Ja du lurer kanskje på kva denne overskrifta gjer inne på ein handarbeidsblogg? I dagens samfunn er det heldigvis lov og ikkje minst akseptert å vere åpen om problemer som ein har. Dette gjer at andre i samme situasjon ikkje treng å føle seg så aleine. Derfor velger eg å fortelle vår lille historie om veien til å bli foreldre.
I 2007 følte eg og min kjære at me var klare til å stifte familie. Me var begge 25år, ferdig utdanna, med jobb og egen leilighet. Timingen var perfekt. Den positive graviditetstesten lot imidlertid vente på seg, noko som for så vidt ikkje er heilt unormalt. Etter eitt år valgte me likevel å ta turen til lege for ein liten sjekk. Han var ikkje vanskelig å be og me fekk full utredning. Det vart ikkje funne noko gale hjå nokon av oss, noko som sjølvsagt var veldig godt men samtidig veldig frustrerande. I påvente av prøverørsforsøk vart eg satt på hormoner, men heller ikkje dette hjalp.
Hausten 2009 var IVF-karusellen i gang. Eg hadde ikkje dei aller største forventningane sidan dette var første forsøk, men jammen meg satt vår lille spire. 9 mnd seinare kom nydelege Olliver til verden, frisk og fin. Gleden var enorm og det føltes som å vinne i lotto!
Eitt år seinare tenkte me at det var på tide å starte opp igjen. Me visste jo at ting kunne ta litt tid så det var berre til å "hive seg rundt". ;p Og tenk, på første forsøk, heilt på eigenhand satt spiren. Gleden vart imidlertid kortvarig. 10 veker på vei, på sjølvaste julafta 2011 var spontanaborten eit faktum. Me vart veldig skuffa, men tenkte samtidig at dette er sånt som skjer. "Alle" kvinner opplever jo ein spontanabort iløpet av livet. Så til tross for at eg hadde vore kvalm og tatt av fleire kilo under den korte graviditeten begynte eg i full jobb igjen etter ei veke. Eg døyva skuffelsen med å begynne å trene hardt, noko som sjølvsagt ikkje var særleg smart med ein kropp utan energi og overskudd... Eit par månader seinare traff eg den berømte veggen og angst vart ein del av min kvardag. Takka vere ein fantastisk samboer, gode venner og familie og ikkje minst ein forståelsesfull lege kom eg meg heldigvis raskt på beina igjen.
Eit halvt år etter første spontanabort lyste nok ein graviditetstest positivt mot oss. LYKKE! Men igjen skulle gleden vere kortvarig. 8 veker ut i svangerskapet endte graviditeten i ein ny spontanabort. Mange kan nok seie at dette er så tidlig at det ikkje betyr noko, men for meg var det heilt pyton. Planleggingen, drømmene og gleden starter ganske raskt etter ein positiv test, i alle fall for min del sjølv om ein kjenner til risikoen. Dessverre hadde eg ikkje lært særleg mykje etter første gangen, så eg var tilbake i full jobb 4 dager seinere. Sidan eg jobber turnus innebar den veka 6 arbeidsdager, så når søndagen kom og eg var så sliten og kvalm at eg nesten ikkje klarte å ete forsto eg at det var på tide å roe tempoet. Blodprosent og jernlager var på eit bunnivå. Etter dette var eg sjuk i 3 måneder med bihulebetennelser, influensa og magebyer. Kroppen gav tydeleg beskjed om at no var det nok.
Utpå våren i fjor begynte energien å komme tilbake. Me tok då kontakt med Fertilitetsklinikken igjen sidan me fortsatt hadde to egg på frys etter IVF-forsøket i 2009. I april vart eggene tint, men dessverre var det ingen av dei som overlevde. På seinsommeren var eg i gang med hormoner igjen. Eg var veldig optimistisk til at dette forsøket skulle gå bra sidan det gjekk så bra med Olliver. Det vart tatt nye prøver av meg og denne gangen viste det seg at eg har lave eggreserver. Ellers låg forholdene godt til rette for at dette skulle gå veien. Eitt egg vart satt inn og me var så heldige å få 3 egg på frys. Første forsøk endte negativt.
