torsdag 5. november 2015

Krone og langlue

Då me fekk vite at det var nok ein liten gutt som hadde slått rot i magen begynte eg raskt planleggingen av nye strikkeprosjekter. Noko av det første eg strikka var krone og langlue som eg ville bruke til nyfødtfotografering.


Eg hadde funne ei krone som eg likte godt, men denne fann eg aldri oppskrift på. Så då vart det egen oppskrift fritt etter et bilde eg hadde sett på nettet. Det vart litt prøving og feiling, men etter to hekla kroner vart eg fornøyd. 


Langlua fann eg oppskrift på i den fine boka "Strikk til smårollinger" (Gustav & Berta). Denne likte eg så godt at eg gjerne kunne tenke meg å lage den i rødt til begge gutta til jul, men det var den tida då... Ein har jo som kjent "allverdens med tid" når ein er i permisjon, men eg må ærlig innrømme at eg syns dagene suser avgårde uten at eg får gjort noko særleg. Og med den eviglange strikkelista er det rett og slett vanskeleg å bestemme seg for kva eit prosjekt som skal prioriterast! Eit luksusproblem som kun strikkere forstår seg på... ;p



Strikkefakta:
Oppskrift krone: henta inspirasjon frå denne sida
Garn: ein liten rest babyull
Garnmengde: 12g

Oppskrift langlue: Gustav & berta "Strikk til smårollinger"
Garn: diverse alpakka
Garnmengde: 41g


torsdag 22. oktober 2015

Kjole til meg sjølv

I fjor høst bestemte eg meg for å strikke ein kjole til meg sjølv. Eg hadde ein viss formeining om korleis eg ville ha den og søkte lenge rundt etter den rette oppskrifta. I tillegg liker eg best dei oppskriftene der plagget blir strikka ovenfra og ned, noko som gjer det mykje enklare å tilpasse plagget til egen figur. Å finne den perfekte oppskrifta skulle vise seg å bli vanskelig, så då endte eg heller opp med å strikke kjolen etter eige hovud (med inspirasjon frå fleire ulike oppskrifter). Det vart litt prøving og feiling undervegs, men eg vart veldig fornøyd med sluttresultatet. Målet var å bli ferdig til jul, og kl 23.00 litle julafta var den endeleg klar!


Kjolen har perlestrikk i halsen, midjen og nederst. I utgangspunktet hadde eg tenkt å ha halvlange armer, også her med perlekant, men då eg prøvde kjolen undervegs fann eg ut at eg var vel så fornøgd med ein kortere versjon og rullekant. Kan fort bli litt varmt med ein heil kjole i ull... ;)




Eg fekk ikkje brukt kjolen så altfor mange månedene før magen vart litt for stor. Og med ein liten ein som eg no ammer er den veldig lite praktisk. Forhåpentligvis vil eg fortsatt bruke den om nokre månader når det roer seg med ammingen... ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Egen
Garn: DROPS Alpacka
Garnmengde: 290g
Pinnenr: 2 og 3



torsdag 27. august 2015

Ventetida er over...

9 lange månader er endeleg over og 18/8 kom nydlegaste lillebror til verda. Vesle O er superstolt storebror og me føler oss så utruleg takknemlige og glade for å få oppleve dette store mirakelet nok ein gang. No prøver me å nyte kvart eit sekund med vårt nye familiemedlem, for me veit at tida går så altfor fort.

Då lillebror var ei veke gamal tok eg fram kameraet for å knipse litt nyfødtbilder. Her er han avbilda med eit av mange strikkaplagg som har blitt ferdigstilt dei siste månadene. Dette er den populære Kjappstrikkadrakta frå Paelas og som navnet sei så var den virkelig kjappstrikka (når eg berre fulgte med i oppskrifta). Då den var ferdig syns eg den såg litt liten ut og tenkte at den aldri ville passe. Men det viste seg at eg berre har gløymd kor små desse nyfødte er, for denne ser ut til å kunne passe i eit par månader enda. ;)



Strikkefakta
Oppskrift: Paelas
Garn: DROPS Merino Extra Fine
Garnmengde: 70g
Pinnenr: 4

tirsdag 2. juni 2015

Imogen Cowl

Eg har lenge hatt lyst til å lage eit sjal til meg sjølv. Problemet var berre å finne den rette oppskrifta... Etter fleire søk både på Ravelry, Pinterest, Instagram og fleire andre medier fann eg endeleg det eg leita etter. Garnet var forlengst kjøpt inn, så då var det berre til å hive seg rundt! Heldigvis gjekk det kjapt å komme inn i mønsteret, så etter eit par omganger gjekk det av seg sjølv. Og med tjukke pinner og tjukt garn gjekk det overraskande fort!



