mandag 25. november 2013

Ein annleis julekalender...

  
I september reiste eg saman med mine flotte kollegaer til Polen, nærmare bestemt Szczecin. Eg jobber saman med to søstre som kjem derifra og me var så heldige å få bu i huset til foreldrene deira. Å reise saman med nokon som er lokalkjent er heilt supert! Då føler ein at ein får oppleve kulturen på nærare hald. Byen var tydeleg prega av ei tøff fortid, men hadde likevel mykje sjarm å by på. Dessverre forsto eg raskt kvifor enkelte velger å flytter frå landet. Når ein taxitur på 10-15minutter koster 15kr og drivstoffprisen er den samme som i Norge kjem ein raskt fram til at ein må jobbe mykje for å ha råd til livets opphold. Og sjølv om ein er to som jobber i fulle stillinger er det likevel vanskelig å kjøpe sin egen bolig. Syns det er heilt utruleg at kvardagen kan vere så ulik vår berre ein kort flytur unna. Det gjer at eg sett mykje meir pris på alle dei godene me har i dette landet. Me kan virkelig klage på så mangt, men det er bagateller i den store sammenhengen....
 

 
 
Når me kom heim spurte kollegaen meg om me skulle lage ein litt annleis julekalender på jobb i år. Istadenfor å kjøpe små presanger til kvarandre kunne me heller gje penger til fattige barn/familier i Polen. Ho spurte om eg ville hjelpe ho å hekle hjerter som me kunne gje som ein liten symbolsk "takk for hjelpen". Sånne ting sei eg sjølvsagt ikkje nei til. Så på eit par timer vart det til 25 hjerter. Fleire har meldt seg på heklinga, så ho endte opp med ein god bunke til slutt.
Eg syns dette var eit fantastisk godt tiltak! Nordmenn svir av tusenvis av kroner på julefeiring og presanger kvart år. Det er nesten så ein gløymer kva som er det viktige oppi all julestria, nemlig å ha det godt og få vere saman med sine kjære.




 Strikkefakta:

Oppskrift: Frå den flotte bloggen Bekki Bjarnoll
Garn: Bomull Sport frå Spar Kjøp
Heklenål: nr 4



Den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad! :)
 

onsdag 13. november 2013

Sommerfugl i vinterland...

 
Ja, for ein gul sommerkjole passer vel ikkje heilt inn i årstida... Denne kjolen strikka eg første gang til ei lita jente som kom til verda i fjor. Eg likte mønsteret så godt så eg måtte berre strikke den ein gang til! Det har vore overvekt av guttefødsler i det siste så eg visste ikkje heilt kven eg skulle strikke den til. Men når eg fekk vite at dei trengte salgsvarer til Redd Barna si julemesse her på øya var saken grei. Garnet hadde eg liggende så då var det berre til å sette i gang. Den er strikka i 1-3mnd, men er nok litt stor i størrelsen. Jenta som fekk den til fødselen i mai i fjor brukte den frå ho var to veker og bruker den enda, så me kan vel nesten sei at det er "one size fits all"...
 
 
 
 
Eg får dessverre ikkje vere med på julemessa sjølv då me er vekkreist, men får håpe at nokon legg sin elsk på kjolen og at det kjem klingande mynt i kassa... ;)


 
 
Strikkefakta:
 
Oppskrift: Sandnes Garn
Garn: Baby bomull frå SparKjøp
Pinnestr: 2 og 2,5
 
 
Ha ein finfin kveld! 

lørdag 9. november 2013

Ballongbukse

For ei veke sidan kom ein nydelig gutt til verda og som alle andre fortjener han sjølvsagt eit strikkeplagg frå meg. Mora er ivrig strikker sjølv, og med ein gutt frå før var det ikkje lett å vite kva eg skulle lage. Etter ein liten prat med den vordende mor kom me fram til at ballongbukse kunne vere tingen. Oppskrifta vart henta frå heftet "All you knit is love" av Susie Haumann. Kjolen frå dette innlegget er frå samme hefte og har det samme mønsteret. Eg sa til meg sjølv at det vart lenge til eg skulle strikke noko med så mykje vrangmasker, men du veit, forelsker du deg i eit strikkeplagg så må ein berre.... Som sagt, så gjort!



Mammen ønska å bruke buksa til jul når lillegutt er knappe to mnd. Sidan minste størrelse er 0-6mnd og eg hadde eit litt tjukkere garn enn oppskrifta valgte eg å legge opp 10 masker mindre. Å endre på ei oppskrift er som kjent ikkje berre berre, spesielt når det er mønster...og hadde eg lest heile oppskrifta hadde eg gjort det litt annleis. Men etter litt knoting vart eg fornøyd med resultatet. Så no får eg berre håpe at buksa passer til jul! :)


Strikkefakta:

Oppskrift: "All you knit is love" av Susie Haumann
Garn: Drops Alpaca
Pinnestr: Nr 3
 
 
Ha ein fortsatt fin lørdags kveld! :)