tirsdag 15. januar 2013

Ein ufrivillig handarbeidspause.....

Etter 1 1/2 veke med ein (nok ein gang) oppblussende bihulebetennelse og langvarig omgangssjuke begynner endeleg kroppen å komme tilbake til normalen. Det høyrer jo liksom med til vintersesongen at ein skal ha eit par runder med virus og bakterier, men det er alltid like kjedelig! Sofaen har vore ein god venn, noko som desverre har resultert i stive skuldre og nakke. Av den grunn har strikketøy og andre handarbeidsplaner blitt lagt til sides. No har eg endeleg overskudd til å komme meg på yoga, så då satser eg på at muskleneknutene slepp taket og at armene er klare til innsats! :)
 
Inspirasjon har derimot ikkje vore mangelvare under mi tid som sofagris. Når hodepine og svimmelhet har tatt seg ein pause har eg fått surfa rundt på nettet på jakt etter nye prosjekt. Så her er litt av mine planer framover. :)
 
Eg har lenge hatt lyst til å strikke noko til meg sjølv, men eg har ein tendens til å bli lei store prosjekt... Det har derfor stort sett blitt strikka små baby/barneplagg. No er eg derimot klar til å prøve! Planen er å strikke ein genser. Oppskrifta er opprinneleg frå Pickles, men eg falt veldig for G-Anette sin smale versjon som du kan finne på bloggen hennas her. Genseren blir strikka med pinnestørrelse 6, så håpet er at det skal gå fort! ;) Fargevalget falt på sjøgrønn, har skikkelig dilla på den fargen for tida! Er jo ikkje alltid fargen er like fin i virkeligheten som på bilder, men eg er strålende fornøyd. Eg lurer på å strikke vrangrundene med kvitt, men får sjå det litt an underveis.
 
Eg har òg bestil eit nytt oppskriftshefte "All you knit is love". Dette fann eg på Pinnsvin Design. Oppskriftene er frå 0-18mnd, men dei er forholdsvis enkle så eg trur ikkje det blir problem å evt lage litt større størrelser på eigenhand. Det var ikkje mogleg å sjå bilder av oppskriftene i nettbutikken, men eg tok ein sjanse på at dei var bra. Syns uansett at jakken på framsida var så søt. Angrer ikkje på kjøpet! ;)
 
 
 
 
Eg har lenge tenkt at eg ville prøve meg på å SY. Eg sydde kler til dukkene mine då eg var liten, men etter det har det vore lite. Berre enkle ting som å legge opp gardiner etc...Før jul var eg på ei julemesse der dei solgte tøffe huer til dei små. Eg falt veldig for hua med apemotivet, men desverre hadde dei den ikkje i rette størrelsen til lille Olleboll. Så kva er vel bedre enn å rett og slett lage ei hue sjølv? Stoffet fann eg på Stoff og Stil for eit par veker sidan. Eg var superklar for å sette i gang. Lånte symaskin av mamma og fann oppskrift på nett. Men så innhenta bakteriene meg og lysten forsvant... :p Men NO er eg snart klar! :)
 
 

 
 
Kva planer og prosjekter har du for tida? :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)