tirsdag 18. mars 2014

40-årsgåve #1


Tidlegare denne månaden fylte min eldste bror 40 år. Han ønska seg i hovedsak penger til bursdagen, men som strikkefantast er det jo umulig å unngå å lage ein liten ting... I påsken i fjor såg han nokon som hadde på seg den populære Kvikk Lunsj-hua og han fekk sjølv lyst på ei. Eg sa ikkje noko då, men tenkte at dette må eg legge meg på minnet. Planen var å strikke den til jul, men planer har ein tendens til å bli utsatt så då vart det til bursdagen istadenfor. Egentlig veldig passande no rett før påske...




Bror min bur eit stykke unna resten av familien, så dagen før dagen reiste eg, mamma og pappa på overraskelsesbesøk. Svigerinna mi hadde holdt godt på hemmeligheten så han var stor i augene då me plutselig stod på døra. ELSKER å overraske folk på den måten. Ansiktsuttrykkene og gleden er berre ubetalelig!



Sjølv om bursdagsbarnet ikkje er ein stor "huebruker" såg det ut til at denne falt i smak. Så no gjenstår det berre å sjå om den vert brukt på påskefjellet om ein månad... ;)

Oppskrifta på hua henta eg frå Ravelry. Eg brukte samme garn som i oppskrifta, men eg syns den vart i overkant stor. Ved å gå ned ein heil pinnestørrelse vart hua perfekt i størrelsen. :)

Strikkefakta

Oppskrift: Ravelry
Garn: Gjestal Safir (Østlandsgarn)
Pinnenr: 3

tirsdag 11. mars 2014

Drømmen om kvalme og bekkenløsning...

Ja du lurer kanskje på kva denne overskrifta gjer inne på ein handarbeidsblogg? I dagens samfunn er det heldigvis lov og ikkje  minst akseptert å vere åpen om problemer som ein har. Dette gjer at andre i samme situasjon ikkje treng å føle seg så aleine. Derfor velger eg å fortelle vår lille historie om veien til å bli foreldre.


I 2007 følte eg og min kjære at me var klare til å stifte familie. Me var begge 25år, ferdig utdanna, med jobb og egen leilighet. Timingen var perfekt. Den positive graviditetstesten lot imidlertid vente på seg, noko som for så vidt ikkje er heilt unormalt. Etter eitt år valgte me likevel å ta turen til lege for ein liten sjekk. Han var ikkje vanskelig å be og me fekk full utredning. Det vart ikkje funne noko gale hjå nokon av oss, noko som sjølvsagt var veldig godt men samtidig veldig frustrerande. I påvente av prøverørsforsøk vart eg satt på hormoner, men heller ikkje dette hjalp.
Hausten 2009 var IVF-karusellen i gang. Eg hadde ikkje dei aller største forventningane sidan dette var første forsøk, men jammen meg satt vår lille spire. 9 mnd seinare kom nydelege Olliver til verden, frisk og fin. Gleden var enorm og det føltes som å vinne i lotto!


Eitt år seinare tenkte me at det var på tide å starte opp igjen. Me visste jo at ting kunne ta litt tid så det var berre til å "hive seg rundt". ;p Og tenk, på første forsøk, heilt på eigenhand satt spiren. Gleden vart imidlertid kortvarig. 10 veker på vei, på sjølvaste julafta 2011 var spontanaborten eit faktum. Me vart veldig skuffa, men tenkte samtidig at dette er sånt som skjer. "Alle" kvinner opplever jo ein spontanabort iløpet av livet. Så til tross for at eg hadde vore kvalm og tatt av fleire kilo under den korte graviditeten begynte eg i full jobb igjen etter ei veke. Eg døyva skuffelsen med å begynne å trene hardt, noko som sjølvsagt ikkje var særleg smart med ein kropp utan energi og overskudd... Eit par månader seinare traff eg den berømte veggen og angst vart ein del av min kvardag. Takka vere ein fantastisk samboer, gode venner og familie og ikkje minst ein forståelsesfull lege kom eg meg heldigvis raskt på beina igjen.


Eit halvt år etter første spontanabort lyste nok ein graviditetstest positivt mot oss. LYKKE! Men igjen skulle gleden vere kortvarig. 8 veker ut i svangerskapet endte graviditeten i ein ny spontanabort. Mange kan nok seie at dette er så tidlig at det ikkje betyr noko, men for meg var det heilt pyton. Planleggingen, drømmene og gleden starter ganske raskt etter ein positiv test, i alle fall for min del sjølv om ein kjenner til risikoen. Dessverre hadde eg ikkje lært særleg mykje etter første gangen, så eg var tilbake i full jobb 4 dager seinere. Sidan eg jobber turnus innebar den veka 6 arbeidsdager, så når søndagen kom og eg var så sliten og kvalm at eg nesten ikkje klarte å ete forsto eg at det var på tide å roe tempoet. Blodprosent og jernlager var på eit bunnivå. Etter dette var eg sjuk i 3 måneder med bihulebetennelser, influensa og magebyer. Kroppen gav tydeleg beskjed om at no var det nok.