Eg vart godt førnøgd med resultatet, sjalet vart akkurat passe stort, passe tjukt og deilig mjukt. Med andre ord har det blitt mykje brukt gjennom høsten og vinteren (og den kalde våren...). ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Ravelry
Garn: DROPS Cotton merino
Garnmengde: 185g
Pinnenr: 4

Lillestakken kjole


Eit nytt "gløymd prosjekt" skal i dag få litt omtale. Denne kjolen strikka eg lenge før eg sjølv fekk barn. Eg hadde vel egentlig ikkje nokon å strikke den til, syns berre den var så nydeleg. Opp gjennom årene har det komme mange jenter til verda, men av ein eller anna grunn har den blitt liggandes i gavekassen. Det er vel noko med at det alltid kjem nye fine oppskrifter som ein har lyst å prøve seg på.... ;) Heldigvis er den nokså tidlaus og i ein farge som sjeldan går av moten, så ein vakker dag skal nok ei lita jente få pynte seg med den. 



Strikkefakta
Oppskrift: frå boka Myk Start
Størrelse: 4-8mnd
Garn: Alpacka (Veit ikkje kva for eit merke)
Garnmengde: 85g
Pinnenr: 2,5 og 3

Ønsker deg ein fin dag i regnveret! ;)


onsdag 20. mai 2015

Nordic summershorts

Årets påskestrikk var denne shortsen frå flinke ministrikk. No var det lenge sidan eg hadde strikka fleirfarga mønster, så dette var både eit gøyt og raskt prosjekt! Eg er av dei som strikker litt stramt, noko som kan vere ein utfordring når ein strikker med fleire farger, så eg brukte litt tid på å finne ein teknikk som gjorde at ikkje mønsteret vart strikka for stramt. Har du gode tips i forhold til dette?



Shortsen er strikka til ein gutt som er venta i august. Den er strikka i ca str 1 år, så det blir ei stund til den kan takast i bruk. Får berre håpe at det fortsatt er "in" med strikkeshortser neste år òg... ;)

Strikkefakta
Oppskrift: ministrikk
Garn: Tynn Alpakka frå Du store alpakka
Garnmengde: ca 40g grå og 10g kvit
Pinner: 2,5 og 3
 

Ha ein fortsatt fin kveld!

tirsdag 5. mai 2015

Sauepute

Denne saueputen fann eg på Ravelry for eit par år sidan og tenkte at den ville vere perfekt til O sitt rom. Då Coop hadde tilbud på Naturgarn soft slo eg til og starta på puten. Dette er no sånn ca 1 1/2 år sidan og dermed eitt av dei 'gløymde prosjektene' mine som no endeleg ser dagens lys på bloggen.



O stod og trippa ved sidan av meg dei siste dagene, "e den ferdig nooo då mamma??". Så eg kan trygt sei at han var fornøgd med mors siste strikkeprosjekt. Sidan då har puten hatt fast plass i senga (saman med alle dei andre 100 kosedyrene...).
Må sei at det var veldig gøy å strikke noko anna enn klesplagg til ein forandring. Og sjølv om den er stor gjekk det overraskande fort å strikke den. Puten inni er sydd til av ei gamal babydyne. Eg ser i ettertid at eg godt kunne hatt ein litt tjukkere pute, då den har blitt litt "slapp i fisken". Men O er like glad i den enda, så då får mor vere fornøgd.

Strikkefakta
Oppskrift: Ravelry
Garn: Naturgarn soft. Babyull til hovud og føtter


Ha ein fin dag! :)