I november var det nytt forsøk og første egget tålte opptining. Etter to veker fekk eg 2 positive tester og tenkte at denne gangen er det vår tur. Men blodprøven var så negativ som den kunne bli. Altså var det ein kjemisk graviditet. Det føltes som eit hardt slag i magen. Eg vart først veldig lei meg, men så tok sinne over. Kvifor skjer dette?? Kva har me gjort galt??? Eg lengta veldig etter ein punshingball på den tida... ;p
Men så er det dette med nytt år og nye muligheter.. Då klokka slo 00.00 1.januar tenkte eg at dette skal bli vårt år! Eg endra litt på kostholdet og begynte å "bevege meg" litt meir. Positiviteten var på topp og eg var klar for eit nytt forsøk. For to veker sidan satt me inn siste egget (det andre tålte ikkje opptiningen). I går var nederlaget nok ein gang eit faktum. Det er berre så utruleg frustrerande. Kvifor går det ikkje? Og så er det jo denne evinnelige biologiske klokka som tikker fortere enn eg klarer å tenke. Ja, eg er "berre" 32år, men med lave eggreserver ser eg for meg at det vil bli vanskeligare for kvart år som går. Har eg gitt opp? Nei, overhodet ikkje, men det er berre så forbaska tungt!
Etter dette forsøket tar me oss nok ein liten pause frå heile IVF-karusellen. Det er frykteleg slitsomt å gå gjennom, med forventninger, håp og ikkje minst ein haug med hormoner. Me får ofte høyre at "me er no heldige som har fått èin". Og sjølv om det ikkje er vondt meint så er det til tider tungt å høyre. For sorgen er fortsatt like stor, men det at me har Olliver gjer sjølvsagt prosessen enklere å takle..
Når lillegutt ser på oss med trillrunde auger og spør om ikkje han òg skal få ein baby så må eg sei at det brister litt i mammahjertet.
Dette er vår historie så langt, og eg håper at den ein gang skal ende lukkeleg med kvalme, bekkenløsning og andre deilige svangerskapssymptom (ja, eg vil faktisk nyte kvart eit sekund av det!). Uansett har eg lært mykje om meg sjølv gjennom denne prosessen. No veit eg kortid eg skal seie stopp og roe ned tempoet. Eg veit òg korleis eg må jobbe meg opp og ut av nederlagene. Eg er ikkje lenger redd for å be om sjukemelding når eg treng det, for eg har innsett at det faktisk ER ein tøff prosess, og litt ro og fred hjelper på. Gode opplevelser med venner og familie er og veldig oppløftande. Me har valgt å vere åpen om problemene våre, noko som gjer at ein slepp litt meir unna kommentarer som "er det ikkje på tide med nummer 2 snart?". Eg takler som regel desse kommentarene bra, men på rette dagen kan dei vere vanskelege og svelge..
Sosiale medier som facebook og instagram er fyfy i kjipe perioder. Babylykken formelig florerer på sånne plasser. Og det er sjølvsagt heilt naturleg at foreldre er stolte og glade over barna sine og ønsker å vise det. Det gjer jo me òg. Men innimellom er det vanskeleg å takle andre sin lykke. Og så ærlig tenker eg at ein må vere med seg sjølv. Det er ikkje vondt meint overfor andre, men rett og slett ein måte og overleve på. Heldigvis har eg ein utruleg flott sambuar som har holdt og fortsatt heldt roen gjennom heile dette sirkuset. Det som skjer det skjer-mentaliteten skulle eg gjerne hatt litt bedre innarbeida. Men det er no godt at ein av oss er avslappa. ;)
Eg fortel ikkje denne historien fordi eg treng sympati. Me har som sagt fantastiske venner og familie som støtter oss gjennom oppturer og nedturer. Men eg veit at det dessverre er mange av oss der ute. Så det eg ønsker er å nå ut til nettopp DEG som er i denne situasjonen og som syns det til tider er ganske tungt og håplaust. Du er ikkje aleine. Og kanskje kan du lære litt av mine feil? ;)
Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
tirsdag 11. mars 2014
mandag 15. juli 2013
I palmesus og dus...