Utpå våren i fjor begynte energien å komme tilbake. Me tok då kontakt med Fertilitetsklinikken igjen sidan me fortsatt hadde to egg på frys etter IVF-forsøket i 2009. I april vart eggene tint, men dessverre var det ingen av dei som overlevde. På seinsommeren var eg i gang med hormoner igjen. Eg var veldig optimistisk til at dette forsøket skulle gå bra sidan det gjekk så bra med Olliver. Det vart tatt nye prøver av meg og denne gangen viste det seg at eg har lave eggreserver. Ellers låg forholdene godt til rette for at dette skulle gå veien. Eitt egg vart satt inn og me var så heldige å få 3 egg på frys. Første forsøk endte negativt.
I november var det nytt forsøk og første egget tålte opptining. Etter to veker fekk eg 2 positive tester og tenkte at denne gangen er det vår tur. Men blodprøven var så negativ som den kunne bli. Altså var det ein kjemisk graviditet. Det føltes som eit hardt slag i magen. Eg vart først veldig lei meg, men så tok sinne over. Kvifor skjer dette?? Kva har me gjort galt??? Eg lengta veldig etter ein punshingball på den tida... ;p


Men så er det dette med nytt år og nye muligheter.. Då klokka slo 00.00 1.januar tenkte eg at dette skal bli vårt år! Eg endra litt på kostholdet og begynte å "bevege meg" litt meir. Positiviteten var på topp og eg var klar for eit nytt forsøk. For to veker sidan satt me inn siste egget (det andre tålte ikkje opptiningen). I går var nederlaget nok ein gang eit faktum. Det er berre så utruleg frustrerande. Kvifor går det ikkje? Og så er det jo denne evinnelige biologiske klokka som tikker fortere enn eg klarer å tenke. Ja, eg er "berre" 32år, men med lave eggreserver ser eg for meg at det vil bli vanskeligare for kvart år som går. Har eg gitt opp? Nei, overhodet ikkje, men det er berre så forbaska tungt!


Etter dette forsøket tar me oss nok ein liten pause frå heile IVF-karusellen. Det er frykteleg slitsomt å gå gjennom, med forventninger, håp og ikkje minst ein haug med hormoner. Me får ofte høyre at "me er no heldige som har fått èin". Og sjølv om det ikkje er vondt meint så er det til tider tungt å høyre. For sorgen er fortsatt like stor, men det at me har Olliver gjer sjølvsagt prosessen enklere å takle..
Når lillegutt ser på oss med trillrunde auger og spør om ikkje han òg skal få ein baby så må eg sei at det brister litt i mammahjertet.


Dette er vår historie så langt, og eg håper at den ein gang skal ende lukkeleg med kvalme, bekkenløsning og andre deilige svangerskapssymptom (ja, eg vil faktisk nyte kvart eit sekund av det!). Uansett har eg lært mykje om meg sjølv gjennom denne prosessen. No veit eg kortid eg skal seie stopp og roe ned tempoet. Eg veit òg korleis eg må jobbe meg opp og ut av nederlagene. Eg er ikkje lenger redd for å be om sjukemelding når eg treng det, for eg har innsett at det faktisk ER ein tøff prosess, og litt ro og fred hjelper på. Gode opplevelser med venner og familie er og veldig oppløftande. Me har valgt å vere åpen om problemene våre, noko som gjer at ein slepp litt meir unna kommentarer som "er det ikkje på tide med nummer 2 snart?". Eg takler som regel desse kommentarene bra, men på rette dagen kan dei vere vanskelege og svelge..
Sosiale medier som facebook og instagram er fyfy i kjipe perioder. Babylykken formelig florerer på sånne plasser. Og det er sjølvsagt heilt naturleg at foreldre er stolte og glade over barna sine og ønsker å vise det. Det gjer jo me òg. Men innimellom er det vanskeleg å takle andre sin lykke. Og så ærlig tenker eg at ein må vere med seg sjølv. Det er ikkje vondt meint overfor andre, men rett og slett ein måte og overleve på. Heldigvis har eg ein utruleg flott sambuar som har holdt og fortsatt heldt roen gjennom heile dette sirkuset. Det som skjer det skjer-mentaliteten skulle eg gjerne hatt litt bedre innarbeida. Men det er no godt at ein av oss er avslappa. ;)


Eg fortel ikkje denne historien fordi eg treng sympati. Me har som sagt fantastiske venner og familie som støtter oss gjennom oppturer og nedturer. Men eg veit at det dessverre er mange av oss der ute. Så det eg ønsker er å nå ut til nettopp DEG som er i denne situasjonen og som syns det til tider er ganske tungt og håplaust. Du er ikkje aleine. Og kanskje kan du lære litt av mine feil?  ;)

søndag 9. februar 2014

Til ei lita jente..

