torsdag 25. april 2013

Strikkepinneetui

 
Då har eg endeleg tatt i bruk den nye symaskina! Det første prosjektet vart eit strikkepinneetui, så no skal det bli orden på strikkepinnene!! Eg har forsåvidt hatt ein viss orden på dei til no med at dei har fått ligge i originalembalasjen oppi ei korg, men dette er jo mykje meir praktisk! Enkelt å finne fram og alt ligg sortert og i rekkefølge etter størrelsen på pinnene. Veldig greit for sånne som meg som liker orden og oversikt.. ;)
 
 


Oppskrift og framgangsmåte til etuiet fann eg gratis på Pickles. Stoffet vart kjøpt på Stoff&Stil, og eg må berre innrømme at eg har forelska meg heilt i desse polkadottstoffene!! Skikkelig søte!
Eg ser no i etterkant at sømmene vart litt skeive og som vanlig klarte eg å gjere ein aldri så liten feil. Eg var så ivrig at eg sydde over lomma både oppe og nede (skulle berre sy nede) når eg skulle dele det inn i ulike rom, men men, det gjer forsåvidt ikkje så mykje... ;)
Ein liten ekstrafinesse eg valgte er blondene på lomma nede, berre for å gjere det heile enda meir sukkersøtt. :p


  
 
No mangler eg berre ein liten borrelås eller trykknapp (har ikkje heilt bestemt meg...), så er det ferdig. Dette var eit kjapt og enkelt prosjekt, så trur kanskje eg må lage fleire.. ;)




Tidlegare i veka var eg innom ein av mine mange strikkebutikker og som alltid gjekk eg ikkje tomhendt ut igjen... Det som vart med denne gangen var ein liten neve med søte knapper. Dei hadde ei korg med resteknapper til 50øre (!) per stykk og eg klarte ikkje å dy meg. Du tenker kanskje at det ikkje er så praktisk med ein av kvar knapp, men eg tenker dei kan gjere seg fint som pynt på strikkeplagg eller til scrapping. Søte var dei i alle fall! :)
Det andre som havna i posen var strikkehefte Babystrikk på pinde 3 av Lene Holme Samsøe. Dette har eg sikla på lenge, så no var det på tide å kjøpe det! Med andre ord: eg blir ikkje arbeidsledig med det første.... ;)


 


 
 
På pinnene har eg for tida nok ei barselgåve. Denne skal eg ikkje gje vekk før om eit par månader, så kva det er får eg komme tilbake til. Men at det er til ei lita jente er vel ganske tydeleg... ;)
 




 
Ønsker deg ei super helg!! (Jepp, eg har tatt helg allerede...)

torsdag 18. april 2013

Rosa babyjakke


Det er offisielt! Eg har INGEN UFOer liggende (så vidt eg veit...)! Denne jakka begynte eg på i fjor sommer. Eg hadde eit håp om at mitt nye tantebarn skulle vere ei jente, men det viste seg å bli nok eit tilskudd til gutteflokken. Så då vart den liggende halvferdig i UFO-korga. Dei siste vekene har eg derimot tatt tak og gjort ferdig denne og eit par andre ting som har venta på montering og knapper. Montering er virkelig det kjedeligste eg veit!! Trur eg må strikke meir monteringsfritt....

Oppskrifta til denne jakka fann eg i eit blad på jobb, men den er opprinneleg frå Gjestal. I holmønsteret på kvar side av knappestolpene skal det egentlig syast inn blomster med Mille fleur-sting, men eg syns den vart like fin uten. Eg har strikka den i deilig Bambino-ull, som desverre har gått ut av produksjon. (Med andre ord: eg har brukt av garnlageret!!!!) ;p Garnet er tjukkere enn det i oppskrifta, så eg la opp til str 0-3 men laga den like lang som str 6-9mnd. Etter å ha prøvd den på prøvedukka mi (les:nabogutten....stakkar...), stemmer det bra med 6-9mnd.





Den fine gamalrosa fargen kjem best fram på bildet under (ser jo nesten lilla ut på bildet over...). Ikkje alltid like enkelt å gjengje farger på bilder... ;)
Eg har fortsatt garn igjen så tenkte kanskje å strikke hua som høyrer til og eit par sokker. Greit å ha eit heilt sett. Foreløpig har den ingen mottaker, men med mange venninner som venter små så vert den nok ikkje liggandes å støve ned... ;)


 
 
 
Oppskrift: Gjestal
Garn: Bambino ull
Garnmengde: ca 110g
Pinnestr: nr 2,5 og 3
Str: La opp til str 0-3mnd men strikka lengden til str 6-9mnd
 
 
 
 
Ha ein fortsatt fin ettermiddag! :)

fredag 12. april 2013

My litle monkey...