Det har vore ein aldri så liten bloggpause dei siste vekene. Årsaken til det er ein lenge etterlengta sydentur! Dei siste årene har det kun vore skandinavia-turer på oss sommerstid, noko som stort sett betyr under 20grader og gjerne regn. Så no var det deilig å hive seg på eit fly og sikre seg sol og varme i to veker.
Flyet tok oss til deilige Alcudia på Mallorca. Eg har aldri vore der før, men det var eit sant paradis for dei små! Hotellet me budde på var supert, med godt tilrettelagte barnebasseng, flotte leiligheter og god beliggenhet i forhold til stranda. Så det vart bading og soling 14 dager til endes! Me reiste saman med eit vennepar som har ein gutt i samme alder som Olliver. Noko som uten tvil gjorde turen mykje meir avslappande både for store og små! ;)
Strikketøyet fekk sjølvsagt også vere med i kofferten, sjølv om eg ikkje såg for meg dei heilt lange strikkeøktene. Men nokre runder vart det no i solnedgangen på terassen. Så no nærmer neste barselgave seg ferdig.. ;)
Flyet tok oss til deilige Alcudia på Mallorca. Eg har aldri vore der før, men det var eit sant paradis for dei små! Hotellet me budde på var supert, med godt tilrettelagte barnebasseng, flotte leiligheter og god beliggenhet i forhold til stranda. Så det vart bading og soling 14 dager til endes! Me reiste saman med eit vennepar som har ein gutt i samme alder som Olliver. Noko som uten tvil gjorde turen mykje meir avslappande både for store og små! ;)
Strikketøyet fekk sjølvsagt også vere med i kofferten, sjølv om eg ikkje såg for meg dei heilt lange strikkeøktene. Men nokre runder vart det no i solnedgangen på terassen. Så no nærmer neste barselgave seg ferdig.. ;)
Håper du har ein deilig ferie kvar du no måtte vere! :)
mandag 8. april 2013
Babyteppe
Dette er egentlig litt gamalt nytt, men tenkte eg kunne vise det i påvente av nye ferdige prosjekt. Eller rettere sagt, at dei ferdige prosjektene er gitt vekk. Litt dumt å vise før mottakeren har fått dei... ;)
Teppet er nok eit babyprosjekt eg fall pladask for før Olliver var påtenkt.Syns mønsteret var skikkelig lekkert så eg berre måtte! Eg var forholdsvis ny i strikkegamet så litt ambisiøst var det nok. Eg kan vel trygt sei at det vart MYKJE frustrasjoner undervegs, og eg klaga min nød til mamma fleire ganger om at oppskrifta ikkje kunne stemme. Viktig å ha noko å skylde på... ;)
Men mønsteret var heilt riktig og etter eit par hjerter var eg komme godt inn i det.
Eg gleda meg stort til å begynne å bruke det då Olliver var eit faktum, men det har faktisk ikkje vore i bruk ein einaste dag. Kun lagt til pynt på rommet hans. Tåpelig? Grunnen er enkel: mamma kom med eit deilig, stort nøstebarnteppe då han var fødd! Etter dette har han blitt tulla inn i teppet hennas til alle døgnets timer. Jaja...kanskje nestemann kan få gleda av å bruke det? Fint er det iallefall! ;)
Har du strikkeprosjekter som aldri har vore i bruk?
Til slutt, nok eit blomsterbukett-bilde... I helga hadde eg bursdag og det vart feira med middag og kinodate med min kjære på lørdag. I går var det familiebesøk og då kom foreldrene til Rayner med denne flotte rosebuketten! Dei gjorde seg i den fine vasen eg kjøpte frå Casa Interiør tidlegare i år.
