mandag 8. april 2013

Babyteppe

 
Dette er egentlig litt gamalt nytt, men tenkte eg kunne vise det i påvente av nye ferdige prosjekt. Eller rettere sagt, at dei ferdige prosjektene er gitt vekk. Litt dumt å vise før mottakeren har fått dei... ;)
 
Teppet er nok eit babyprosjekt eg fall pladask for før Olliver var påtenkt.Syns mønsteret var skikkelig lekkert så eg berre måtte! Eg var forholdsvis ny i strikkegamet så litt ambisiøst var det nok. Eg kan vel trygt sei at det vart MYKJE frustrasjoner undervegs, og eg klaga min nød til mamma fleire ganger om at oppskrifta ikkje kunne stemme. Viktig å ha noko å skylde på... ;)
Men mønsteret var heilt riktig og etter eit par hjerter var eg komme godt inn i det.
 
 
 
 
 
Eg gleda meg stort til å begynne å bruke det då Olliver var eit faktum, men det har faktisk ikkje vore i bruk ein einaste dag. Kun lagt til pynt på rommet hans. Tåpelig? Grunnen er enkel: mamma kom med eit deilig, stort nøstebarnteppe då han var fødd! Etter dette har han blitt tulla inn i teppet hennas til alle døgnets timer. Jaja...kanskje nestemann kan få gleda av å bruke det? Fint er det iallefall! ;)
 

 
 
Har du strikkeprosjekter som aldri har vore i bruk?
 
 
Til slutt, nok eit blomsterbukett-bilde... I helga hadde eg bursdag og det vart feira med middag og kinodate med min kjære på lørdag. I går var det familiebesøk og då kom foreldrene til Rayner med denne flotte rosebuketten! Dei gjorde seg i den fine vasen eg kjøpte frå Casa Interiør tidlegare i år.
 
Årets presanger bestod av penger. Og gjett kva dei skal brukast til!? SYMASKIN! Jepp, eg vart litt hekta etter eit par sykvelder, så no håper eg at interessa heldt seg. Kva eg har laga kjem eg tilbake til. Har ikkje fått tatt bilder enda.. :)
 
 
 
 
 
Oppskrift teppe: Sandnes Garn (Hefte nr 0514)
Garn: Lanett naturkvit
Garnmengde: ...kan eg ikkje huske, men ifølge oppskrifta 200g
Pinnestr: 2 og 2,5
 
 
Ha ein super kveld videre!

2 kommentarer:

  1. Eg har strikka ein dress for mange år sidan som aldri har vore i bruk. Upraktisk rett og slett. Nydelege blomar. Og symaskin er ikkje dumt. Kjekt med alt ein kan lage :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe...godt at det er fleire. Alle dei timane med strikking bortkasta! Jaja... ;) Symaskina vart bestilt på tirsdag, så har eit håp om at den kjem før helga. Klør i fingrene!! :)

      Slett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)