onsdag 4. september 2013

Monsterbukse

 
Det begynner å gå lovleg lang tid mellom blogginnleggene mine! Det betyr ikkje at strikkepinnene har fått kvile, tvert imot. Eg har eit par barselprosjekt som er ferdig strikka, men ikkje gitt vekk enda, så dei må eg vente med å legge ut. I tillegg er genseren til meg sjølv så å sei ferdig. Mangler berre knapper og litt smådetaljer som eg ikkje har klart å bestemme meg for... Så fleire strikkeinnlegg kjem snart! ;)
Ein anna årsak ser du på bildet under. Då me var på Mallorca i sommar gjekk eg tom for lesestoff. Veninna mi hadde med fleire av desse bøkene, så då tenkte eg at eg like godt kunne begynne å lese dei. Problemet er berre at det er heile 55 bøker i serien, og sjølv om det går an å lese ei bok på ein dag så tar det tid - dyrbar STRIKKETID! Eg har så langt komme til bok nr 16, så eg trur eg har nok lesestoff til resten av høsten!! ...men litt strikking skal snikast inn... :)
 
 
 
 
I mellomtida får eg vise litt av det eg har strikka tidlegare...
Høsten for to år sidan vart denne monsterbuksa til. Inspirasjonen kom frå tanta mi som hadde strikka til barnebarnet sitt. Så eg tråla nettet på jakt etter det "perfekte monsteret". Valget fall på denne grønne dragen. Dette var mitt aller første maskestingprosjekt og resultatet vart vel deretter... Men Olliver var storfornøyd med den nye buksa! Den var heilt super til kalde dager i barnehagen. Dessverre laga eg den litt kort, så det var ikkje så lenge han fekk glede seg over den. Eg tenkte fleire ganger at eg skulle rekke opp igjen vrangborden på foten for så å lage den lenger, men du veit - det var dei planene då... ;p
 
 


Buksa er eit supert restegarnprosjekt laga i diverse babyull. Oppskrifta på buksa fann eg på nettet, utan at eg heilt husker kor... Men eg skal så absolutt lage fleire!!


 
 
...og så må eg berre få med - I går var eg så heldig at eg fekk gå og forsyne meg med plommer frå treet til eit vennepar. Heile 5kg vart med heim i posen. Så no er frysen fyllt med deilig plommesyltetøy som me skal nyte utover høsten. Er så utruleg godt med heimelaga syltetøy!!




Når eg likevel måtte stå på kjøkkenet og passe på syltetøyet vart det jammen meg til eit par rundstykker òg. Så i går kveld vart det deilig kveldsmat, for ikkje å snakke om dagens lunsj som no skal inntas... ;)






Ha ein super dag!!

1 kommentar:

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)