Viser innlegg med etiketten Votter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Votter. Vis alle innlegg

mandag 5. januar 2015

Votter og FWSS hue


I fjor hadde eg ingen planer om å gje vekk strikka julegåver. Rett og slett av den enkle grunn at eg ikkje hadde fått nokken ønsker og ikkje klarte å komme på noko av meg sjølv... 3 veker før jul fekk eg imidlertid melding frå niesa mi: "Hei snille tante! Kanskje litt sent å si det nå.....men jeg ønsker meg kjempemye grå votter og lue som er strikket av deg <3". *SMELT* Ein sånn melding gjer det veldig enkelt å få fart på strikkepinnene.

Etter ein kjapp surferunde på nettet fall valget på den populære FWSS-hua samt votter frå DROPS. Eg syns alltid det er like spennende om strikkegåvene fell i smak og ikkje minst om dei passer. Men heldigvis vart den veldig godt mottatt og var i bruk allerede 1.juledag. ;)


Oppskrift hue: Ravelry
Oppskrift votter: DROPS
Garn: DROPS Alpaca
Pinnestr: Nr 3 på hua og nr 4 på vottene

Ønsker deg ein finfin dag!


torsdag 4. april 2013

Litt mislykka prosjekt...

 
I jula fann eg ut at eg kunne trengt eit ekstra par med votter. Eg hadde to nøster Eskimo liggende og tenkte at det måtte vere perfekt til dette prosjektet. På DROPS fann eg ei votteoppskrift med nettopp dette garnet, kunne det bli bedre? Det eg ikkje tenkte på var at tjukt garn og tjukke pinner lager store masker. Store masker gjer at vinden bles rett gjennom. Når vinden bles rett gjennom vert det: *kkkkkkaldt*. Med andre ord ikkje så veldig nyttige. :p
 
 
 
 
Så kva gjer ein då? Kunne jo liksom ikkje berre kaste dei. Det endte opp med at eg heiv dei på 40grader i vaskemaskina og vips: Tova votter til Olliver til vinteren igjen! :) Heilt supert sidan dei han har begynner å bli for små.
 


 
 
Så alt i alt kan eg vel kanskje sei at prosjektet var vellykka likevel!?
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko! ;)
 
 
 
Oppskrift: DROPS
Garn: Eskimo
Garnmengde: 120g
Pinnenr: 8
 
 
 
Før eg avslutter må eg berre spørre om det er fleire som slit med å laste opp bilder til bloggen? Forstår ikkje heilt kva eg gjer feil. Får opp fleire ganger at opplastinga mislykkes. Må logge meg ut, slå av og på maskina for så å logge inn på nytt. Då vert dei (kanskje) lasta opp. Bruker jo eviglang tid berre på dette! Har prøvd å laste opp både via "Skriv" og "HTML-kode". Nokon tips til ei som har veldig lite kunnskap om PC?

fredag 8. februar 2013

Ein tur i strikkebutikken....

På vår leveringsrunde med Casa-varer i går klarte ikkje venninna mi og eg å motstå fristelsen med å stikke ein tur innom strikkebutikken. Jada, eg veit eg ikkje skulle handle meir garn til mitt allerede overfyllte lager... Men kva for ein strikkeentusiast klarer å gå forbi eit godt tilbud? Det første som møtte oss når me kom inn var nemlig fleire korger med garn til 50%. Så då vart det no til at eg fyllte ein liten  pose. Fargene er på veg ut av sortimentet, men ka gjer no det når eg fortsatt syns fargene er nydelege? Kanskje eg er litt ut.. ;) Eit nytt strikkehefte fekk og bli med heim, kan jo aldri få nok av dei heller... 
 
 
Nydelig garn i eit hærligt vintervær!
 
