Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg

tirsdag 15. april 2014

Påskepynt og påskekos!


Ja så var plutselig påsken her igjen! Eg har alltid vert ute i siste liten med å pynte og gjere klart, men i år har eg endelig fått gjort alt det eg hadde tenkt. Trikset var jo rett og slett berre å begynne tidleg nok. Så her har huset vore påskepynta i over ei veke!




Det første som kom i hus var "pusekattene". I fjor gjorde eg eit halvhjerta forsøk på å lage litt pynt og endte opp med å hekle 3 små kaniner (finn dessverre ikkje igjen sida med oppskrifta..). Trådene på desse vart ikkje festa og uansett så kom aldri kvistene i hus, så pynt vart det ikkje. No er dei imidlertid ferdige og dei har fått selskap av to søte påskekyllinger. Oppskrifta finn du her. I tillegg har eg prøvd meg på å lage påskeegg av garn. Framgangsmåten var enkel:

1. Blås opp ein vannballong til ønska størrelse
2. Smør ballongen med vaselin
3. Dypp garnet i tapetlim og surr ønska mengde rundt ballongen
4. La den henge og tørke
5. Sprekk ballongen og ta den ut





Sist, men ikkje minst har Olleboll laga påskekylling i barnehagen. Det var ein veldig stolt gutt som kom heim med den. "Sjå kva eg har laga til deko mamma og pappa!!!" Ingenting er som ein 3-årings engasjement! ;)

Påskelyktene som eg (utruleg nok) fekk ferdigstilt i fjor har fått komme fram igjen i lyset. Sjølv om eg egentlig ikkje er sånn superglad i gult syns eg desse var skikkelig søte. Du kan lese meir om dei i dette innlegget.
 



I det siste har eg virkelig fått augene opp for Trines matblogg. Har du besøkt den sida? Visst ikkje kan den så absolutt anbefalast. Ein av tingene ho har på bloggen er heimelaga sjokoladepålegg. Her i huset elsker me Nugatti alle tre, og av den grunn blir det kun kjøpt inn til ferier og høgtidsdager. Men det er med Nugatti som med så mykje anna, FULLT av e-stoffer og andre godsaker... Så denne gangen tenkte eg at eg kunne prøve den heimelaga typen. I kveld vart krukka åpna, og den vart godt mottatt av mine to gutter. Eg brukte 40% mørk kokesjokolade og personleg kunne eg nok ha tenkt meg å hatt den litt lysere, men den var så absolutt etandes! ;) MÅ PRØVAST!




...og så må eg berre vise... Denne boka kom i hus i går. Og for ei FANTASTISK bok!! Gleder meg stort til å ta fatt på oppskriftene. Og med tanke på at svigermor kom med ikkje mindre enn to FULLE poser med (reste)garn for litt sida kan eg vel herved påstå at påskekosen er i boks!





Ønsker deg og dine ein super påske!! ;)

onsdag 18. desember 2013

Juleforberedelser


Som i dei fleste andre heimar har det også her vore mykje juleforberedelser dei siste vekene. I år som i fjor har eg hatt juleverkstader saman med gode venninner. Det har blitt baka heile 7 sorter kaker, karameller og marsipanfigurer. Det skal seiast at pepperkakedeig, marsipan og kransekakemasse er kjøpt på butikken, men kva gjer vel det når det smaker like godt som heimelaga? ;) I tillegg er me så heldige som har fått krumkaker av tanta til Rayner. NAM! Så no er boksene fulle og me er klare for storinntak før og i jula! Det er så utruleg koseleg å bake saman med andre. Premien er at ein slepp å bake alt sjølv, samt at ein ikkje ender opp med altfor store porsjoner av kvar sort... ;)




Dei klassiske pepperkakehjertene til vinduet måtte sjølvsagt lagast i år og. Dei tre hjertene i lenke er også pepperkakehjerter, men her har me stansa ut eit hjerte midt inni og fyllt det med knust kjærlighet på pinne. Når du hiv det i ovnen smelter kjærligheten for så å stivne til "glass" når den er avkjølt. Skikkelig flott og dekorativt!


