gleder meg veldig til å ta fatt på nye spennende prosjekt i 2013!! :)
 
 
Ha ein fortsatt fin lørdagskveld! Her er det snart tid for heimelaga pizza! ;)

lørdag 22. desember 2012

Julestemning i huset!

I går kom siste rest av julepynten på plass og dukane vart strøke og lagt på bordet. På spisebordet sverger eg til gjennomsiktig plastduk heile året. Då kan eg ha på akkurat den duken eg ønsker og den vert aldri skitten! Ikkje feil å sleppe å vaske og stryke... ;) I jula pynter eg i tillegg med litt stjerner på duken, veldig dekorativt! Og sidan dei og er "gjømt" under plasten får ikkje Olliver tak i dei.. ;)
 
 
 
 
 
Eit lite glimt av årets juletre. Me har dei siste åra lurt på å kjøpe plasttre, men det vart ikkje denne jula heller.. Mannen i huset tok seg av jakta på det perfekte treet, og valget falt på edelgran. Me er begge vant med at treet vert pynta litle julafta, men i år ville eg starte jula tidleg. Så på mandag var det allerede ferdig pynta! Kunne egentlig ha pynta treet 1.desember, er jo så koselig med jul!! Men ei veke før den store dagen får holde.. ;) Kulene er kjøpt på Living for nokre år sidan.
 

 
 
Denne engelen i papp har eg arva etter farmor. Er så koselig med gamle ting frå besteforeldre. Stor affeksjonsverdi og gode minner! :)


 
 
I gangen står dette reinsdyret og pynter opp. Det er bestilt gjennom Casa Interiør der eg og naboen er forhandlere. Båndet til sløyfa kjøpte eg på Europris.
Olliver har ikkje oppdaga den enda. Spørs om den får stå i ro når han gjer det.... Han er veldig glad i dyr for tida! ;)
 



No har me inntatt huset til svigers. Olliver og Rayner blir verande her til 1.juledag. Eg skal tilbringe julafta med mine gamle, søte beboere på sjukeheimen. Det er selvfølgelig trist å ikkje få vere heime og feire saman med familien og Olliver spesielt. Men ser ein det på ein anna måte så er det kjekt å få lage i stand ei koseleg jul for andre! :)


Ønsker alle ei riktig:

torsdag 20. desember 2012

Den store innpakningsdagen!

Som tidligere år starta eg julehandelen i oktober. Syns det er så godt å få det unnagjort. Sleppe stress, jag og mas når jula nærmer seg. Det er jo alltid nok av andre ting å gjere.... ;)
Innpakking av presangene sparer eg derimot til nokon dager før jul. I dag har eg hatt fri så eg har virkelig fått kost meg med å pakke. Julebrus, julemusikk og selvfølgelig litt julesnoperier... ;) Olliver var rimelig begeistra då han kom heim frå barnehagen: "oiiiii, så mange pakka!!!". Godtok heldigvis at dei ikkje skulle åpnast endå.
 
 
 
 
 
Etter tips frå ei venninne fann eg fram raud og grøn maling til Olliver og lot han male på litt stivt papir. Når han var forsynt med å male klippa eg det opp i passe store biter, klistra på hjerter og lagde hol. Vips så hadde me ein haug med pakkelapper! :) Litt meir personleg og kjekt både for Olliver og dei som mottar gåva.

 
 
 
På pinnene har eg eit "last minute"-prosjekt som eg håper skal bli ferdig til jul... Kva det er får eg komme tilbake til når julafta er overstått. ;)
 

 
 
Ha ein fortsatt fin kveld! :)


torsdag 13. desember 2012

ENDELIG!!!

