tirsdag 19. mars 2013

Morgenstrikk

 
...eller hekling får me vel kanskje sei...
Som i dei fleste andre barnefamilier starter dagen tiiidleg på morgonen her i huset. I dag våkna Olleboll litt over kl 06 og sidan eg hadde fri frå jobb stod eg opp med han. Då får me oss ei kosestund før pappa står opp og tar han med seg i barnehagen. :) Kl 07.30 var gutta komme seg ut av huset og normalt sett hadde eg slengt meg på sofaen og fått meg litt ekstra søvn. Men trøttheten velter liksom ikkje innover meg når sola titter inn vinduet.
Er så utrulig deilig med lysere tider!!!
Så då vart eg sittende og surfe rundt på nettet. Turen gjekk innom strikkeblogger (sjølvsagt..!), kor eg fann dette "Bad Hairday"-pannebåndet som er laga av dama bak min-design-strikk. Syns det såg så tøft ut, og sjølv om eg har 1 million andre ting å gjere på så berre måtte eg.....
 
 
 
 
 
Eg rota rundt i garnlageret mitt på jakt etter bomullsgarn, men det var ikkje akkurat mengder av det i samlingen.. Så då vart det ein knæsj rosa farge...jadda... Må man så må man! Båndet var ferdig hekla på under to timer. Supergøy med raske, enkle prosjekt! Må vel kanskje innrømme at fargen ikkje var heilt kledelig på ein bleik vinterhud. Og skal eg vere heilt ærlig så er eg ikkje så veldig komfortabel med pannebånd. Men, men..kanskje nokon andre har lyst på det? Det satt hvertfall veldig godt på hovudet og ein liten merkelapp gjorde susen! ;) Kanskje eg vil bli meir fornøgd med ein anna farge? Me får sjå..
 
 
Når eg først er inne på merkelapper...sjå kva som kom i posten i går:
 

 
 
 
Eg bestilte meg nokre merkelapper i fjor, men var ikkje heilt fornøgd med fargene. Så forrige veke bestilte eg meg litt fleire. Syns ofte det er prikken over I'en med ein merkelapp på ferdige produkt. :) Merkelappene er bestilt gjennom denne sida.
 
 
Til slutt må eg berre ta med eit par bilder som viser korleis det ser ut etter ein dag med diverse håndarbeid og lite husarbeid.... Nokon som kjenner seg igjen? Her er det eit evig sammensurium av tråder, garnnøster og rester, nåler og strikkepinner. Innimellom alt kan du finne bøker og papir, leiker, kopper og fat og ikkje minst litt hybelkaniner... Jaja,"i morgon i morgon....."
 

 
 
 
Oppskrift: min-design-strikk
Garn: To tråder med Baby bomull frå Spar Kjøp
Garnmengde: ca 40g (litt dårlig vekt..)
Heklenål: nr 4

2 kommentarer:

  1. Så fint! Og rosa kler du vel :-) Bleik hud har vi alle og det samme med rot. Eller for min del har eg stova full i kasser frå IKEA. Brukt pengar no igjen...

    SvarSlett
  2. hei!
    stilig med knall rosa hårband og takk for at du deler linken min :)


    artig med slike navnelapper ;)

    hilsen arnhild

    SvarSlett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)