tirsdag 9. desember 2014

Alvevest

Enda ein Paelas.... Treng eg å sei at eg rett og slett berre elsker deira design!!? Dette er det tredje prosjektet på kort tid som har komme av pinnene og eg er superfornøyd. 


Oppskrifta var gøy og enkel å følge, men som vanleg vart det ein liten endring. Hetta skal egentlig vere ganske lang og spiss, men eg valgte å gjere den kortere og meir avrunda. Syns det var litt meir praktisk når han skal ha den under jakken, ellers er oppskrifta fulgt til punkt og prikke. ;)
I-corden er strikka for hand, noko som er utruleg kjedelig! Må snart gå til innkjøp av I-cordmaskin... Har du ei du kan anbefale?


Mottakaren er nok ein gang min gode, lille O. Og det ser ut til at den fall i smak då den har vore flittig i bruk sidan den var ferdig i oktober. O syns den var skikkelig kul med hette, så den må alltid vere på.. ;)


Dette blir nok ikkje det siste Paelas-prosjektet eg lager. Og stemmer ryktene eg har hørt kjem det ei bok iløpet av neste år. DEN skal i så fall i hus fortere enn svint!!


Oppskrift: Paelas
Garn: DROPS Alpaca
Mengde: 250g
Pinnestørrelse: 2,5 og 3
Størrelse: 4-5år


Ønsker deg ein fin dag! :)

søndag 26. oktober 2014

DIY stige

Eg har lenge hatt lyst på ein trestige til å pynte opp med heime. Det fins mange forskjellige, flotte stiger i butikkene, men då eg såg ein heimelaga stige i bladet Boligdrøm tidlegare i år var eg solgt. Etter ein telefon til pappa var materialene i boks og eit par dager seinere kom han med gamle hesjastaurer frå gården etter farmor og farfar. Dette var så langt tilbake som februar og som vanleg tok det laaaang tid før eg fekk gjort noko med det. Men i sommerferien fekk eg lysten over meg. Uheldigvis streika saga akkurat denne dagen, men takka vere gode nabovenner (med denne inspirerende bloggen) stod stigen ferdig etter ei kort arbeidsøkt.
Trinnene er skrudd fast med skruer og for å skjule desse surra eg rundt hamp.





Eg husker godt somrene eg fekk vere med på slåtten og hjelpe farmor og farfar med å få graset av og på hesene. Gode minner som gjer stigen ein ekstra verdi! :)




Ønsker deg ein riktig god søndag!

onsdag 22. oktober 2014

Simpelthenbukse

Då eg for første gang såg Simpelthenbuksa på Instagram visste eg at dette var ei bukse som berre MÅTTE på pinnene! Og dette skulle vise seg å vere enda eit raskt, gøyt og enkelt prosjekt. Elsker sånne prosjekter!! ;)


I oppskrifta er det brukt Babysilk frå Du store Alpaca, men sidan dette er eit handvaskgarn valgte eg å bytte det ut med eit litt meir slitesterkt superwashgarn. Valget fall på Sandnes sin Merinoull, eit nytt garn for min del. Dette garnet er tjukkere enn det i oppskrifta så eg var heldigvis smart nok til å lage ein prøvelapp. Eg tok til og med mål av O for å vere sikker på at eg skulle sleppe å rekke opp igjen. Så eg landa på å følge oppskrifta på str 2 år. I tillegg felte eg masker over eit lengre strekk på beina samt at eg droppa ein felling.



Eg liker veldig godt detaljene på denne buksa, med lommer og fin brettekant/snorkant oppe. Og det at den er smal i figuren gjer nok ein gang sitt til at det er enklere å ha den under regntøy og vinterdress.



Det har ikkje vore så veldig kaldt her på Vestlandet enda, men buksa har vore i bruk eit par dager og O er veldig fornøyd. Eg ser derimot at dette garnet kan ha ein tendens til å nuppe så eg er spent på å sjå korleis den ser ut etter ein lang vinter... ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Frå Paelas.com
Garn: Merinoull frå Sandnesgarn, I-cord er strikka av Alpaca frå Garnstudio
Garnmengde: 185g Merinoull og ein liten rest Alpaca
Størrelse: 2 år, som passer O på 4 1/2 år



Ha ein super dag! :)

fredag 17. oktober 2014

Bestefarstrøye og eit lite strikketips

Etter å ha kjøpt boka "Strikk til smårollinger" bestemte eg meg raskt for å strikke bestefarstrøya. Liker at den har ein smal figur, noko som er greit når ein skal ha den under både dresser og jakker (spesielt med ein gutt som ikkje liker "rukker og bulker"...) Med eit voksande garnlager fann eg ut at det kunne vere lurt å rett og slett lage genseren av restegarn. Det angrer eg ikkje på då eg fekk brukt opp mykje!




Sidan garnet eg brukte var litt tjukkere enn det som stod i oppskrifta valgte eg å legge opp til str 3 år. Dette vart heilt perfekt i forhold til O som no nærmer seg 4 1/2 år. Stripemønsteret er nokså tilfeldig og vart til undervegs. Eg ville ha samme mønster på armene som på bolen så ifølge armlengden i oppskrifta måtte eg droppe første delen for å komme i mål med mønsteret når eg skulle strikke delene sammen. Eg stussa litt på ermlengen i oppskrifta og valgte å lage den 2cm lengre. Det eg skulle gjort var jo å måle ein av genserene O har frå før, då hadde eg sett at dette vart altfor kort. Så kva gjer ein då? Begge armene var ferdig strikka og hadde eg fortsatt med nye striper ville det ikkje passe med mønsteret på bolen. Heldigvis finns det løysinger på det meste i denne hærlige strikkeverdenen. Så etter eit lite søk fann eg instruksjonsvideo på "strikke usynleg søm". Eg skal ikkje prøve meg på å forklare, men det går i alle fall ut på å dele arbeidet, strikke den eine delen lengre, for så å strikke delene saman igjen.