Årets presanger bestod av penger. Og gjett kva dei skal brukast til!? SYMASKIN! Jepp, eg vart litt hekta etter eit par sykvelder, så no håper eg at interessa heldt seg. Kva eg har laga kjem eg tilbake til. Har ikkje fått tatt bilder enda.. :)
Oppskrift teppe: Sandnes Garn (Hefte nr 0514)
Garn: Lanett naturkvit
Garnmengde: ...kan eg ikkje huske, men ifølge oppskrifta 200g
Pinnestr: 2 og 2,5
Ha ein super kveld videre!
mandag 1. april 2013
Påskekos
Ja så var påsken over for i år. Og for ein flott påske me har hatt!! Må vel kunne sei at det er sjelden me er bortskjemt med så nydelegt ver over så mange dager her på vestlandet. At SOLA skulle skinne frå BLÅ himmel HEILE påsken var det vel ingen som turde å håpe på... ;)
Eg var heldig og slapp unna med jobbing i palmehelga og to vakter i påskeveka, så me har virkelig fått kost oss og slappa av. Sidan eg vart fødd har me stort sett tilbragt påsken på hytta på Kvamskogen og denne påsken var intet unntak. Aking, skigåing og soling i hytteveggen...kan det bli bedre?
Dagene me tilbragte heime måtte og fyllast med litt uteaktiviteter. Her er me på ein aldri så liten fjelltur med lillegutt. Dette var første gang uten bæremeis så me var litt spent, men gutten gjekk heile veien sjølv med litt hjelp av rosiner og lovnad om bolle når me kom på toppen! ;) Viktig med rett proviant i sekken...
Rett før påske fann eg ut at eg hadde ALTFOR lite påskepynt. Ei blomsterpotte og to kyllinger....det sei seg sjølv, her måtte noko gjerast! Eg tok meg ein rask surferunde i blogglandia og fann desse flotte lyslyktene og søte små kaninene. Eit djupdykk i garnlageret gav resultat, bomullsgarn i gult og litt andre vårfarger. PERFEKT! Mamma hjalp med brukte syltetøysglass, så då var det berre til å sette i gang. Syns lyslyktene vart skikkelig flotte og dei gav ein koselig stemning i mørket. Trur nok det vert laga fleire slike. Eit "trekk" til kvar årstid kanskje? :) Oppskrifta på lyktene finn du her.
Kaninene var raske å hekle og eg hadde tenkt å lage ein del i ulike farger. Planen var å finne greiner med "pusekatter" på for så å pynte med kaninene. Joda...det var dei planene då... Det vart hekla tre stk, trådene er ikkje festa og greinene vart aldri funne og henta inn. Neste år kanskje??
Sist men ikkje minst...ingen påske uten PÅSKEEGG!! Me er så heldige at me fortsatt får påskeegg av mamma og pappa. Bortskjemt?? Tja, kanskje...men så får dei påskeegg av oss òg då! ;) Det største på bildet er vårt og det er stappa til randen, så her har det vore sukkeroverdose dei siste dagene. Godt det er påske berre ein gang i året... Det litle er Olliver sitt og du kan tru han vart stor i augene då han åpna det! Ny leikebil og eit kinderegg!!! Ingenting er som glade, fornøyde barn... :)
Eg var heldig og slapp unna med jobbing i palmehelga og to vakter i påskeveka, så me har virkelig fått kost oss og slappa av. Sidan eg vart fødd har me stort sett tilbragt påsken på hytta på Kvamskogen og denne påsken var intet unntak. Aking, skigåing og soling i hytteveggen...kan det bli bedre?
Dagene me tilbragte heime måtte og fyllast med litt uteaktiviteter. Her er me på ein aldri så liten fjelltur med lillegutt. Dette var første gang uten bæremeis så me var litt spent, men gutten gjekk heile veien sjølv med litt hjelp av rosiner og lovnad om bolle når me kom på toppen! ;) Viktig med rett proviant i sekken...
Rett før påske fann eg ut at eg hadde ALTFOR lite påskepynt. Ei blomsterpotte og to kyllinger....det sei seg sjølv, her måtte noko gjerast! Eg tok meg ein rask surferunde i blogglandia og fann desse flotte lyslyktene og søte små kaninene. Eit djupdykk i garnlageret gav resultat, bomullsgarn i gult og litt andre vårfarger. PERFEKT! Mamma hjalp med brukte syltetøysglass, så då var det berre til å sette i gang. Syns lyslyktene vart skikkelig flotte og dei gav ein koselig stemning i mørket. Trur nok det vert laga fleire slike. Eit "trekk" til kvar årstid kanskje? :) Oppskrifta på lyktene finn du her.