Rett før jul kom ei nydelig lita jente til verden. Foreldrene visste ikkje om dei skulle få gutt eller jente, noko som selvfølgelig gjorde strikkingen litt vanskelig... ;) Så då eg fekk vite at det vart ei jente var det berre til å hive seg rundt! Heldigvis hadde eg eit par prosjekt på strikkelista mi på Ravelry som berre venta på å bli laga. :) Valget av barselgave falt til slutt på denne åpne vesten.



Vesten heiter så mykje som "Top down cardigan for little monkeys", altså nok eit strikkearbeid som vert strikka ovenfrå og ned. *Elsk*!! Og med tjukke pinner og dobbelt garn var dette eit genialt hurtigprosjekt! Kan så absolutt anbefalast! :)



 Strikkefakta

Oppskrift: Kjøpt på Ravelry
Garn: Dobbel tråd med Baby Merino frå DROPS
Garnmengde: Litt meir enn to nøster
Pinnestr: nr 5

 
Gratulera med dagen alle mammaer! :)








tirsdag 14. januar 2014

Guttevest

Rett før jul fann eg ut at eg ville strikke ein vest til Olliver. Tanken var at han kunne bruke den i romjula, så eg hadde litt hastverk med å få den ferdig. Eg fann ei oppskrift eg likte, men den var kun laga i str 86/92. Så då var det til å begynne å telle og gruble for å komme fram til rett antall masker.... Etterkvart som eg strikke forsto eg at den kom til å bli ALTFOR stor! Tipper den er ca str 5-6 år. Hadde med andre ord god tid til å få den ferdig, så istadenfor eit hasteprosjekt vart dette ein koseleg romjulssyssel. ;)



Vesten er strikka med to tråder Baby Merino frå DROPS, eit garn eg virkelig har fått sansen for i det siste. Det er mjukt og godt og så blir det mykje meir jevnt enn med enkelte andre garn. Fargen er ikkje heilt godt gjengitt på bildet, men vesten er mørk blå med lyseblåe striper.
Noko heil oppskrift trur eg egentlig ikkje eg kan henvise til, for det vart til slutt ein miks av fleire for å få dei rette målene. Men utgangspunktet for vesten finn du her.


  



Ønsker deg ein fortsatt fin dag! :)

torsdag 9. januar 2014

Strikka julegaver

Ja, som tidlegare år vart det òg i fjor til eit par strikka gaver til jul. Den første eg strikka var denne ribbebuksa til nevøen min. Den vart strikka tidleg i høst og sidan han begynte i barnehagen og hadde behov for gode ullkler vart den gitt litt før jul. Eg glømte heilt å ta bilde av den før eg leverte den frå meg, så her er den allerede tatt i bruk og bildet vart tatt i hurten og sturten i jula... ;)


Buksa er strikka med to tråder baby merino. Kva eg tenkte på når eg kjøpte garn til denne buksa veit eg ikkje, men eg endte i alle fall opp med to nøster for lite! Å få fatt i garn med samme produksjonsnummer var tilnærma umuleg sidan eg kjøpte det på DROPS sitt salg i høst. Så då måtte eg kjøpe to nye nøster som sjølvsagt ikkje var heilt like i fargen... Heldigvis strikka eg som sagt med to tråder, så løsningen vart å rekke opp det halve buksebeinet som var strikka, dele garnet i to like deler og strikke med ein tråd frå kvart nøste i starten av begge buksebeina. Dette gjorde at overgangen mellom dei to fargene så og sei vart usynleg. Så nok ein gang klarte eg å redde meg inn igjen...Viktig med litt utfordringer... ;p




Den andre gåva eg strikka var til niesa mi på 9 år. Denne tunikaen fann eg på Ravelry for ei stund tilbake men eg visste ikkje heilt kven eg skulle lage den til. Når eg fekk høyre at niesa mi var glad i tunikaer var det ikkje tvil om kva ho skulle få til jul. :) Den er strikka i str 9-10 år og sidan ho er lang la eg til litt på lengden. Likevel vart den ikkje meir enn akkurat passelig. Får håpe ho får brukt den litt før den vert for liten..


Det eg likte så godt med denne tunikaen var alle detaljene, med ein anna farge inni lommene, raglanøkning (jepp, det er nok eit prosjekt som er strikka frå toppen og ned-elsker det!) og "bølgene" på brystet/ryggen og armene. I tillegg overlapper rillestrikken i eine sida slik at det vert plass til ein søt knapp.



