Viser innlegg med etiketten Jakke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jakke. Vis alle innlegg

torsdag 18. april 2013

Rosa babyjakke


Det er offisielt! Eg har INGEN UFOer liggende (så vidt eg veit...)! Denne jakka begynte eg på i fjor sommer. Eg hadde eit håp om at mitt nye tantebarn skulle vere ei jente, men det viste seg å bli nok eit tilskudd til gutteflokken. Så då vart den liggende halvferdig i UFO-korga. Dei siste vekene har eg derimot tatt tak og gjort ferdig denne og eit par andre ting som har venta på montering og knapper. Montering er virkelig det kjedeligste eg veit!! Trur eg må strikke meir monteringsfritt....

Oppskrifta til denne jakka fann eg i eit blad på jobb, men den er opprinneleg frå Gjestal. I holmønsteret på kvar side av knappestolpene skal det egentlig syast inn blomster med Mille fleur-sting, men eg syns den vart like fin uten. Eg har strikka den i deilig Bambino-ull, som desverre har gått ut av produksjon. (Med andre ord: eg har brukt av garnlageret!!!!) ;p Garnet er tjukkere enn det i oppskrifta, så eg la opp til str 0-3 men laga den like lang som str 6-9mnd. Etter å ha prøvd den på prøvedukka mi (les:nabogutten....stakkar...), stemmer det bra med 6-9mnd.





Den fine gamalrosa fargen kjem best fram på bildet under (ser jo nesten lilla ut på bildet over...). Ikkje alltid like enkelt å gjengje farger på bilder... ;)
Eg har fortsatt garn igjen så tenkte kanskje å strikke hua som høyrer til og eit par sokker. Greit å ha eit heilt sett. Foreløpig har den ingen mottaker, men med mange venninner som venter små så vert den nok ikkje liggandes å støve ned... ;)


 
 
 
Oppskrift: Gjestal
Garn: Bambino ull
Garnmengde: ca 110g
Pinnestr: nr 2,5 og 3
Str: La opp til str 0-3mnd men strikka lengden til str 6-9mnd
 
 
 
 
Ha ein fortsatt fin ettermiddag! :)

mandag 7. januar 2013

Strikka dyffelcoat til ein liten tøffing...

Nokon måneder før Olliver kom til verda var det opphørssalg på den lokale strikkebutikken. Heldigvis visste eg på den tida at det var ein liten gutt som sprella rundt i magen. Eg hadde sett meg ut fleire strikkeprosjekter og det passa derfor perfekt med salg på alt garn. Eg hamstra inn etter beste evne, deriblandt garn til denne dyffelcoaten.
 
 

 
 
Dei hadde ikkje rette garntypen i butikken, men dei hadde heldigvis noko som var nesten tilsvarande. Eg brukte pga dette ein pinnestørrelse mindre. Når eg skulle strikke lommene oppdaga eg at eg hadde gjort ein liten feil. Eg skulle lage opning i arbeidet og strikke lomma på innsida av jakken. Dette hadde eg ikkje fått heilt med meg så derfor vart dei strikka for seg og sydd på i etterkant. Litt skjønnhetsfeil må det jo vere... ;P
Jakken var kjapp å strikke, men ting som skal monterast har ein tendens til å bli liggende. Spesielt når det ikkje haster med å få det ferdig. Men i fjor vår var den klar og når vinteren kom satt den som eit skudd.
 
 


 
 
Ikkje alltid like enkelt å få tatt bilde av ein aktiv to-åring, men det gjekk til slutt... Det er vel ikkje akkurat ein typisk barnehagejakke, men satser på å få brukt den litt før han veks ut av den. :)
Hua han har på seg strikka eg lenge før han var født. Den er etter samme oppskrift som desse.
 
 
 
 
Oppskrift: Dalegarn (nr 203)
Garn: Easy frå Sandnesgarn
Pinner: nr 7 + 8
Størrelse: 2-3år
 
 
Ha ein fortsatt fin kveld. Her i huset blir kvelden tilbragt på sofaen med ein kropp som hangler (som sikkert 70% av norges befolkning òg gjer...) :P