Kaninene var raske å hekle og eg hadde tenkt å lage ein del i ulike farger. Planen var å finne greiner med "pusekatter" på for så å pynte med kaninene. Joda...det var dei planene då... Det vart hekla tre stk, trådene er ikkje festa og greinene vart aldri funne og henta inn. Neste år kanskje??
Litt strikking har det og blitt tid til i påsken. Dette er eit lite babyprosjekt til veninna mi som venter ein gutt om nokre dager. Kva det er får eg komme tilbake til når gåva er gitt... ;)
| Fått med deg kva som er favorittfargen min for tida?? ;) |
Sist men ikkje minst...ingen påske uten PÅSKEEGG!! Me er så heldige at me fortsatt får påskeegg av mamma og pappa. Bortskjemt?? Tja, kanskje...men så får dei påskeegg av oss òg då! ;) Det største på bildet er vårt og det er stappa til randen, så her har det vore sukkeroverdose dei siste dagene. Godt det er påske berre ein gang i året... Det litle er Olliver sitt og du kan tru han vart stor i augene då han åpna det! Ny leikebil og eit kinderegg!!! Ingenting er som glade, fornøyde barn... :)
Ha ein fortsatt finfin siste påskekveld!! :)
tirsdag 5. mars 2013
Nede for telling...
No var det plutseleg gått ein månad sidan sist innlegg. Årsak: Influensa! Trudde eg var ferdig med sjukdom for ei stund, men den gang ei. 8 dager med feber for eit vaksent menneske er ein anelse utmattende. Ein påfølgende (ny!!) bihulebetennelse var prikken over I'en. Formen begynner å stige igjen, så NO må det vere over. Trøsten får vere at eg ikkje er aleine, mange som ligg flat ut for tida.. ;)
Ein anna grunn til bloggpausen er at me reiste på hytta på fjellet forrige veke. Eg var fortsatt slapp etter influensaen og ute av jobb. Min kjære er lærer, så han hadde vinterferie. Utruleg godt med eit stoveskifte etter å ha lagt å stirra i det samme taket i over ei veke!
Me var veldig heldige med veret, sol frå blå himmel i 4 dager. Gjett om det vart soling i hytteveggen! Sårt tiltrengt energi!! :) Olliver kosa seg med å måke snø av (eller nokken ganger PÅ..) terrasen sammen med pappa. Me laga bilbane i snøen og grilla pølser på bålpanna. Dager heilt etter ein toårings hjarte. :)
...heilt til det var tid for å prøve dei nye skiene.....Me prøvde å få på han ski i fjor påske men måtte raskt gje opp. Ungen hylte som ein stukken gris! Det begynte på samme måten i år. "Vil ikkje gå på ski!!!!". Men mor og far var standhaftig og fekk dei på til slutt. Det gjekk ikkje meir enn 10 sek før han smilte og lo. Han skjønte ikkje heilt korleis han skulle gjere det og hang for det meste i armene våre medan han sklei på skiene. Men me var storfornøyd med framgangen! Etter 10min var det derimot nok og resten av hytteturen kom det eit kontant "NEI!" på spørsmålet om han ville ha dei på....Heilt til siste dagen då me skulle sette skiene i boden. DÅ var det ein som vart ivrig. "Olliver sine" Ha på ski!". Eeeeeh...okei!?-tenkte me.. Ungen var tolmodig som aldri før mens mor streva med å feste skoene på skiene. Fram med stavene, og vips! der gjekk han for egen maskin! *Stolt* No får me berre håpe at han husker til neste gang at dette faktisk var gøy...
I løpet av hytteturen kom energien min smått om senn tilbake og det gjorde og strikkegleden. Då hadde eg ikkje tatt i ein strikkepinne på eit par veker. Så no har eg har gjort ferdig MorgenGry-genseren (endelig...), men den venter på vask og strekk, så den får få plass i neste innlegg. I påvente av det og nye ferdige prosjekter tenkte eg å vise ein genser eg strikka til Olliver i høst: "Bestefargenseren", frå Nøstebarn.