Eg kan så absolutt anbefale alle med ei jente i familien å lage den. Skikkelig gøy å strikke med tjukt garn og tjukke pinner, noko som igjen gjer at dette ikkje vert eit evighetsprosjekt! ;)


Strikkefakta

Ribbebukse
Oppskrift: "All you knit is love" av Susie Haumann
Garn: DROPS Baby Merino (to tråder)
Pinnestr: 3 og 4

Tunika
Oppskrift: Ravelry
Garn: DROPS Merino Extra Fine
Pinnestr: 4 og 5



Ha ein fortsatt fin dag! :)

mandag 6. januar 2014

Flettesokker

Ja då var jula for alvor over. Julepynten fann veien ned  i kasser og poser og juletreet vart kasta ut i kulden i går. Syns alltid det er like trist... Dei første månedene av året er som regel kjipe med mørke, regnfulle dager. Det som gjer desse månedene litt enklere er at eg har ein hobby som passer overens med å sitte i sofaen under eit varmt teppe. ;)
Det har vore stille frå denne kanten gjennom jula, rett og slett av den enkle grunn at eg kobla ut alt som hadde med blogg, sosiale medier og internett generelt å gjere. Istadenfor var det fullt fokus på familiekos, bøker og strikking. Faktisk veldig deilig å ikkje vere så tilgjengelig og ikkje bry seg så veldig om kva andre gjer på til ei kvar tid. Akkurat som i "gamle dager"... ;)
Strikkeproduksjonen har derimot vore høg den siste månaden, så dei neste innleggene inneheldt fjorårets ferdigstillelser.
Først ut er eit par deilige sokker. Tru det eller ei, men dette er faktisk det første voksenparet eg har strikka i min 11-årige strikkekarriere!


 
 
Eg er veldig glad i flettemønster, og dette fall eg heilt for med ein gang eg såg det. Som alltid var det litt knotete å følge mønsteret i starten, men etter eit par fletter satt det godt i nevane.
 


 
 
Sokkene strikka eg til ein snill kollega som i fjor høst kom med fleire poser kler og yttertøy som passa lillegutt. Ho ville ikkje ha penger eller noko for det, så derfor syns eg at ho i alle fall fortjente eit par gode sokker. I tillegg til sokkene fekk ho òg ein bit av karamellene eg laga før jul.
 


 
 
Sokkene er strikka med tjukt garn og tjukke pinner og var eit relativt raskt prosjekt. Trur nok så absolutt at det vert laga eit par til til mine egne, kalde føtter...
 
 
Strikkefakta:
 
Oppskrift: DROPS
Pinnestr: nr 3
Garn: DROPS Karisma 3 nøster
Størrelse: 35/37
 
 
 
Ønsker deko eit riktig så godt nytt år!

onsdag 18. desember 2013

Juleforberedelser


Som i dei fleste andre heimar har det også her vore mykje juleforberedelser dei siste vekene. I år som i fjor har eg hatt juleverkstader saman med gode venninner. Det har blitt baka heile 7 sorter kaker, karameller og marsipanfigurer. Det skal seiast at pepperkakedeig, marsipan og kransekakemasse er kjøpt på butikken, men kva gjer vel det når det smaker like godt som heimelaga? ;) I tillegg er me så heldige som har fått krumkaker av tanta til Rayner. NAM! Så no er boksene fulle og me er klare for storinntak før og i jula! Det er så utruleg koseleg å bake saman med andre. Premien er at ein slepp å bake alt sjølv, samt at ein ikkje ender opp med altfor store porsjoner av kvar sort... ;)




Dei klassiske pepperkakehjertene til vinduet måtte sjølvsagt lagast i år og. Dei tre hjertene i lenke er også pepperkakehjerter, men her har me stansa ut eit hjerte midt inni og fyllt det med knust kjærlighet på pinne. Når du hiv det i ovnen smelter kjærligheten for så å stivne til "glass" når den er avkjølt. Skikkelig flott og dekorativt!


 
 
Karameller har eg lenge tenkt å prøve meg på og endeleg fekk eg det gjort! Desse er harde og med deilige valnøtter i. Etter tips frå dama bak oppskrifta har eg pakka dei inn i cellofan og pynta  dei litt . Fine smågåver å gje vekk! Oppskrifta på karamellene finn du her! :)


 
 
Ein anna ting som har stått på "to-do-lista" lenge er hjerte laga av greiner. Hadde eg visst kor utruleg enkelt det var og at det ikkje tok meir enn 5min å lage hadde det vore gjort for lengst. Nokken ganger er det berre litt tiltak å gjere noko ein ikkje har gjort før... ;)
 
På søndag vart juletre og hus pynta, pakkene ligg klare og forventningane til lillegutt stig for kvar dag! No gjenstår berre julevasken og me er klar for JUL! :)
 
 
 
 
Ha ei fortsatt fin førjulstid!