torsdag 5. november 2015

Krone og langlue

Då me fekk vite at det var nok ein liten gutt som hadde slått rot i magen begynte eg raskt planleggingen av nye strikkeprosjekter. Noko av det første eg strikka var krone og langlue som eg ville bruke til nyfødtfotografering.


Eg hadde funne ei krone som eg likte godt, men denne fann eg aldri oppskrift på. Så då vart det egen oppskrift fritt etter et bilde eg hadde sett på nettet. Det vart litt prøving og feiling, men etter to hekla kroner vart eg fornøyd. 


Langlua fann eg oppskrift på i den fine boka "Strikk til smårollinger" (Gustav & Berta). Denne likte eg så godt at eg gjerne kunne tenke meg å lage den i rødt til begge gutta til jul, men det var den tida då... Ein har jo som kjent "allverdens med tid" når ein er i permisjon, men eg må ærlig innrømme at eg syns dagene suser avgårde uten at eg får gjort noko særleg. Og med den eviglange strikkelista er det rett og slett vanskeleg å bestemme seg for kva eit prosjekt som skal prioriterast! Eit luksusproblem som kun strikkere forstår seg på... ;p



Strikkefakta:
Oppskrift krone: henta inspirasjon frå denne sida
Garn: ein liten rest babyull
Garnmengde: 12g

Oppskrift langlue: Gustav & berta "Strikk til smårollinger"
Garn: diverse alpakka
Garnmengde: 41g


torsdag 22. oktober 2015

Kjole til meg sjølv

I fjor høst bestemte eg meg for å strikke ein kjole til meg sjølv. Eg hadde ein viss formeining om korleis eg ville ha den og søkte lenge rundt etter den rette oppskrifta. I tillegg liker eg best dei oppskriftene der plagget blir strikka ovenfra og ned, noko som gjer det mykje enklare å tilpasse plagget til egen figur. Å finne den perfekte oppskrifta skulle vise seg å bli vanskelig, så då endte eg heller opp med å strikke kjolen etter eige hovud (med inspirasjon frå fleire ulike oppskrifter). Det vart litt prøving og feiling undervegs, men eg vart veldig fornøyd med sluttresultatet. Målet var å bli ferdig til jul, og kl 23.00 litle julafta var den endeleg klar!


Kjolen har perlestrikk i halsen, midjen og nederst. I utgangspunktet hadde eg tenkt å ha halvlange armer, også her med perlekant, men då eg prøvde kjolen undervegs fann eg ut at eg var vel så fornøgd med ein kortere versjon og rullekant. Kan fort bli litt varmt med ein heil kjole i ull... ;)




Eg fekk ikkje brukt kjolen så altfor mange månedene før magen vart litt for stor. Og med ein liten ein som eg no ammer er den veldig lite praktisk. Forhåpentligvis vil eg fortsatt bruke den om nokre månader når det roer seg med ammingen... ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Egen
Garn: DROPS Alpacka
Garnmengde: 290g
Pinnenr: 2 og 3



torsdag 27. august 2015

Ventetida er over...

9 lange månader er endeleg over og 18/8 kom nydlegaste lillebror til verda. Vesle O er superstolt storebror og me føler oss så utruleg takknemlige og glade for å få oppleve dette store mirakelet nok ein gang. No prøver me å nyte kvart eit sekund med vårt nye familiemedlem, for me veit at tida går så altfor fort.

Då lillebror var ei veke gamal tok eg fram kameraet for å knipse litt nyfødtbilder. Her er han avbilda med eit av mange strikkaplagg som har blitt ferdigstilt dei siste månadene. Dette er den populære Kjappstrikkadrakta frå Paelas og som navnet sei så var den virkelig kjappstrikka (når eg berre fulgte med i oppskrifta). Då den var ferdig syns eg den såg litt liten ut og tenkte at den aldri ville passe. Men det viste seg at eg berre har gløymd kor små desse nyfødte er, for denne ser ut til å kunne passe i eit par månader enda. ;)



Strikkefakta
Oppskrift: Paelas
Garn: DROPS Merino Extra Fine
Garnmengde: 70g
Pinnenr: 4

tirsdag 2. juni 2015

Imogen Cowl

Eg har lenge hatt lyst til å lage eit sjal til meg sjølv. Problemet var berre å finne den rette oppskrifta... Etter fleire søk både på Ravelry, Pinterest, Instagram og fleire andre medier fann eg endeleg det eg leita etter. Garnet var forlengst kjøpt inn, så då var det berre til å hive seg rundt! Heldigvis gjekk det kjapt å komme inn i mønsteret, så etter eit par omganger gjekk det av seg sjølv. Og med tjukke pinner og tjukt garn gjekk det overraskande fort!