Inspirasjonen kom frå den fine bloggen Hvit lykke. Syns fargene ho hadde brukt var heilt nydelege! Eg brukte New Zealand lammeull som eg bestilte her. Det minner om Nøstebarn-ull, berre til halv pris. Det kan me like... ;) Genseren er tynn og heilt super til å ha under ein tjukk vinterdress. Eg brukte pinnestørrelse 3 og med det tynne garnet følte eg det tok ein evighet å bli ferdig, men resultatet syns eg vart bra så då får det våge seg at det tar litt tid... ;)
Til slutt ein liten fargeklatt og sikkert vårtegn. På søndag hadde me besøk av forelderene til Rayner og dei hadde med seg ein nydelig bukett med tulipaner. Elsker å få blomster! Sjelden eg kjem på å kjøpe det sjølv.. ;) No gleder eg meg skikkelig til lysere tider, vår og sommer!!!
Ein anna grunn til bloggpausen er at me reiste på hytta på fjellet forrige veke. Eg var fortsatt slapp etter influensaen og ute av jobb. Min kjære er lærer, så han hadde vinterferie. Utruleg godt med eit stoveskifte etter å ha lagt å stirra i det samme taket i over ei veke!
Me var veldig heldige med veret, sol frå blå himmel i 4 dager. Gjett om det vart soling i hytteveggen! Sårt tiltrengt energi!! :) Olliver kosa seg med å måke snø av (eller nokken ganger PÅ..) terrasen sammen med pappa. Me laga bilbane i snøen og grilla pølser på bålpanna. Dager heilt etter ein toårings hjarte. :)
Til slutt ein liten fargeklatt og sikkert vårtegn. På søndag hadde me besøk av forelderene til Rayner og dei hadde med seg ein nydelig bukett med tulipaner. Elsker å få blomster! Sjelden eg kjem på å kjøpe det sjølv.. ;) No gleder eg meg skikkelig til lysere tider, vår og sommer!!!
Ha ein strålende dag!
lørdag 29. desember 2012
Romjulsaktiviteter
Jul og romjul har bestått av ein del jobbing for min del, men dagene eg har fri eller skal på seinvakt har blitt nytta fullt ut! Det såg lenge ut til at me ikkje skulle få noko snø i jula, men 2.juledag på kvelden lava det ned. Gleda var stor når lillegutt såg at det var kvitt ute. Så då var det berre til å kle seg og komme seg ut. Han var ikkje så interessert i det nye akebrettet han fekk til jul, men det var stas å lage snøballer og snømann. Utruleg nok fins det no "snømannpakker" ein kan kjøpe. Dei inneheldt hatt, skjerf, knappeauger, pipe og gulrot i stoff. Dette har bror min fått med seg og sjølvsagt handla inn. Gjorde seg godt på den flotte snømannen! :)
Utebilene, bøtter og spader vart òg henta fram, så terrassen vart fort omgjort til bilbane. Og mens Olliver kjørte med bilene laga eg og niesa mi den klassiske snølykta. Når det var tid for meg å reise på seinvakt nekta lillegutt å bli med inn. Han skulle vere UTE! Er ikkje så vekdig ofte me har snø, så eg forstår han godt. Heldigvis var besten klar til innsats og var ute med han ei lita stund til... ;)
Bror min og Rayner har gjort ein innsats for neste års vedforsyning. Utanfor mamma og pappa har det vokst opp ein haug av små tre dei siste åra, så no var det på tide med ei opprydning. Greit med litt fysisk aktivitet etter all den gode julematen! ;)
Snøen varte desverre ikkje så lenge denne gangen heller, så medan regnet auser ned ute har me kost oss inne. Olliver fekk ei stor bøtte med plastelina og diverse figurer av kompisen sin til jul, så i dag var det tid for å åpne den. Slanger er ein hit for tida, så det vart laga slanger i alle lengder og fasonger. Han syns det er så gøy å gå rundt å "skremme" oss med dei: "ssssssssss" komme ta deg!!! ;)
Når Olleboll har lagt seg for kvelden er det tid for spel og avslapping. Det siste året er det "Dominion" som har stått høgast i kurs her i familien. Spelet består kun av ulike typer kort, ingen brikker eller terninger. Det som er så gøy er at du kan endre spelet frå gang til gang alt etter kva kortbunker du velger å ta med. Litt vanskelig å forklare, men har du ikkje prøvd det så kan eg absolutt anbefale det! :) Niesa mi på 11 er ein skikkelig racer, så det passer dei fleste aldre.
