onsdag 31. juli 2013

Stille tider...

Det er stille på bloggen for tida. Årsaken er at ferien er over samtidig som at Vestlandet fekk tidenes sommerver for to veker sidan. Så her har all ledig tid blitt brukt ute i sola! 8-) Strikketøyet har fått kvile litt til fordel for soling, bading, lesing og herjing med lillegutt. ....men litt har det sjølvsagt blitt. No for tida heldt eg på med ein genser til meg sjølv, men den er langt frå ferdig og dermed ikkje noko å vise fram endå.

Eg tar derfor heller fram det eg liker å kalle for eit bil/ferje-prosjekt, nemlig vaskekluter. Her trengs det ikkje mykje konsentrasjon og det gjer ikkje noko om ein blir hyppig avbrutt, så det passer supert til bilen (når andre kjører sjølvsagt...). I tillegg har me ferje her på øya vår. Det tar ca 12min å komme seg over fjorden og dei minuttene vert ofte tilbragt med strikkepinnene i hendene.


 
 
Det har blitt til ein del vaskekluter på bil- og ferjeturene dei siste årene. Dei fleste har havna på kjøkkenbenken til andre, så no syns eg det var på tide og fornye vårt eget kjøkken. Så desse er til meg sjølv....trur eg.... ;)
 
 
Oppskrifta er nok kjent for dei fleste. Sjølv fekk eg den av ein kollega for nokre år sidan.
Den er som følger:
 
-Legg opp 55m på pinnenr 3
-Strikk 1r 1vr
-Strikk rett tilbake
-Gjenta til ønska størrelse
 
Eg brukte ca 1 nøste Bomull Sport frå SparKjøp per vaskeklut. Eg har ein heil haug like nøster liggende så dette vert nok ikkje den siste vaskekluten som vert strikka. Men kanskje det er på tide å prøve eit nytt mønster... ;p
 
 
 
Ha ein fortsatt fin dag!! :)
 


mandag 15. juli 2013

I palmesus og dus...

Det har vore ein aldri så liten bloggpause dei siste vekene. Årsaken til det er ein lenge etterlengta sydentur! Dei siste årene har det kun vore skandinavia-turer på oss sommerstid, noko som stort sett betyr under 20grader og gjerne regn. Så no var det deilig å hive seg på eit fly og sikre seg sol og varme i to veker.


Flyet tok oss til deilige Alcudia på Mallorca. Eg har aldri vore der før, men det var eit sant paradis for dei små! Hotellet me budde på var supert, med godt tilrettelagte barnebasseng, flotte leiligheter og god beliggenhet i forhold til stranda. Så det vart bading og soling 14 dager til endes! Me reiste saman med eit vennepar som har ein gutt i samme alder som Olliver. Noko som uten tvil gjorde turen mykje meir avslappande både for store og små! ;)




Strikketøyet fekk sjølvsagt også vere med i kofferten, sjølv om eg ikkje såg for meg dei heilt lange strikkeøktene. Men nokre runder vart det no i solnedgangen på terassen. Så no nærmer neste barselgave seg ferdig.. ;)




Håper du har ein deilig ferie kvar du no måtte vere! :)




fredag 21. juni 2013

Går det an...


...å ferdigstille eit strikkeprosjekt utan å gjere feil undervegs? Eg begynner snart å miste trua!
Dette er det tredje baby "UGGs"-paret eg strikker på ein månad. Pga dette tenkte eg at NO kan eg mønsteret så godt at eg berre kan "kjøre på". Men den gang ei... Denne gangen var eg komme så langt at eg hadde festa alle trådene og var klar til å sy i knapper før eg oppdaga feilen: knappene havna bak istadenfor på sida. "AAAAARG, no må eg ta opp igjen heile foten!!!" -var det første eg tenkte. Heldigvis satt eg ei stund og grubla før eg begynte den kjedelige opprekkinga. Kva med å ta dei to delene frå kvarandre og sy dei saman igjen?




Dette har eg ikkje gjort før, men som Pippi Langstrømpe hadde sagt:
"det klarer eg heilt sikkert" 
Som sagt så gjort. Det gjekk fint å ta dei to delene frå kvarandre og jammen meg fekk eg dei saman igjen utan dei heilt store problemene.




Og vips, så var eit nytt par baby "UGGs" ferdige! *Lykke* Så no håper eg mottakaren vert like fornøgd som meg... ;)




Må forresten ta med mitt siste garninnkjøp. Eg syns eg har vore flink til å slanke garnlageret pittelitt i det siste, så no var det på tide med noko nytt! Desse 6 nøstene skal forhåpentligvis bli omgjort til ein flott genser til meg sjølv om ikkje så altfor lenge. Gleder meg til å sette i gang!!





Ønsker deg og dine ei super helg! :)

fredag 14. juni 2013

Bella baby


For ei lita stund sidan kjøpte eg Lene Holme Samsøe sitt strikkehefte: Babystrikk på pinde 3. Sidan då har det klødd i strikkehendene etter å få begynne på denne søte toppen og no er den endeleg ferdig! :)
...men ingen prosjekt utan litt "klabb og babb".... Som nevnt i eit tidlegare innlegg måtte eg rekke opp igjen heile mønsterdelen fordi den vart altfor stor. Årsak: gidd ikkje å strikke prøvelapp... :p Så etter å ha strikka prøvelapppen (for andre gang i min strikkekarriere) endte eg opp med ein halv pinnestørrelse mindre.



Eg har strikka den i størrelse 9-12mnd, men eg syns den er litt vid. Av den grunn valgte eg å lage den litt lenger, så tipper den er meir passende i str 1år +.