Eg vart godt førnøgd med resultatet, sjalet vart akkurat passe stort, passe tjukt og deilig mjukt. Med andre ord har det blitt mykje brukt gjennom høsten og vinteren (og den kalde våren...). ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Ravelry
Garn: DROPS Cotton merino
Garnmengde: 185g
Pinnenr: 4

Lillestakken kjole


Eit nytt "gløymd prosjekt" skal i dag få litt omtale. Denne kjolen strikka eg lenge før eg sjølv fekk barn. Eg hadde vel egentlig ikkje nokon å strikke den til, syns berre den var så nydeleg. Opp gjennom årene har det komme mange jenter til verda, men av ein eller anna grunn har den blitt liggandes i gavekassen. Det er vel noko med at det alltid kjem nye fine oppskrifter som ein har lyst å prøve seg på.... ;) Heldigvis er den nokså tidlaus og i ein farge som sjeldan går av moten, så ein vakker dag skal nok ei lita jente få pynte seg med den. 



Strikkefakta
Oppskrift: frå boka Myk Start
Størrelse: 4-8mnd
Garn: Alpacka (Veit ikkje kva for eit merke)
Garnmengde: 85g
Pinnenr: 2,5 og 3

Ønsker deg ein fin dag i regnveret! ;)


onsdag 20. mai 2015

Nordic summershorts

Årets påskestrikk var denne shortsen frå flinke ministrikk. No var det lenge sidan eg hadde strikka fleirfarga mønster, så dette var både eit gøyt og raskt prosjekt! Eg er av dei som strikker litt stramt, noko som kan vere ein utfordring når ein strikker med fleire farger, så eg brukte litt tid på å finne ein teknikk som gjorde at ikkje mønsteret vart strikka for stramt. Har du gode tips i forhold til dette?



Shortsen er strikka til ein gutt som er venta i august. Den er strikka i ca str 1 år, så det blir ei stund til den kan takast i bruk. Får berre håpe at det fortsatt er "in" med strikkeshortser neste år òg... ;)

Strikkefakta
Oppskrift: ministrikk
Garn: Tynn Alpakka frå Du store alpakka
Garnmengde: ca 40g grå og 10g kvit
Pinner: 2,5 og 3
 

Ha ein fortsatt fin kveld!

tirsdag 5. mai 2015

Sauepute

Denne saueputen fann eg på Ravelry for eit par år sidan og tenkte at den ville vere perfekt til O sitt rom. Då Coop hadde tilbud på Naturgarn soft slo eg til og starta på puten. Dette er no sånn ca 1 1/2 år sidan og dermed eitt av dei 'gløymde prosjektene' mine som no endeleg ser dagens lys på bloggen.



O stod og trippa ved sidan av meg dei siste dagene, "e den ferdig nooo då mamma??". Så eg kan trygt sei at han var fornøgd med mors siste strikkeprosjekt. Sidan då har puten hatt fast plass i senga (saman med alle dei andre 100 kosedyrene...).
Må sei at det var veldig gøy å strikke noko anna enn klesplagg til ein forandring. Og sjølv om den er stor gjekk det overraskande fort å strikke den. Puten inni er sydd til av ei gamal babydyne. Eg ser i ettertid at eg godt kunne hatt ein litt tjukkere pute, då den har blitt litt "slapp i fisken". Men O er like glad i den enda, så då får mor vere fornøgd.

Strikkefakta
Oppskrift: Ravelry
Garn: Naturgarn soft. Babyull til hovud og føtter


Ha ein fin dag! :)

mandag 27. april 2015

Gløymde prosjekter...