 
 
Karameller har eg lenge tenkt å prøve meg på og endeleg fekk eg det gjort! Desse er harde og med deilige valnøtter i. Etter tips frå dama bak oppskrifta har eg pakka dei inn i cellofan og pynta  dei litt . Fine smågåver å gje vekk! Oppskrifta på karamellene finn du her! :)


 
 
Ein anna ting som har stått på "to-do-lista" lenge er hjerte laga av greiner. Hadde eg visst kor utruleg enkelt det var og at det ikkje tok meir enn 5min å lage hadde det vore gjort for lengst. Nokken ganger er det berre litt tiltak å gjere noko ein ikkje har gjort før... ;)
 
På søndag vart juletre og hus pynta, pakkene ligg klare og forventningane til lillegutt stig for kvar dag! No gjenstår berre julevasken og me er klar for JUL! :)
 
 
 
 
Ha ei fortsatt fin førjulstid!


torsdag 25. april 2013

Strikkepinneetui

 
Då har eg endeleg tatt i bruk den nye symaskina! Det første prosjektet vart eit strikkepinneetui, så no skal det bli orden på strikkepinnene!! Eg har forsåvidt hatt ein viss orden på dei til no med at dei har fått ligge i originalembalasjen oppi ei korg, men dette er jo mykje meir praktisk! Enkelt å finne fram og alt ligg sortert og i rekkefølge etter størrelsen på pinnene. Veldig greit for sånne som meg som liker orden og oversikt.. ;)
 
 


Oppskrift og framgangsmåte til etuiet fann eg gratis på Pickles. Stoffet vart kjøpt på Stoff&Stil, og eg må berre innrømme at eg har forelska meg heilt i desse polkadottstoffene!! Skikkelig søte!
Eg ser no i etterkant at sømmene vart litt skeive og som vanlig klarte eg å gjere ein aldri så liten feil. Eg var så ivrig at eg sydde over lomma både oppe og nede (skulle berre sy nede) når eg skulle dele det inn i ulike rom, men men, det gjer forsåvidt ikkje så mykje... ;)
Ein liten ekstrafinesse eg valgte er blondene på lomma nede, berre for å gjere det heile enda meir sukkersøtt. :p


  
 
No mangler eg berre ein liten borrelås eller trykknapp (har ikkje heilt bestemt meg...), så er det ferdig. Dette var eit kjapt og enkelt prosjekt, så trur kanskje eg må lage fleire.. ;)




Tidlegare i veka var eg innom ein av mine mange strikkebutikker og som alltid gjekk eg ikkje tomhendt ut igjen... Det som vart med denne gangen var ein liten neve med søte knapper. Dei hadde ei korg med resteknapper til 50øre (!) per stykk og eg klarte ikkje å dy meg. Du tenker kanskje at det ikkje er så praktisk med ein av kvar knapp, men eg tenker dei kan gjere seg fint som pynt på strikkeplagg eller til scrapping. Søte var dei i alle fall! :)
Det andre som havna i posen var strikkehefte Babystrikk på pinde 3 av Lene Holme Samsøe. Dette har eg sikla på lenge, så no var det på tide å kjøpe det! Med andre ord: eg blir ikkje arbeidsledig med det første.... ;)


 


 
 
På pinnene har eg for tida nok ei barselgåve. Denne skal eg ikkje gje vekk før om eit par månader, så kva det er får eg komme tilbake til. Men at det er til ei lita jente er vel ganske tydeleg... ;)
 




 
Ønsker deg ei super helg!! (Jepp, eg har tatt helg allerede...)

fredag 15. mars 2013

MorgenGry genser

Endelig er MorgenGry genseren ferdig strikka, vaska og klar til å taes i bruk!! :) Genseren var enkel å strikke med tjukt garn og tjukke pinner. Til tross for dette klarte eg å bruke over 2 mnd på den! Litt pga bakterier i systemet men òg mykje pga at eg ikkje klarer å berre ha eitt prosjekt om gangen... Fleire som kjenner seg igjen i det? ;)
Men no er den altså ferdig og eg må sei meg fornøgd med resultatet. Eg var litt skuffa første gang eg tok den på, den var litt for kort og hadde ein tendens til å krype. Men etter å ha vaska og strekt den litt vart den heilt perfekt. 
 