Til slutt må eg berre ta med et bilde av boka eg fekk av venninna mi til jul. Denne boka er stappa med inspirerende prosjekter! Det eg liker spesielt godt er at ein ikkje treng å handle inn mykje dyrt utstyr. Her er det fokus på gjenbruk og det er enkle prosjekt som ikkje tar så lang tid. Forfatteren har henta inspirasjon frå diverse blogger som ho refererer til i boka. Blir nok ein del blogglesing framover.... ;)
Gleder meg veldig til å ta fatt på nye spennende prosjekt i 2013!! :)
Ha ein fortsatt fin lørdagskveld! Her er det snart tid for heimelaga pizza! ;)
mandag 17. desember 2012
Verdens beste....
...mann kom heim med denne nydelige rosebuketten i dag!! Heilt uten anledning, berre fordi han hadde lyst!
Må vel egentlig kalle meg litt bortskjemt på dette området. Han er utruleg flink til å komme heim med blomster. Han liker òg å overraske med opplevelser og hotellovernattinger. Ein mann heilt etter min smak! ;)
På 30-årsdagen hadde han bestilt You and Me-opphold på eit hotell i Bergen. Rommet var pynta med roser og roseblad, og trur du ikkje han gjekk ned på kne! Han har i fleire år sagt at "kvifor må me gifte oss? Har det jo så fint som me har det!". Så du kan tru eg vart overraska. Etter frieriet bar det ut på tapasrestaurant der bestevenninna mi og samboaren venta på oss. Dei hadde visst om alt sammen i eit par mnd. Godt gjort å halde det skjult så lenge! Eg ante hvertfall ingenting! ;)
Min kjære vert vel kanskje litt flau når han les dette, men han fortjener virkelig litt skryt! Han veit å sprite opp kvardagen og oppmuntre meg når eg har dårlege dager!
Verdens beste.... :)
fredag 14. desember 2012
Ein tur på biblioteket...
Det er mange år sia eg satte mine føtter i eit bibliotek. Trur nesten eg må tilbake til studietida, som vart avslutta for 8 år sidan! Men no har eg oppdaga det på nytt! Eg les sjelden bøker to ganger, så kva er egentlig vitsen med å fylle huset med bøker når du kan låne, lese og levere tilbake!? :) Billig og enkelt!
Her i huset går det mykje i Elias for tida (eller "Isjas" som tantebarna mine likte å kalle han...). Om han hadde fått lov kunne han sett på Elias-filmene i timesvis. "En til? en til?" Han liker og at me les bøkene til han. Han har foreløpig ingen bøker eller DVD-er sjølv, men han syns det er stas å få gå på biblioteket å hente med seg det han vil. Ikkje like stas å levere det tilbake, men får tru han lærer det etterkvart... ;) I dag reiste eg aleine og kom heim med desse to bøkene og ein DVD. Så no er helgekosen i boks.
I måro får Olliver overnattingsbesøk av kompisen som snart er 2 år. Dei leiker veldig godt saman til tross for at dei er så små. Veldig koselig med tanke på at me foreldre er gode venner frå før!
Dei er begge tidlig oppe om dagene, så då tenker eg det blir godt å kunne sette på film så mor kan slappe litt av på sofaen. Er ikkje så veldig våken kl 06 på ein fridag... ;)
No er det snart klart for kveldskos med "Alene hjemme 1" på TV-en. Blir aldri lei dei gode gamle filmene....
Ha ein fin fredag! :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)




1.jpg)
2.jpg)