Etter å ha kikka litt i bildearkivet og i gavestrikkekassen innser eg at bloggen har vore forsømt det siste året. No tenker eg det er på tide å ta igjen det tapte og la strikkeprosjektene få blogginnlegget dei fortjener... ;) Først ut er rumperen frå "Strikk til smårollinger". Denne strikka eg til fadderbarnet vårt som kom til verden i juni i fjor.


Rumperen er strikka i DROPS sin Baby Alpacka silk og er deilig mjuk. Dette er eit garn eg har blitt meir og meir glad i det siste året. "Dessverre" så kjem blant andre dette garnet på tilbud på DROPS 1.mai og eg kjenner at lovnaden eg gav meg sjølv om å ha innkjøpsstopp sakte men sikkert svinn ut i sanden... Akk ja...ein strikkers lille luksusproblem...




Strikkefakta:
Oppskrift: Strikk til smårollinger
Størrelse: 4-6mnd (men vart nok litt mindre)
Garn: DROPS Baby Alpacka Silk


Slit du med å holde deg til innkjøpsstopp? 

tirsdag 14. april 2015

Ny FWSS-kopi

Til jul fekk svigerinna mi den originale FWSS-hua i mørk blå. Ho kunne i tillegg tenke seg ein i grått, så då såg eg mitt snitt til å få ei ny hue på pinnene. I midten av mars hadde ho bursdag så då passa det veldig bra å gi hua. I tillegg til hua fekk ho ei pakke med verdens beste sjokolade!! Har du smakt denne? Visst ikkje kan eg berre sei: løp og kjøp!! Den er heldigvis ganske mektig, så ein klarer ikkje å hive i seg for mykje om gangen. Det kan jo vere greit for ein sjokoladeoverspiser som meg... ;)


Desse huene er utruleg raske og enkle å strikke og eg trur snart at eg må få ei på pinnenen til meg sjølv. Men så var det den eviglange strikkelista då.....


Strikkefakta
Oppskrift: Ravelry
Garn: Tynn Alpakka frå Du store alpakka
Garnmengde: 40g
Pinnestr: 3,0



torsdag 9. april 2015

Solskinnsdrakt

I desember kom ei nydelig lita jente til verden, og som vanleg klirra det i strikkepinnenen her i huset. Denne gangen fall valget på Solskinnsdrakta frå Paelas. Eg har allerede strikka 3 av deira oppskrifter og må nok ein gang sei at eg berre elsker deira design.
Eg har sett fleire versjoner av denne drakta strikka i to farger, så etter ein djupdykk i garnlageret fall valget på kvitt og blått. Jenter er greie sånn, passer like godt med blått som med rosa. Då er det litt verre med gutta.... ;p




Strikkefakta
Oppskrift: Paelas
Garn: DROPS Alpaca
Størrelse: ca 6mnd


Ønsker deg ein finfin dag!

tirsdag 7. april 2015

Sitteunderlag

Så var påsken over og kvardagen i gang igjen. Det har vore ein deilig påske med både hytteferie og heimekos, heilt etter min smak. Eit par prosjekter er påbegynt i påsken men ikkje heilt ferdigstilte, så dei får vente med å komme på bloggen. Derimot fann eg fram igjen sitteunderlaget frå i fjor, som enda ikkje har fått sin hederlige omtale her inne.


Sitteunderlaget er strikka i ein blanding av Naturgarn og dobbeltråd tynt tovegarn. Super måte å prøve å få bukt med det til stadig veksande garnlageret! Eg husker ikkje heilt verken pinnestørrelse eller kva for ei oppskrift eg brukte. Må visst lære meg å skrive ned etterkvart... ;)


Håper du har hatt ein fin påske!

onsdag 25. mars 2015

Barselgåve til ein liten gutt

Romperen frå Den store guttestrikkeboka er ein av mange prosjekt eg endeleg kan krysse av strikkelista mi. I januar fekk venninna mi ein nydeleg liten gutt og denne romperen vart eit sjølvskreve prosjekt.
Romperen er egentlig strikka i to deler, framme og bak, men etter å ha lest om lykkeplagg sin versjon av oppskrifta fann eg ut at eg ville prøve det samme, nemlig å strikke den rundt. Eg er lite glad i alt som heiter montering så dette var heilt supert! Selene syns eg var i overkant lange, spesielt sidan det er god stretch i garnet. Så eg valgte å strikke dei 1,5cm kortere. Dei er fortsatt litt lang, men då skulle i alle fall romperen holde ei lita stund framover.





