torsdag 7. mars 2013

Ny interiørbutikk på øya...

....og det går ikkje upåakta hen. Eg kan vel ikkje sei at me er bortskjemt med butikker her, så når det åpner noko nytt stiller mange opp! Eg var ein av dei og må sei meg godt fornøgd med utvalget. Småinteriør, kler, kaffi, drops og sjokolader. Treng ei jente noko meir i ein og samme butikk? (bortsett frå garn då...) ;)
Det som vart med heim frå butikken var dette:

Ei tøff ramme i mørkt tre. I mitt ellers så kvite hus trur eg denne kan "live opp" litt. Eg er veldig glad i rammer, men desverre ikkje så flink til å fylle dei med bilder, så det heng fleire tomme rundtom i huset. Me får sjå om ikkje det kan komme noko i denne....Stilig og dekorativ var den iallefall, mulig det vert kjøpt fleire! :) Vasen som fekk vere med på bildet er eit funn frå den lokale bruktbutikken, som desverre vart lagt ned i fjor.


 
 
 
Det andre eg kjøpte var desse søte lysholderene. Kjem kanskje ikkje så godt fram på bildet, men dei gjer eit skikkelg fint og koselegt lys. Me heldt på med ein liten minioppussing av tv-stova, så desse skal få plass der når den er ferdig!
 



Snille mammen min var òg ein tur i butikken og kjøpte dette koselege skiltet til meg. :)


 
 
Om du bur i nærheten og er glad i interiør anbefaler eg virkelig ein tur til butikken
"HOS MORMOR". Veldig mykje fint! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)