Ja, for det er han virkelig. Han er høgt og lavt, klatrer, tuller og tøyser som dei fleste andre tre-åringer. Så kva er vel meir passende enn ei hue med apekattmotiv? :) Inspirasjonen fekk eg då eg var på ei julemesse i fjor. Der var det ei som solgte huer, men ho hadde ikkje rette størrelsen i dette stoffet. Så då er det jo berre til å hive seg rundt sjølv! Eg fann mønster på nett, men endte opp med å få hjelp av venninna mi istadenfor. Mykje enklere å få det vist av nokon som har gjort det før! ;)
Olliver var storfornøyd med hua og nekta å ha på seg noko anna! Men så var det det med å få tatt bilder av ein vilter apekatt.... Det var jaggu ikkje enkelt! Så her får du ein liten bildeserie..


 
 
Når me først var i gang vart det også til ei smekke. Smekka er sydd etter mønster frå stoff og stil, men eg syns den vart litt trang i halsen. Trur kanskje eg skal lage den litt lenger neste gang. Greit å ha to knapper i til å justere lengden etterkvart som dei veks til. Den er vel ikkje akkurat perfekt sydd, litt bølgete i kanten...Men øvelse gjer mester ikkje sant? :)


 
 
Eg vart iallefall bitt av basillen og har allerede vore og handla inn stoff til fleire prosjekt! Og kva er vel meir perfekt enn at denne kom i posten i dag!!! GLEDE!!
Kjipe greier at eg skal jobbe i helga.. ;-/  Jaja...neste veke! :)
 

 
 
 
 
Ha ei riktig god helg!

mandag 8. april 2013

Babyteppe

 
Dette er egentlig litt gamalt nytt, men tenkte eg kunne vise det i påvente av nye ferdige prosjekt. Eller rettere sagt, at dei ferdige prosjektene er gitt vekk. Litt dumt å vise før mottakeren har fått dei... ;)
 
Teppet er nok eit babyprosjekt eg fall pladask for før Olliver var påtenkt.Syns mønsteret var skikkelig lekkert så eg berre måtte! Eg var forholdsvis ny i strikkegamet så litt ambisiøst var det nok. Eg kan vel trygt sei at det vart MYKJE frustrasjoner undervegs, og eg klaga min nød til mamma fleire ganger om at oppskrifta ikkje kunne stemme. Viktig å ha noko å skylde på... ;)
Men mønsteret var heilt riktig og etter eit par hjerter var eg komme godt inn i det.
 
 
 
 
 
Eg gleda meg stort til å begynne å bruke det då Olliver var eit faktum, men det har faktisk ikkje vore i bruk ein einaste dag. Kun lagt til pynt på rommet hans. Tåpelig? Grunnen er enkel: mamma kom med eit deilig, stort nøstebarnteppe då han var fødd! Etter dette har han blitt tulla inn i teppet hennas til alle døgnets timer. Jaja...kanskje nestemann kan få gleda av å bruke det? Fint er det iallefall! ;)
 

 
 
Har du strikkeprosjekter som aldri har vore i bruk?
 
 
Til slutt, nok eit blomsterbukett-bilde... I helga hadde eg bursdag og det vart feira med middag og kinodate med min kjære på lørdag. I går var det familiebesøk og då kom foreldrene til Rayner med denne flotte rosebuketten! Dei gjorde seg i den fine vasen eg kjøpte frå Casa Interiør tidlegare i år.
 
Årets presanger bestod av penger. Og gjett kva dei skal brukast til!? SYMASKIN! Jepp, eg vart litt hekta etter eit par sykvelder, så no håper eg at interessa heldt seg. Kva eg har laga kjem eg tilbake til. Har ikkje fått tatt bilder enda.. :)
 
 
 
 
 
Oppskrift teppe: Sandnes Garn (Hefte nr 0514)
Garn: Lanett naturkvit
Garnmengde: ...kan eg ikkje huske, men ifølge oppskrifta 200g
Pinnestr: 2 og 2,5
 
 
Ha ein super kveld videre!

torsdag 4. april 2013

Litt mislykka prosjekt...