Strikkefakta
Oppskrift: Den Store Guttestrikkeboka
Størrelse: 6mnd (men er nok litt mindre..)
Garn: DROPS baby alpaca silk
Pinne nr: 3 og 3,5
Garnmengde: 60g



Ønsker deg ein fin dag! :)

onsdag 18. februar 2015

DIY oksedrakt til lille O

Forrige veke var det klart for den store utkledningsdagen i barnehagen. Men istadenfor det vanlege karnevalet var det temafest. Heile dette barnehageåret har dei hatt bondegård som tema, så derfor fall valget på LÅVEDANS! Då eg spurte Olliver kva han ville vere kom det først "Tiger"! Men etter å ha tenkt seg litt om og funne ut at det kanskje ikkje var eit gardsdyr, ville han vere okse. ;)
Eg har sett mange ulike typer hekla huer med dyremotiv og tenkte at dette måtte jo vere mulig å lage. Så då var det berre til å finne fram heklenåla og litt fantasi og vips, så vart det ei oksehue på lille O.


Litt verre var det med resten av drakta, kva skulle den lagast av? Etter ein rask titt i klesskapet fann eg ein svart kjole som aldri har vore i bruk og fortsatt hang med prislappen på... (ein av mine "den-er-jo-på-tilbud-kjøp...). Så etter å ha knota litt med symaskina vart det ei heilt ok drakt. O var i alle fall veldig fornøyd og då er mor det òg! ;)
 



Heklefakta
Garn: Baby bomull og Bomull sport frå Spar Kjøp
Heklenål: Nr 4,5 og 4



Ønsker deg ein super dag videre! :)

mandag 5. januar 2015

Votter og FWSS hue


I fjor hadde eg ingen planer om å gje vekk strikka julegåver. Rett og slett av den enkle grunn at eg ikkje hadde fått nokken ønsker og ikkje klarte å komme på noko av meg sjølv... 3 veker før jul fekk eg imidlertid melding frå niesa mi: "Hei snille tante! Kanskje litt sent å si det nå.....men jeg ønsker meg kjempemye grå votter og lue som er strikket av deg <3". *SMELT* Ein sånn melding gjer det veldig enkelt å få fart på strikkepinnene.

Etter ein kjapp surferunde på nettet fall valget på den populære FWSS-hua samt votter frå DROPS. Eg syns alltid det er like spennende om strikkegåvene fell i smak og ikkje minst om dei passer. Men heldigvis vart den veldig godt mottatt og var i bruk allerede 1.juledag. ;)


Oppskrift hue: Ravelry
Oppskrift votter: DROPS
Garn: DROPS Alpaca
Pinnestr: Nr 3 på hua og nr 4 på vottene

Ønsker deg ein finfin dag!


tirsdag 9. desember 2014

Alvevest

Enda ein Paelas.... Treng eg å sei at eg rett og slett berre elsker deira design!!? Dette er det tredje prosjektet på kort tid som har komme av pinnene og eg er superfornøyd. 


Oppskrifta var gøy og enkel å følge, men som vanleg vart det ein liten endring. Hetta skal egentlig vere ganske lang og spiss, men eg valgte å gjere den kortere og meir avrunda. Syns det var litt meir praktisk når han skal ha den under jakken, ellers er oppskrifta fulgt til punkt og prikke. ;)
I-corden er strikka for hand, noko som er utruleg kjedelig! Må snart gå til innkjøp av I-cordmaskin... Har du ei du kan anbefale?


Mottakaren er nok ein gang min gode, lille O. Og det ser ut til at den fall i smak då den har vore flittig i bruk sidan den var ferdig i oktober. O syns den var skikkelig kul med hette, så den må alltid vere på.. ;)


Dette blir nok ikkje det siste Paelas-prosjektet eg lager. Og stemmer ryktene eg har hørt kjem det ei bok iløpet av neste år. DEN skal i så fall i hus fortere enn svint!!