Vips! så var armen så lang som eg ville ha den. Og det var ingenting som kunne avsløre "juksingen". Om du har lyst til å prøve deg på dette finn du videoen her.



Genseren er tatt i bruk for lengst og O var veldig fornøgd. Er så kjekt når dei små viser glede for det mor har jobba med! :)



Strikkefakta
Oppskrift: Frå boka "Strikk til smårollinger"
Garn: Diverse babyull
Størrelse: La opp til 3 år, men passer min gutt på 4 1/2 år



Ønsker deg og dine ei riktig god helg!







mandag 13. oktober 2014

Floratopp


I juni fekk eit vennepar av oss ei nydeleg lita jente. I forrige månad fekk me spørsmål om me ville vera fadder for henne, noko me sjølvsagt ikkje sa nei til. Då eg spurte kva dåpsbarnet ønska seg kom det ganske kontant "gjerne noko heimestrikka!". *LYKKE* Då hadde eg endeleg ein unskyldning for å lage Paelas sin Floratopp som eg har sikla på sidan eg såg den på instagram for ei stund tilbake.




Eg syns mønsteret på denne toppen er så utruleg flott! Men som med dei fleste former for mønster tok det litt tid å komme inn i det og eg må sei at eg savna å ha eit diagram å gå etter. Det var veldig godt forklart korleis det skulle gjerast steg for steg, men eg syns ein kjem litt fortere inn i det dersom ein har eit diagram å gå etter og ikkje må lese lange setninger. Når det er sagt så har eg jo aldri laga ei slik oppskrift sjølv, så eg veit ikkje kor vanskeleg det kan vere... ;)



I går var den store dåpsdagen og saman med toppen fekk lillemor eit nydeleg lite kvitt hjarte. Toppen er nok litt stor enda, men det kan no vere godt å ha noko å vokse inn i. ;)




Dette er det første paelas-prosjektet mitt, men allerede er det 3. prosjektet på vei av pinnene. Med andre ord kan eg virkelig anbefale oppskriftene deira. Krysser fingrene for at det snart kjem ut ei bok! ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Kan kjøpast på Paelas
Garn: DROPS baby merino
Størrelse: 6mnd (men er nok litt større..)


Ønsker deg ein fortsatt fin dag!

torsdag 25. september 2014

Stjernetøfler


Eg har lenge tenkt på å lage tøfler som Olliver kan ha i barnehagen. Og etter at eg fann desse stilige tøflene på bloggen hvittimitthjem visste eg at eg hadde truffe blink.


I påsken starta eg på prosjektet, men eg skjønte fort at "toveverdenen" ikkje er ein verden eg trives særleg godt i. Det er utruleg vanskeleg å vite kor store ein skal strikke dei for å få rett størrelse etter toving (spesielt når ein ikkje bruker samme garn som oppskrifta..). Så det vart først laga ein prøvetøffel som overhodet ikkje passa. Men etter mykje om og men, blanding av ulike oppskrifter og søking på nettet vart eg til slutt fornøyd.



Istadenfor å bruke stoff og sy på stjerna, valgte eg å heller filte den på. Ein veldig enkel og grei måte og pynte opp tova prosjekter! 
Det å sy inn ein ribb i tøflene syns eg var heilt genialt. Då sitt tøflene mykje bedre på foten til ein aktiv 4-åring. Så no gjenstår det berre å få antiskli på, så er tøflene klare til bruk! :)

Har du forresten fått med deg at det er salg på Merinogarn på DROPS? Eg klarte nok ein gang ikkje å styre unna (sjølv om garnlageret har nådd nye høgder...), og endte opp med 14 nøster i posen. Deriblandt denne nydelige høstfargen som snart skal gjerast om til eit deilig sjal (når eg har klart å finne ei oppskrift eg er fornøgd med...). ;) Har du nokon spennandes høstprosjekt på gang?


 


Ha ein fortsatt fin fin dag!


mandag 22. september 2014

Heeeeeei bloggen!!!!

Oi!! No var det plutseleg frykteleg lenge sidan forrige innlegg! Kor vart det siste halvåret av??? Våren og sommeren her på Vestlandet har vore så uendeleg solrik og varm at blogging og strikking rett og slett kom langt ned på prioriteringslista. Trening, fjellturer, utearbeid, ferier og sosiale sammenkomster har vore stikkordene siste månedene, og strikkelysten har ikkje vore så veldig tilstades (utruleg nok). Men heilt fråverande har den selvfølgeleg ikkje vore, så eit par ting har komme av pinnane. No syns eg det var på høg tid at desse får komme opp og fram i lyset...




Først ut er ein topp eg fann på Ravelry, HINE is a girl. Denne har eg hatt i strikkekøen ei stund, så då ei venninne sa at ho venta ei lita jente benytta eg sjansen til å få den på pinnene. Den fins kun i èin størrelse, 1,5-2år, så i utgangspunktet var det ikkje akkurat ei babygåve. Men toppen er visst tatt i bruk for lengst som kjole/tunika, noko som betyr at den kan brukast leeenge! ;)




Toppen var ferdig allerede tidleg i februar, så eg husker ikkje heilt alle detaljene. men eg brukte dobbel tråd Baby merino frå DROPS og eg trur eg brukte pinnestørrelsen som står i oppskrifta. Så med tjukke pinner og dobbel tråd vart dette eit raskt unnagjort strikkeprosjekt! Oppskrifta er gratis og du finn den her.


Ønsker deg ein strålende dag!!