Men så var det eit lite problem... Når ein kjem heim med nytt garn har ein jo lyst til å begynne på nye prosjekt med ein gang! Men eg har allerede 3 UFOer liggende. Vottene begynte eg på i romjula. Eg trudde eg hadde nok garn, men den gang ei. Nytt nøste er kjøpt inn, men votten ligg fortsatt uferdig. I påvente av det nye nøstet begynte eg på MorgenGry-genseren til meg sjølv. Når bolen var nesten ferdig streika skuldre og nakke og genseren vart lagt til sides. Den siste ufoen er den rosa babyjakken eg begynte på i sommer. Den vart laga i håp om at eg skulle bli tante til ei jente, men når det viste seg å bli ein gutt stoppa det litt opp. Så her mangler det montering og stolpekanter. Med andre ord har eg meir enn nok å henge fingrene i...
 
 
 
 
...men eg klarte ikkje å dy meg. Måtte berre begynne på noko nytt med det nye, fine garnet! Kva dette er kan eg foreløpig ikkje sei då eg skal gje det vekk. ;) Så no får eg håpe skuldre og nakke heldt sånn at eg kan bli ferdig. Har jo i tillegg ein haug av andre ting som ligg på vent! Og apropos det, har du sett den nye VM-genseren? *Sikle, sikle* Den har eg lyst å lage til meg sjølv!!! Jaja, me får sjå...
 
 

 
 
Fortsettelse følger....

onsdag 2. januar 2013

Opprydning i skattekista...

...ja, for ei kiste fylt med deilig garn i ulike typer og farger er jo nettopp det, ein skatt! Eg er som så mange andre at eg kjøper inn garn når eg finn eit prosjekt eg vil begynne på. Det er alltid garn til overs, og det finn fort veien opp i kista. Men i det øyeblikket garnet havner der er det glømt! No fekk eg nesten ikkje igjen lokket, så då tenkte eg det var på tide å få litt oversikt over kva som befant seg oppi der. I tillegg var eg på jakt etter eit garn eg meinte eg kanskje skulle ha... ;)
 
 
Ordna og sortert! :)
 
Her er det ulike typer babyull og bomull, tovegarn, alpaca+++. Det tok litt tid å få sortert alt sammen kan du vel trygt sei. Ein del av det visste eg ikkje at eg hadde, for eksempel garnet på bildet under. Dette er Bambino ull som gjekk ut av produksjon for eit par år sidan. Fatter ikkje at dei slutta å produsere dette garnet. Dei hadde så mange nydelige farger samt at det var tjukt og mjukt. Husker no at eg hamstra inn litt av dei fargene eg likte best. Den rosa som ligg på toppen er i bruk på ein babyjakke som eg begynte å strikke på i sommer, men det brune garnet var ein skikkelig bonus! Heile 4stk har eg visst!! Det må det lagast noko fint av... ;)
 

 
 
 
Eg fann òg eit par knapper som eg leita iherdig etter tidlegare i år, men eg gav rett og slett opp og kjøpte nye. No er dei på plass igjen... Ein skjønn liten tøffel i rosa vart plukka opp frå bunnen samt to uferdige prosjekt. Den grå skulle bli til ei babybukse, men eg gjekk tom for garn. Den naturkvite er òg ei babybukse, men den vart rett og slett ikkje ferdig i tide til ei barselgåve.
På bunnen dukka det i tillegg opp eit nydeleg garn som eg fekk av mamma for nokre år sidan. Ho skulle kaste det, men eg tenkte at "dette må me vel kunne bruke til noko gøy"... Joda, det ligg no fortsatt der.....
 
 
 
 
Den egentlige grunnen til at eg begynte å rydde var at eg jakta på dette garnet. Etter å ha strikka tova tøfler til jul hadde eg eit garn til overs som eg tenkte eg kunne bruke på votter til meg sjølv. Eg visste det ikkje ville halde med eit garn, men eg var rimelig sikker på at eg skulle ha eit liggande etter forrige tove-runde. Heldigvis fann eg det, så no kan eg strikke dei ferdig. :) Eskimo-garnet frå DROPS er tjukt og godt og perfekt til votter. Gleder meg til å ta dei i bruk!
 


 
 
No er alt garn pakka inn i poser etter type, og lokket på kista kan endeleg lukkast heilt igjen. Trur ikkje eg skal handle inn garn på ei lita stund....eller....?


 
 
 
 
Oppskrift votter: DROPS
Pinner: 7 + 8
Garn: Eskimo