Oppskrift: Paelas
Garn: DROPS Alpaca
Mengde: 250g
Pinnestørrelse: 2,5 og 3
Størrelse: 4-5år


Ønsker deg ein fin dag! :)

søndag 26. oktober 2014

DIY stige

Eg har lenge hatt lyst på ein trestige til å pynte opp med heime. Det fins mange forskjellige, flotte stiger i butikkene, men då eg såg ein heimelaga stige i bladet Boligdrøm tidlegare i år var eg solgt. Etter ein telefon til pappa var materialene i boks og eit par dager seinere kom han med gamle hesjastaurer frå gården etter farmor og farfar. Dette var så langt tilbake som februar og som vanleg tok det laaaang tid før eg fekk gjort noko med det. Men i sommerferien fekk eg lysten over meg. Uheldigvis streika saga akkurat denne dagen, men takka vere gode nabovenner (med denne inspirerende bloggen) stod stigen ferdig etter ei kort arbeidsøkt.
Trinnene er skrudd fast med skruer og for å skjule desse surra eg rundt hamp.





Eg husker godt somrene eg fekk vere med på slåtten og hjelpe farmor og farfar med å få graset av og på hesene. Gode minner som gjer stigen ein ekstra verdi! :)




Ønsker deg ein riktig god søndag!

onsdag 22. oktober 2014

Simpelthenbukse

Då eg for første gang såg Simpelthenbuksa på Instagram visste eg at dette var ei bukse som berre MÅTTE på pinnene! Og dette skulle vise seg å vere enda eit raskt, gøyt og enkelt prosjekt. Elsker sånne prosjekter!! ;)


I oppskrifta er det brukt Babysilk frå Du store Alpaca, men sidan dette er eit handvaskgarn valgte eg å bytte det ut med eit litt meir slitesterkt superwashgarn. Valget fall på Sandnes sin Merinoull, eit nytt garn for min del. Dette garnet er tjukkere enn det i oppskrifta så eg var heldigvis smart nok til å lage ein prøvelapp. Eg tok til og med mål av O for å vere sikker på at eg skulle sleppe å rekke opp igjen. Så eg landa på å følge oppskrifta på str 2 år. I tillegg felte eg masker over eit lengre strekk på beina samt at eg droppa ein felling.



Eg liker veldig godt detaljene på denne buksa, med lommer og fin brettekant/snorkant oppe. Og det at den er smal i figuren gjer nok ein gang sitt til at det er enklere å ha den under regntøy og vinterdress.



Det har ikkje vore så veldig kaldt her på Vestlandet enda, men buksa har vore i bruk eit par dager og O er veldig fornøyd. Eg ser derimot at dette garnet kan ha ein tendens til å nuppe så eg er spent på å sjå korleis den ser ut etter ein lang vinter... ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Frå Paelas.com
Garn: Merinoull frå Sandnesgarn, I-cord er strikka av Alpaca frå Garnstudio
Garnmengde: 185g Merinoull og ein liten rest Alpaca
Størrelse: 2 år, som passer O på 4 1/2 år



Ha ein super dag! :)

fredag 17. oktober 2014

Bestefarstrøye og eit lite strikketips

Etter å ha kjøpt boka "Strikk til smårollinger" bestemte eg meg raskt for å strikke bestefarstrøya. Liker at den har ein smal figur, noko som er greit når ein skal ha den under både dresser og jakker (spesielt med ein gutt som ikkje liker "rukker og bulker"...) Med eit voksande garnlager fann eg ut at det kunne vere lurt å rett og slett lage genseren av restegarn. Det angrer eg ikkje på då eg fekk brukt opp mykje!




Sidan garnet eg brukte var litt tjukkere enn det som stod i oppskrifta valgte eg å legge opp til str 3 år. Dette vart heilt perfekt i forhold til O som no nærmer seg 4 1/2 år. Stripemønsteret er nokså tilfeldig og vart til undervegs. Eg ville ha samme mønster på armene som på bolen så ifølge armlengden i oppskrifta måtte eg droppe første delen for å komme i mål med mønsteret når eg skulle strikke delene sammen. Eg stussa litt på ermlengen i oppskrifta og valgte å lage den 2cm lengre. Det eg skulle gjort var jo å måle ein av genserene O har frå før, då hadde eg sett at dette vart altfor kort. Så kva gjer ein då? Begge armene var ferdig strikka og hadde eg fortsatt med nye striper ville det ikkje passe med mønsteret på bolen. Heldigvis finns det løysinger på det meste i denne hærlige strikkeverdenen. Så etter eit lite søk fann eg instruksjonsvideo på "strikke usynleg søm". Eg skal ikkje prøve meg på å forklare, men det går i alle fall ut på å dele arbeidet, strikke den eine delen lengre, for så å strikke delene saman igjen.