Eg hadde litt garnrester igjen og tenkte eg kunne prøve meg på eit hårband som passer til toppen.
Så då knota eg ned eit holmønster og la opp 108 masker på pinne nr 2. Eg begynte med ein vrang runde, så to rette før eg strikka holmønsteret. Avslutta med to rette og ein vrang runde før eg felte av med ein rett runde. Blomsten er hekla og oppskrifta fann eg her.
Mottakeren kan ikkje ha eit altfor stort hovud då hårbandet berre måler 40cm...heldigvis er det no litt stretch i det òg! ;)




Olliver syns tydlegvis at hårbandet var veldig fint for han tok det på hovudet med ein gang han såg det. Muligens litt lite og kanskje i overkant feminint...jaja, eg får lage eit i blått. ;)



Oppskrift: Frå heftet Babystrikk på pinde 3
Garn: Sandnes mini duett (fargen har gått ut av produksjon)
Pinnenr: 2 og 2,5


Ha ei super helg! :)






fredag 7. juni 2013

Baby "UGG"

Ja, det går i babystrikk for tida... Det har som sagt komme mange søte små til verda i det siste så strikkepinnenen går nesten varme av all strikkinga! ;) Men ingenting er vel så koselig som å strikke deilige babyplagg!
Denne gangen er mottakeren søstera til ei venninne som fekk to hærlege tvillinggutter i april. Eg har lenge sett på desse baby "UGGsene" og tenkte at dette var ein ypperlig anledning til å få strikke dei. Oppskrifta kjem frå dama bak den koselige bloggen MusMei og Hemilia.




Som vanleg tenkte eg at dette var eit raskt og enkelt prosjekt, men litt knoting og tid gjekk med. Oppskrifta er egentlig ganske god med bilder og forklaringer, likevel brukte eg tid på å finne ut av enkelte ting. Men når den første var ferdig gjekk dei tre neste ganske så radig. Til tross for dette vart det skikkelig skippertak for å få dei ferdige, samme dag som dei skulle leverast...typisk meg! Alltid ute i siste liten... ;) Jaja, ferdige vart dei og eg må sei at dei vart skikkelig søte. Trur kanskje det vert laga fleire!




Oppskrift: MusMei og Hemilia
Garn: Sandnes Lanett
Pinnenr: 3

Ønsker deg ei super helg!!

søndag 2. juni 2013

Den evinnelige prøvelappen....

Nok ein gang opplever eg å bomme på størrelsen på eit strikkeprosjekt. Eg begynner etterkvart å innsjå at å strikke ein prøvelapp kan vere lurt. Trur eg har gjort det ein gang i løpet av min strikkekarriere, men heretter vert det oftere!
Denne gangen begynte eg på ein Bella Baby top. Eg endte opp med å bruke Sandnes mini duett sidan eg hadde det i garnlageret mitt. Ifølge oppskrifta skulle det passe greit til pinnestørrelse 3, så eg la opp og begynte å strikke i god tru!
Etter å ha strikka heile mønsteret på toppen såg eg at den kom til å bli ALTFOR STOR! Eg kunne jo berre valgt å strikke den litt lenger og dermed lage ein størrelse større. Men sidan garnet er frå garnlageret og eg berre har to nøster var eg redd det kom til å bli for lite... Så kva gjer ein då? Jo, rekk opp igjen alt sammen...




....og begynner på ein prøvelapp... Alt som skulle til var å gå ned ein pinnestørrelse.




Så då er det vel berre til å starte på nytt..... :p
Heldigvis er det ikkje tidsfrist på dette då det er eit "berre-MÅ-lage-for-den-er-så-fin-prosjekt"!



Fleire der ute som ikkje gidd å strikke prøvelapper?  ;)

torsdag 30. mai 2013

Jentevest

 
Du tenker vel kanskje: "Enda ein vest???". ;) Jepp, sånn er det. Syns vester er eit supert plagg til dei små. Dei er lune og gode, samtidig som dei ikkje er altfor varme til aktive kropper.
Denne gangen var det tid for å strikke i rosa. Det har komme flust med gutter til verda dei siste par årene, så no var det kjekt å strikke til ei lita jente. Mottakeren er dattera til ei venninne som allerede har rukke og bli 3 veker gammal (det går så fort!!!).





Oppskrifta på vesten fann eg på Pinnsvin Design. Eg har sett den på diverse blogger og syns den var skikkelig lekker! Den er strikka i Isager Alpaca 2, som eg kjøpte saman med oppskrifta. Fargen heiter så mykje som "nr 19", ein djup plommeraud farge.
Litt endringer vart gjort underveis, blandt anna valgte eg vekk perlestrikken under mønsteret. Syns det vart like fint utan. Eg valgte og vekk perlestrikken rundt ermholene. Her hekla eg først ein runde med fastmasker, så ein runde med picoter. Eg er fornøgd med resultatet, men stusser litt på størrelsen... Denne skal vere str 6mnd, men den ser meir ut som nyfødtstørrelse. Eg har brukt rett garn og pinnestørrelse, så ikkje veit eg... Jaja, får tru ho får bruke den ei stund! :)




Til slutt eit lite stemningsbilde frå terassen.. Me har hatt skikkelig flott vær her i vest dei siste vekene og det veit me å nyte (sidan det er forholdsvis sjelden...). I går hadde eg seinvakt så då var det berre til å slenge seg i sofaen ute og finne fram strikketøyet! 
*DEILIG MED SOMMER!!!*


  


Oppskrift: Pinnsvin design
Garn: Isager Alpaca 2, farge 19
Pinnestr: nr 3
Garnforbruk: ca 45g
Størrelse: 6mnd (?)


Ønsker deg ein finfin kveld!