 
 
 
Eg hadde egentlig tenkt at dette skulle bli ein genser med lange armer, men det vart litt knapt med garn... Ifølge oppskrifta var det brukt 250g på ein genser med korte armer. Eg hadde 300g til rådighet i tillegg til at eg la opp litt færre masker. Men underveis skjønte eg at det kom til å bli for lite, så då vart det korterma gitt! Men det gjer forsåvidt ingenting med tanke på årstida me har i møte! 8-)
Genseren er strikka med Abuelita tjukk merino frå Pickles. Fargen heiter "Skumring", ein farge eg har forelska meg i det siste året! Den kjem kanskje ikkje så godt fram på bildet, men den er skikkelig fin! Bekymringen min derimot er at genseren allerede har begynt å nuppe, etter berre eit par dagers bruk! Eg har ingen erfaring med garnet, men om dette er tilfelle vert det nok ikkje brukt så mykje meir.. Har du opplevd lignende? Jaja...det får bli ein "innekosegenser" om det blir for gale! ;)
 
Oppskrifta på genseren kjem frå G-Anette sin koselege blogg, som eg er flittig leser av. Om du ikkje har vore innom sida hennar kan eg virkelig anbefale ein titt. Her finn du velskrevne innlegg, flotte bilder og ikkje minst MYKJE inspirasjon! :)


 
 
 
Til slutt må eg berre få med at eg endelig har sulla meg til å bli medlem av Strikkeblogger. Ei super side for oss strikkefrelste! Her finn du mange av dei fine strikkebloggene frå vårt langstrakte land, m.a.o veldig mykje inspirasjon og idèer til nye prosjekt. Så ta ein kikk innom og bli medlem du òg då vel! :)
 
 

 
 
 

 
Oppskrift: G-Anette
Garn: Abuelita Tjukk Merino "Skumring"
Pinnestr: nr 6
Garnmengde: litt mindre enn 300g
 
 
Ha ei super helg! :)
 
 


fredag 8. februar 2013

Ein tur i strikkebutikken....

På vår leveringsrunde med Casa-varer i går klarte ikkje venninna mi og eg å motstå fristelsen med å stikke ein tur innom strikkebutikken. Jada, eg veit eg ikkje skulle handle meir garn til mitt allerede overfyllte lager... Men kva for ein strikkeentusiast klarer å gå forbi eit godt tilbud? Det første som møtte oss når me kom inn var nemlig fleire korger med garn til 50%. Så då vart det no til at eg fyllte ein liten  pose. Fargene er på veg ut av sortimentet, men ka gjer no det når eg fortsatt syns fargene er nydelege? Kanskje eg er litt ut.. ;) Eit nytt strikkehefte fekk og bli med heim, kan jo aldri få nok av dei heller... 
 
 
Nydelig garn i eit hærligt vintervær!
 
Men så var det eit lite problem... Når ein kjem heim med nytt garn har ein jo lyst til å begynne på nye prosjekt med ein gang! Men eg har allerede 3 UFOer liggende. Vottene begynte eg på i romjula. Eg trudde eg hadde nok garn, men den gang ei. Nytt nøste er kjøpt inn, men votten ligg fortsatt uferdig. I påvente av det nye nøstet begynte eg på MorgenGry-genseren til meg sjølv. Når bolen var nesten ferdig streika skuldre og nakke og genseren vart lagt til sides. Den siste ufoen er den rosa babyjakken eg begynte på i sommer. Den vart laga i håp om at eg skulle bli tante til ei jente, men når det viste seg å bli ein gutt stoppa det litt opp. Så her mangler det montering og stolpekanter. Med andre ord har eg meir enn nok å henge fingrene i...
 
 
 
 
...men eg klarte ikkje å dy meg. Måtte berre begynne på noko nytt med det nye, fine garnet! Kva dette er kan eg foreløpig ikkje sei då eg skal gje det vekk. ;) Så no får eg håpe skuldre og nakke heldt sånn at eg kan bli ferdig. Har jo i tillegg ein haug av andre ting som ligg på vent! Og apropos det, har du sett den nye VM-genseren? *Sikle, sikle* Den har eg lyst å lage til meg sjølv!!! Jaja, me får sjå...
 
 

 
 
Fortsettelse følger....

lørdag 2. februar 2013

Eg har handla varer frå Casa Interiør, igjen...