Vips! så var armen så lang som eg ville ha den. Og det var ingenting som kunne avsløre "juksingen". Om du har lyst til å prøve deg på dette finn du videoen her.



Genseren er tatt i bruk for lengst og O var veldig fornøgd. Er så kjekt når dei små viser glede for det mor har jobba med! :)



Strikkefakta
Oppskrift: Frå boka "Strikk til smårollinger"
Garn: Diverse babyull
Størrelse: La opp til 3 år, men passer min gutt på 4 1/2 år



Ønsker deg og dine ei riktig god helg!







mandag 13. oktober 2014

Floratopp


I juni fekk eit vennepar av oss ei nydeleg lita jente. I forrige månad fekk me spørsmål om me ville vera fadder for henne, noko me sjølvsagt ikkje sa nei til. Då eg spurte kva dåpsbarnet ønska seg kom det ganske kontant "gjerne noko heimestrikka!". *LYKKE* Då hadde eg endeleg ein unskyldning for å lage Paelas sin Floratopp som eg har sikla på sidan eg såg den på instagram for ei stund tilbake.




Eg syns mønsteret på denne toppen er så utruleg flott! Men som med dei fleste former for mønster tok det litt tid å komme inn i det og eg må sei at eg savna å ha eit diagram å gå etter. Det var veldig godt forklart korleis det skulle gjerast steg for steg, men eg syns ein kjem litt fortere inn i det dersom ein har eit diagram å gå etter og ikkje må lese lange setninger. Når det er sagt så har eg jo aldri laga ei slik oppskrift sjølv, så eg veit ikkje kor vanskeleg det kan vere... ;)



I går var den store dåpsdagen og saman med toppen fekk lillemor eit nydeleg lite kvitt hjarte. Toppen er nok litt stor enda, men det kan no vere godt å ha noko å vokse inn i. ;)




Dette er det første paelas-prosjektet mitt, men allerede er det 3. prosjektet på vei av pinnene. Med andre ord kan eg virkelig anbefale oppskriftene deira. Krysser fingrene for at det snart kjem ut ei bok! ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Kan kjøpast på Paelas
Garn: DROPS baby merino
Størrelse: 6mnd (men er nok litt større..)


Ønsker deg ein fortsatt fin dag!

torsdag 25. september 2014

Stjernetøfler


Eg har lenge tenkt på å lage tøfler som Olliver kan ha i barnehagen. Og etter at eg fann desse stilige tøflene på bloggen hvittimitthjem visste eg at eg hadde truffe blink.


I påsken starta eg på prosjektet, men eg skjønte fort at "toveverdenen" ikkje er ein verden eg trives særleg godt i. Det er utruleg vanskeleg å vite kor store ein skal strikke dei for å få rett størrelse etter toving (spesielt når ein ikkje bruker samme garn som oppskrifta..). Så det vart først laga ein prøvetøffel som overhodet ikkje passa. Men etter mykje om og men, blanding av ulike oppskrifter og søking på nettet vart eg til slutt fornøyd.



Istadenfor å bruke stoff og sy på stjerna, valgte eg å heller filte den på. Ein veldig enkel og grei måte og pynte opp tova prosjekter! 
Det å sy inn ein ribb i tøflene syns eg var heilt genialt. Då sitt tøflene mykje bedre på foten til ein aktiv 4-åring. Så no gjenstår det berre å få antiskli på, så er tøflene klare til bruk! :)

Har du forresten fått med deg at det er salg på Merinogarn på DROPS? Eg klarte nok ein gang ikkje å styre unna (sjølv om garnlageret har nådd nye høgder...), og endte opp med 14 nøster i posen. Deriblandt denne nydelige høstfargen som snart skal gjerast om til eit deilig sjal (når eg har klart å finne ei oppskrift eg er fornøgd med...). ;) Har du nokon spennandes høstprosjekt på gang?


 


Ha ein fortsatt fin fin dag!