Viser innlegg med etiketten strikketips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikketips. Vis alle innlegg

lørdag 14. desember 2013

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko....

Tidlegare i år strikka eg MorgenGry-genseren til meg sjølv. Genseren var varm og god og hadde super passform. Det eineste eg ikkje likte med den var at garnet eg hadde brukt begynte å nuppe etter berre eit par gangers bruk. Likevel vart det ein genser eg brukte mykje. Dessverre havna den på vanleg 40-vask og krympa til barnestørrelse. Det var ein lettere fortvila samboer som ringte meg på jobb og fortalte kva han hadde gjort. Hadde det ikkje vore for at dette var siste dag på jobb før sommerferien og dagen før ein lenge etterlengta sydentur så hadde nok skuffelsen og irritasjonen vore større... ;) Egentlig hadde eg tenkt å hive genseren, men den vart no liggandes ei stund.


MorgenGry-genser vs 5200K-genseren eg strikka i høst...

No i høst tenkte eg å lage eit sitteunderlag til lillegutt og då kom eg plutselig på at eg fortsatt hadde genseren. Så kva med å bruke den istadenfor å strikke nytt? Som sagt, så gjort. Eg klipte av armene og sydde saman front og bakside. I tillegg fekk eg ei venninne til å vise meg teknikken filting. Her er resultatet:




Dette var ein utruleg enkel og effektiv måte å pynte eit tova arbeid på og garantert noko eg kjem til å gjere igjen! Utstyr og ull er handla inn, så no er det berre til å begynne på nye prosjekt!
I tillegg til sitteunderlag fann eg ut at eg kunne bruke armene på genseren til å lage ekstra ull-såler til skoene til Olliver. Eg tok ut sålen i skoen og klipte rundt, vips et par ekstra innleggssåler! No mangler eg berre litt antiskli under sålene sånn at dei ligg litt meir i ro og ikkje krøller seg når han tar på seg skoene.


Så har du eit strikkeplagg som har blitt tova, blitt for lite eller som du rett og slett ikkje er fornøyd med? Ikkje kast det! Det kan brukes til så mangt! ;)



Ha ei fortsatt fin helg!


fredag 22. mars 2013

Moods-inspirert sparkebukse


I slutten av januar fekk eit vennepar av oss ein nydeleg liten guttebaby. Planen var at eg til då skulle ha strikka ferdig ei barselgåve. Ting går som kjent ikkje alltid etter planen, men i går vart den endelig levert, nesten to månader forsinka. Jaja, bedre sein enn aldri? ;) Då er det iallefall greit å ikkje ha strikka minste størrelse...
 
Valget av barselgåve fallt på denne sparkebuksa frå Sandnes Garn. Eg strikka den første gang til Olliver for nokre år sidan. Eg liker veldig godt fasongen og den passer ypperlig no fram mot vår og sommer. Forrige gang fulgte eg oppskrifta til punkt og prikke, dvs striper heile vegen og ei lomme på kvar side. Denne gangen tenkte eg å gjere det litt annleis. Så då vart det traktor-mønster, inspirert av Moods of Norway. Syns dei er så tøffe. Det var ikkje vanskelig å finne mønster då det er fleire som er inspirert av det samme for tida... ;)
 
 
 
 
Traktorene er sydd på med maskesting. Ein tidkrevende jobb for slike utålmodige sjeler som meg.... Men sluttresultatet er eg veldig fornøyd med. Trur kanskje det vert meir traktorstrikk! ;)
 
 
 
 
Den velkjente prikken over I'en... ;)
 
 
 
 
Etter tips frå ei venninne prøvde eg for første gang ut teknikken "magic loop". Hørt om det før? Må sei at det har gått meg hus forbi alle desse åra eg har strikka. Men det går rett og slett ut på å strikke begge beina (eller armer, votter etc) samtidig. Det er jo alltid like kjedelig å begynne på fot nr 2, då er ein liksom klar for å komme seg videre. Så eg tenkte at dette måtte vere heilt supert!
Eg hadde berre eitt kvitt garnnøste, så derfor valgte eg å trekke ut tråden inni nøstet på begge fargene, altså to tråder per nøste. Det er ABSOLUTT ikkje å anbefale! Som du ser av bildet under vart det ei eineste stor floke. Det endte derfor opp med at eg drog ut så mykje tråd som eg trudde eg trengte og klipte av. Etter dette gjekk det mykje bedre. Om du ønsker å prøve ut denne teknikken kan du finne videoinstruksjon her. Eg kjem nok til å gjere det fleire ganger, men då skal eg sørge for å ha to nøster....
 
 
 
 
 
No skal denne vitaminbomba nytes før helga inntas på jobb. Deilige fryste villbringebær og blåbær frå i fjor.... *NAM*
 

 
 
 
 
 
Oppskrift sparkebukse: Sandnes Garn
Størrelse: 3-6mnd
Garn: Sandnes Lanett
Garnmengde: 55g naturkvit og 65g sjøgrønn
Pinnestr: Nr 3
 
 
Ha ei riktig god helg!!