Høsten 2010 bestemte venninna mi og eg oss for å bli homeparty-forhandlere. Eg hadde nettopp hatt Perfect Home-party heime hjå meg og me vart så inspirert at me ville starte med det sjølv. Perfect Home var godt kjent frå før og eit sikkert kort, men etter å ha tråla nettet fann me ut at me heller ville prøve Casa Interiør. Ingen av oss hadde hørt om det før, men me syns dei hadde mykje fint til ein rimelig penge. Valget angrer me ikkje på... :)
 
Problemet med å vere forhandler for flotte interiørprodukter er jo at ein helst vil ha alt sjølv. Vinningen går opp i spinningen kan me vel kanskje sei... Men men, det er uansett ein koseleg hobby. Er utruleg kjekt å få komme inn i nye hus og få inspirasjon, samtidig som det er sosialt å holde party.
 
På torsdag kom det nye bestillingsvarer på døra og denne gangen var det (nok ein gang) litt til meg sjølv. Valget falt på desse to boksene til vaskepulver. Vaskepulverbokser er jo rimelig kjedelige å sjå på. Me har ikkje vaskerom, så vaskemaskin og tørketrommel står på det eine badet vårt. Då er det ekstra kjekt med litt fine bokser på utstilling. :) 

 
 
 
 
Eg bestilte òg denne boksen til alle reingjeringsproduktene. Enkelt å dra med seg rundt i huset på vaskedagene (som det ikkje vert for mange av...).
 
Blomsten som står oppi boksen fekk eg av mamma i går. Er så koseleg å få blomster. Kjøper det så altfor sjelden sjølv!
 
Det siste eg kjøpte er det raude sjalet. Syns det har ein kjempefin farge, og så er det jo aldri feil med polkadotter... :) Sjalet er stort og mjukt, så dette vert nok brukt mykje.
 
 
 
 
Om to veker kjem det ny katalog og gjett om me gleder oss!! Inntil dess er det 50% på nesten heile katalogen!! Spørs om det ikkje vert handla litt meir... ;) Om du har lyst til å ta ein titt i katalogen vår kan du berre klikke på bildet på sida. :)
 
 
No skal resten av kvelden nytast aleine. Mannen i huset er i utdrikningslag, så eg har sofaen heilt for meg sjølv. Det betyr Sex and the City-maraton med noko godt attåt. Eg er egentlig ei skikkelig snopeguri, så utvalget på bordet er litt utanom det vanlege. Men eg prøver alt eg kan på å bli litt sunnere! Eg elsker lys sjokolade som stratos, melke- og kindersjokolade. Planen er ikkje å slutte å ete sjokolade (for det kjem ALDRI til å gå), men kanskje prøve å holde meg til den litt mørkere typen som er hakket sunnere. Jaja, me får sjå kor lenge det varer. ;)
 
 
 
 
 
Ha ein super lørdag!

tirsdag 15. januar 2013

Ein ufrivillig handarbeidspause.....

Etter 1 1/2 veke med ein (nok ein gang) oppblussende bihulebetennelse og langvarig omgangssjuke begynner endeleg kroppen å komme tilbake til normalen. Det høyrer jo liksom med til vintersesongen at ein skal ha eit par runder med virus og bakterier, men det er alltid like kjedelig! Sofaen har vore ein god venn, noko som desverre har resultert i stive skuldre og nakke. Av den grunn har strikketøy og andre handarbeidsplaner blitt lagt til sides. No har eg endeleg overskudd til å komme meg på yoga, så då satser eg på at muskleneknutene slepp taket og at armene er klare til innsats! :)
 
Inspirasjon har derimot ikkje vore mangelvare under mi tid som sofagris. Når hodepine og svimmelhet har tatt seg ein pause har eg fått surfa rundt på nettet på jakt etter nye prosjekt. Så her er litt av mine planer framover. :)
 
Eg har lenge hatt lyst til å strikke noko til meg sjølv, men eg har ein tendens til å bli lei store prosjekt... Det har derfor stort sett blitt strikka små baby/barneplagg. No er eg derimot klar til å prøve! Planen er å strikke ein genser. Oppskrifta er opprinneleg frå Pickles, men eg falt veldig for G-Anette sin smale versjon som du kan finne på bloggen hennas her. Genseren blir strikka med pinnestørrelse 6, så håpet er at det skal gå fort! ;) Fargevalget falt på sjøgrønn, har skikkelig dilla på den fargen for tida! Er jo ikkje alltid fargen er like fin i virkeligheten som på bilder, men eg er strålende fornøyd. Eg lurer på å strikke vrangrundene med kvitt, men får sjå det litt an underveis.
 