 
 
Halvveis til jul og endelig ferdig med julekalenderen! Brukte litt tid på monteringen sia eg ikkje har gjort det før, men eg er fornøyd med resultatet. Lillegutt slo opp augene når han såg alle pakkene (han har jo kun fått ei og ei pakke til no..).Han ville helst pakke opp alle på ein gang, men godtok at han berre fekk ei. Spesielt når han såg at det var "taueBill" (Cars) som var inni. :)
 
 
 
 
 
Et lite nærbilde av nissen. Syns han har så koselig ansikt. Skikkelig god, gammeldags nisse! Leita lenge for å finne rette kalenderen. Visste ikkje heilt kva eg ville ha, men denne falt eg for med ein gang eg såg den! Satser på at Olliver får mykje glede av den i årene som kjem!
 


 
 
 
Broderiet er kjøpt på ein koselig liten butikk i Bergen, Flittige Hender. Dei har òg nettbutikk som du kan finne her:   http://nettbutikk.digitroll.no/flittigehender/

mandag 10. desember 2012

Når en peppekake baker....

 
 
Vel, vel...skal ikkje skryte på meg at eg har baka dette pepperkakehuset... Det er fint henta ned frå hylla på butikken, kjøpt og betalt. ;) Har prøvd meg på heimelaga før, men med svært så dårlig resultat. Derfor sverger eg til ferdighus!
 

 
Før...
 

 
I år vart huset pynta aleine. Mannen i huset har vore på fotballtrening og lillegutt søv trygt i senga si. Han får heller vere med til neste år. Redd han lett kunne knust heile huset...litt hardhendt endå. ;) Han skal heller få den ære og rive det når jula er over.

 

...og etter pynting
 
Det ferdige resultatet. Kanskje ikkje så veldig prisverdig, men men...koselig hvertfall. :) Snømannen på sida fekk eg av niesa mi for fleire år sidan. Syns den tar seg godt ut i "snøen". Julenisse høyrer jo òg med. Her skimter du han på vei ned i pipa.. ;)
 

Som alltid er det litt snop til overs. Det finn fort veien ned i magen....
 
 

Forrige helg møttes me fire venninner med fire små til bakedag. Det vart baka ein haug med pepperkaker, deriblandt desse fine hjertene til å henge i vinduet. I kveld klarte eg endelig å få dei på plass! Ting tar tid... ;)
 
 
 
Ha ei god natt! :)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


onsdag 5. desember 2012

Julekalender til lillegutt...


 
...som ikkje vart ferdig til 1.desember pga litt småproblemer. Var veldig ivrig etter å sette i gang å sy, så eg oversåg ein liten detalj...Eg sydde med to tråder, men i oppskrifta stod det tre.. Då hadde eg allerede sydd hø armen på nissen, bamsen og den litle nissen. Begynte så vidt å rekke opp men bestemte meg heller for å sy over alt med enkelttråd. Det var hakket enklere, men tok litt tid. Har ellers klart å sy med feil tråd og på feil plass...Note so self: LES OPPSKRIFTA! ;)
 
 
 
 
 
No er dette blitt ein julekalender både for mor og barn. Mor syr litt og litt for kvar dag og Ollebolle (som me kaller han...) får ei og ei pakke. Han er berre 2 1/2 år og treng strengt tatt ikkje nokon julekalender, men eg hadde så lyst til å ta den i bruk når eg var komme så langt. No mangler det berre nokon tal og litt omriss her og der. ...og selvfølgelig det kjedeligste-monteringen... Men satser på at den hvertfall vert ferdig til julafta! :)
  
Pakkene i kalenderen er handla inn på loppemarknad som eg nyleg var på. Fekk fleire plastdyr, små biler og bøker for 5-10kr/stk. Ein pakkekalender kan jo fort koste mykje, med denne vart ikkje så galen, ca 150-200kr. Det er fullt overkommelig, men spørs korleis det vert når poden blir større og begynner å kreve.. ;) Då får me heller gå over til å pakke inn små sjokolader..
Skal komme med oppdatering og nytt bilde når kalenderen er ferdig.
 
Ha ein fortsatt fin dag! :)