 
I jula fann eg ut at eg kunne trengt eit ekstra par med votter. Eg hadde to nøster Eskimo liggende og tenkte at det måtte vere perfekt til dette prosjektet. På DROPS fann eg ei votteoppskrift med nettopp dette garnet, kunne det bli bedre? Det eg ikkje tenkte på var at tjukt garn og tjukke pinner lager store masker. Store masker gjer at vinden bles rett gjennom. Når vinden bles rett gjennom vert det: *kkkkkkaldt*. Med andre ord ikkje så veldig nyttige. :p
 
 
 
 
Så kva gjer ein då? Kunne jo liksom ikkje berre kaste dei. Det endte opp med at eg heiv dei på 40grader i vaskemaskina og vips: Tova votter til Olliver til vinteren igjen! :) Heilt supert sidan dei han har begynner å bli for små.
 


 
 
Så alt i alt kan eg vel kanskje sei at prosjektet var vellykka likevel!?
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko! ;)
 
 
 
Oppskrift: DROPS
Garn: Eskimo
Garnmengde: 120g
Pinnenr: 8
 
 
 
Før eg avslutter må eg berre spørre om det er fleire som slit med å laste opp bilder til bloggen? Forstår ikkje heilt kva eg gjer feil. Får opp fleire ganger at opplastinga mislykkes. Må logge meg ut, slå av og på maskina for så å logge inn på nytt. Då vert dei (kanskje) lasta opp. Bruker jo eviglang tid berre på dette! Har prøvd å laste opp både via "Skriv" og "HTML-kode". Nokon tips til ei som har veldig lite kunnskap om PC?

mandag 1. april 2013

Påskekos

Ja så var påsken over for i år. Og for ein flott påske me har hatt!! Må vel kunne sei at det er sjelden me er bortskjemt med så nydelegt ver over så mange dager her på vestlandet. At SOLA skulle skinne frå BLÅ himmel HEILE påsken var det vel ingen som turde å håpe på... ;)

Eg var heldig og slapp unna med jobbing i palmehelga og to vakter i påskeveka, så me har virkelig fått kost oss og slappa av. Sidan eg vart fødd har me stort sett tilbragt påsken på hytta på Kvamskogen og denne påsken var intet unntak. Aking, skigåing og soling i hytteveggen...kan det bli bedre?




Dagene me tilbragte heime måtte og fyllast med litt uteaktiviteter. Her er me på ein aldri så liten fjelltur med lillegutt. Dette var første gang uten bæremeis så me var litt spent, men gutten gjekk heile veien sjølv med litt hjelp av rosiner og lovnad om bolle når me kom på toppen! ;) Viktig med rett proviant i sekken...




Rett før påske fann eg ut at eg hadde ALTFOR lite påskepynt. Ei blomsterpotte og to kyllinger....det sei seg sjølv, her måtte noko gjerast! Eg tok meg ein rask surferunde i blogglandia og fann desse flotte lyslyktene og søte små kaninene. Eit djupdykk i garnlageret gav resultat, bomullsgarn i gult og litt andre vårfarger. PERFEKT! Mamma hjalp med brukte syltetøysglass, så då var det berre til å sette i gang. Syns lyslyktene vart skikkelig flotte og dei gav ein koselig stemning i mørket. Trur nok det vert laga fleire slike. Eit "trekk" til kvar årstid kanskje? :) Oppskrifta på lyktene finn du her.
Kaninene var raske å hekle og eg hadde tenkt å lage ein del i ulike farger. Planen var å finne greiner med "pusekatter" på for så å pynte med kaninene. Joda...det var dei planene då... Det vart hekla tre stk, trådene er ikkje festa og greinene vart aldri funne og henta inn. Neste år kanskje??


 
 
Litt strikking har det og blitt tid til i påsken. Dette er eit lite babyprosjekt til veninna mi som venter ein gutt om nokre dager. Kva det er får eg komme tilbake til når gåva er gitt... ;)
 

 
Fått med deg kva som er favorittfargen min for tida?? ;)


Sist men ikkje minst...ingen påske uten PÅSKEEGG!! Me er så heldige at me fortsatt får påskeegg av mamma og pappa. Bortskjemt?? Tja, kanskje...men så får dei påskeegg av oss òg då! ;) Det største på bildet er vårt og det er stappa til randen, så her har det vore sukkeroverdose dei siste dagene. Godt det er påske berre ein gang i året... Det litle er Olliver sitt og du kan tru han vart stor i augene då han åpna det! Ny leikebil og eit kinderegg!!! Ingenting er som glade, fornøyde barn... :)



 
 
 
Ha ein fortsatt finfin siste påskekveld!! :)