Eg har òg bestil eit nytt oppskriftshefte "All you knit is love". Dette fann eg på Pinnsvin Design. Oppskriftene er frå 0-18mnd, men dei er forholdsvis enkle så eg trur ikkje det blir problem å evt lage litt større størrelser på eigenhand. Det var ikkje mogleg å sjå bilder av oppskriftene i nettbutikken, men eg tok ein sjanse på at dei var bra. Syns uansett at jakken på framsida var så søt. Angrer ikkje på kjøpet! ;)
 
 
 
 
Eg har lenge tenkt at eg ville prøve meg på å SY. Eg sydde kler til dukkene mine då eg var liten, men etter det har det vore lite. Berre enkle ting som å legge opp gardiner etc...Før jul var eg på ei julemesse der dei solgte tøffe huer til dei små. Eg falt veldig for hua med apemotivet, men desverre hadde dei den ikkje i rette størrelsen til lille Olleboll. Så kva er vel bedre enn å rett og slett lage ei hue sjølv? Stoffet fann eg på Stoff og Stil for eit par veker sidan. Eg var superklar for å sette i gang. Lånte symaskin av mamma og fann oppskrift på nett. Men så innhenta bakteriene meg og lysten forsvant... :p Men NO er eg snart klar! :)
 
 

 
 
Kva planer og prosjekter har du for tida? :)

onsdag 2. januar 2013

Opprydning i skattekista...

...ja, for ei kiste fylt med deilig garn i ulike typer og farger er jo nettopp det, ein skatt! Eg er som så mange andre at eg kjøper inn garn når eg finn eit prosjekt eg vil begynne på. Det er alltid garn til overs, og det finn fort veien opp i kista. Men i det øyeblikket garnet havner der er det glømt! No fekk eg nesten ikkje igjen lokket, så då tenkte eg det var på tide å få litt oversikt over kva som befant seg oppi der. I tillegg var eg på jakt etter eit garn eg meinte eg kanskje skulle ha... ;)
 
 
Ordna og sortert! :)
 
Her er det ulike typer babyull og bomull, tovegarn, alpaca+++. Det tok litt tid å få sortert alt sammen kan du vel trygt sei. Ein del av det visste eg ikkje at eg hadde, for eksempel garnet på bildet under. Dette er Bambino ull som gjekk ut av produksjon for eit par år sidan. Fatter ikkje at dei slutta å produsere dette garnet. Dei hadde så mange nydelige farger samt at det var tjukt og mjukt. Husker no at eg hamstra inn litt av dei fargene eg likte best. Den rosa som ligg på toppen er i bruk på ein babyjakke som eg begynte å strikke på i sommer, men det brune garnet var ein skikkelig bonus! Heile 4stk har eg visst!! Det må det lagast noko fint av... ;)
 

 
 
 
Eg fann òg eit par knapper som eg leita iherdig etter tidlegare i år, men eg gav rett og slett opp og kjøpte nye. No er dei på plass igjen... Ein skjønn liten tøffel i rosa vart plukka opp frå bunnen samt to uferdige prosjekt. Den grå skulle bli til ei babybukse, men eg gjekk tom for garn. Den naturkvite er òg ei babybukse, men den vart rett og slett ikkje ferdig i tide til ei barselgåve.
På bunnen dukka det i tillegg opp eit nydeleg garn som eg fekk av mamma for nokre år sidan. Ho skulle kaste det, men eg tenkte at "dette må me vel kunne bruke til noko gøy"... Joda, det ligg no fortsatt der.....
 
 
 
 
Den egentlige grunnen til at eg begynte å rydde var at eg jakta på dette garnet. Etter å ha strikka tova tøfler til jul hadde eg eit garn til overs som eg tenkte eg kunne bruke på votter til meg sjølv. Eg visste det ikkje ville halde med eit garn, men eg var rimelig sikker på at eg skulle ha eit liggande etter forrige tove-runde. Heldigvis fann eg det, så no kan eg strikke dei ferdig. :) Eskimo-garnet frå DROPS er tjukt og godt og perfekt til votter. Gleder meg til å ta dei i bruk!
 


 
 
No er alt garn pakka inn i poser etter type, og lokket på kista kan endeleg lukkast heilt igjen. Trur ikkje eg skal handle inn garn på ei lita stund....eller....?


 
 
 
 
Oppskrift votter: DROPS
Pinner: 7 + 8
Garn: Eskimo