onsdag 18. desember 2013

Juleforberedelser


Som i dei fleste andre heimar har det også her vore mykje juleforberedelser dei siste vekene. I år som i fjor har eg hatt juleverkstader saman med gode venninner. Det har blitt baka heile 7 sorter kaker, karameller og marsipanfigurer. Det skal seiast at pepperkakedeig, marsipan og kransekakemasse er kjøpt på butikken, men kva gjer vel det når det smaker like godt som heimelaga? ;) I tillegg er me så heldige som har fått krumkaker av tanta til Rayner. NAM! Så no er boksene fulle og me er klare for storinntak før og i jula! Det er så utruleg koseleg å bake saman med andre. Premien er at ein slepp å bake alt sjølv, samt at ein ikkje ender opp med altfor store porsjoner av kvar sort... ;)




Dei klassiske pepperkakehjertene til vinduet måtte sjølvsagt lagast i år og. Dei tre hjertene i lenke er også pepperkakehjerter, men her har me stansa ut eit hjerte midt inni og fyllt det med knust kjærlighet på pinne. Når du hiv det i ovnen smelter kjærligheten for så å stivne til "glass" når den er avkjølt. Skikkelig flott og dekorativt!


 
 
Karameller har eg lenge tenkt å prøve meg på og endeleg fekk eg det gjort! Desse er harde og med deilige valnøtter i. Etter tips frå dama bak oppskrifta har eg pakka dei inn i cellofan og pynta  dei litt . Fine smågåver å gje vekk! Oppskrifta på karamellene finn du her! :)


 
 
Ein anna ting som har stått på "to-do-lista" lenge er hjerte laga av greiner. Hadde eg visst kor utruleg enkelt det var og at det ikkje tok meir enn 5min å lage hadde det vore gjort for lengst. Nokken ganger er det berre litt tiltak å gjere noko ein ikkje har gjort før... ;)
 
På søndag vart juletre og hus pynta, pakkene ligg klare og forventningane til lillegutt stig for kvar dag! No gjenstår berre julevasken og me er klar for JUL! :)
 
 
 
 
Ha ei fortsatt fin førjulstid!


lørdag 14. desember 2013

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko....

Tidlegare i år strikka eg MorgenGry-genseren til meg sjølv. Genseren var varm og god og hadde super passform. Det eineste eg ikkje likte med den var at garnet eg hadde brukt begynte å nuppe etter berre eit par gangers bruk. Likevel vart det ein genser eg brukte mykje. Dessverre havna den på vanleg 40-vask og krympa til barnestørrelse. Det var ein lettere fortvila samboer som ringte meg på jobb og fortalte kva han hadde gjort. Hadde det ikkje vore for at dette var siste dag på jobb før sommerferien og dagen før ein lenge etterlengta sydentur så hadde nok skuffelsen og irritasjonen vore større... ;) Egentlig hadde eg tenkt å hive genseren, men den vart no liggandes ei stund.


MorgenGry-genser vs 5200K-genseren eg strikka i høst...

No i høst tenkte eg å lage eit sitteunderlag til lillegutt og då kom eg plutselig på at eg fortsatt hadde genseren. Så kva med å bruke den istadenfor å strikke nytt? Som sagt, så gjort. Eg klipte av armene og sydde saman front og bakside. I tillegg fekk eg ei venninne til å vise meg teknikken filting. Her er resultatet:




Dette var ein utruleg enkel og effektiv måte å pynte eit tova arbeid på og garantert noko eg kjem til å gjere igjen! Utstyr og ull er handla inn, så no er det berre til å begynne på nye prosjekt!
I tillegg til sitteunderlag fann eg ut at eg kunne bruke armene på genseren til å lage ekstra ull-såler til skoene til Olliver. Eg tok ut sålen i skoen og klipte rundt, vips et par ekstra innleggssåler! No mangler eg berre litt antiskli under sålene sånn at dei ligg litt meir i ro og ikkje krøller seg når han tar på seg skoene.


Så har du eit strikkeplagg som har blitt tova, blitt for lite eller som du rett og slett ikkje er fornøyd med? Ikkje kast det! Det kan brukes til så mangt! ;)



Ha ei fortsatt fin helg!