onsdag 18. desember 2013

Juleforberedelser


Som i dei fleste andre heimar har det også her vore mykje juleforberedelser dei siste vekene. I år som i fjor har eg hatt juleverkstader saman med gode venninner. Det har blitt baka heile 7 sorter kaker, karameller og marsipanfigurer. Det skal seiast at pepperkakedeig, marsipan og kransekakemasse er kjøpt på butikken, men kva gjer vel det når det smaker like godt som heimelaga? ;) I tillegg er me så heldige som har fått krumkaker av tanta til Rayner. NAM! Så no er boksene fulle og me er klare for storinntak før og i jula! Det er så utruleg koseleg å bake saman med andre. Premien er at ein slepp å bake alt sjølv, samt at ein ikkje ender opp med altfor store porsjoner av kvar sort... ;)




Dei klassiske pepperkakehjertene til vinduet måtte sjølvsagt lagast i år og. Dei tre hjertene i lenke er også pepperkakehjerter, men her har me stansa ut eit hjerte midt inni og fyllt det med knust kjærlighet på pinne. Når du hiv det i ovnen smelter kjærligheten for så å stivne til "glass" når den er avkjølt. Skikkelig flott og dekorativt!


 
 
Karameller har eg lenge tenkt å prøve meg på og endeleg fekk eg det gjort! Desse er harde og med deilige valnøtter i. Etter tips frå dama bak oppskrifta har eg pakka dei inn i cellofan og pynta  dei litt . Fine smågåver å gje vekk! Oppskrifta på karamellene finn du her! :)


 
 
Ein anna ting som har stått på "to-do-lista" lenge er hjerte laga av greiner. Hadde eg visst kor utruleg enkelt det var og at det ikkje tok meir enn 5min å lage hadde det vore gjort for lengst. Nokken ganger er det berre litt tiltak å gjere noko ein ikkje har gjort før... ;)
 
På søndag vart juletre og hus pynta, pakkene ligg klare og forventningane til lillegutt stig for kvar dag! No gjenstår berre julevasken og me er klar for JUL! :)
 
 
 
 
Ha ei fortsatt fin førjulstid!


lørdag 14. desember 2013

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko....

Tidlegare i år strikka eg MorgenGry-genseren til meg sjølv. Genseren var varm og god og hadde super passform. Det eineste eg ikkje likte med den var at garnet eg hadde brukt begynte å nuppe etter berre eit par gangers bruk. Likevel vart det ein genser eg brukte mykje. Dessverre havna den på vanleg 40-vask og krympa til barnestørrelse. Det var ein lettere fortvila samboer som ringte meg på jobb og fortalte kva han hadde gjort. Hadde det ikkje vore for at dette var siste dag på jobb før sommerferien og dagen før ein lenge etterlengta sydentur så hadde nok skuffelsen og irritasjonen vore større... ;) Egentlig hadde eg tenkt å hive genseren, men den vart no liggandes ei stund.


MorgenGry-genser vs 5200K-genseren eg strikka i høst...

No i høst tenkte eg å lage eit sitteunderlag til lillegutt og då kom eg plutselig på at eg fortsatt hadde genseren. Så kva med å bruke den istadenfor å strikke nytt? Som sagt, så gjort. Eg klipte av armene og sydde saman front og bakside. I tillegg fekk eg ei venninne til å vise meg teknikken filting. Her er resultatet:




Dette var ein utruleg enkel og effektiv måte å pynte eit tova arbeid på og garantert noko eg kjem til å gjere igjen! Utstyr og ull er handla inn, så no er det berre til å begynne på nye prosjekt!
I tillegg til sitteunderlag fann eg ut at eg kunne bruke armene på genseren til å lage ekstra ull-såler til skoene til Olliver. Eg tok ut sålen i skoen og klipte rundt, vips et par ekstra innleggssåler! No mangler eg berre litt antiskli under sålene sånn at dei ligg litt meir i ro og ikkje krøller seg når han tar på seg skoene.


Så har du eit strikkeplagg som har blitt tova, blitt for lite eller som du rett og slett ikkje er fornøyd med? Ikkje kast det! Det kan brukes til så mangt! ;)



Ha ei fortsatt fin helg!


mandag 25. november 2013

Ein annleis julekalender...

  
I september reiste eg saman med mine flotte kollegaer til Polen, nærmare bestemt Szczecin. Eg jobber saman med to søstre som kjem derifra og me var så heldige å få bu i huset til foreldrene deira. Å reise saman med nokon som er lokalkjent er heilt supert! Då føler ein at ein får oppleve kulturen på nærare hald. Byen var tydeleg prega av ei tøff fortid, men hadde likevel mykje sjarm å by på. Dessverre forsto eg raskt kvifor enkelte velger å flytter frå landet. Når ein taxitur på 10-15minutter koster 15kr og drivstoffprisen er den samme som i Norge kjem ein raskt fram til at ein må jobbe mykje for å ha råd til livets opphold. Og sjølv om ein er to som jobber i fulle stillinger er det likevel vanskelig å kjøpe sin egen bolig. Syns det er heilt utruleg at kvardagen kan vere så ulik vår berre ein kort flytur unna. Det gjer at eg sett mykje meir pris på alle dei godene me har i dette landet. Me kan virkelig klage på så mangt, men det er bagateller i den store sammenhengen....
 

 
 
Når me kom heim spurte kollegaen meg om me skulle lage ein litt annleis julekalender på jobb i år. Istadenfor å kjøpe små presanger til kvarandre kunne me heller gje penger til fattige barn/familier i Polen. Ho spurte om eg ville hjelpe ho å hekle hjerter som me kunne gje som ein liten symbolsk "takk for hjelpen". Sånne ting sei eg sjølvsagt ikkje nei til. Så på eit par timer vart det til 25 hjerter. Fleire har meldt seg på heklinga, så ho endte opp med ein god bunke til slutt.
Eg syns dette var eit fantastisk godt tiltak! Nordmenn svir av tusenvis av kroner på julefeiring og presanger kvart år. Det er nesten så ein gløymer kva som er det viktige oppi all julestria, nemlig å ha det godt og få vere saman med sine kjære.




 Strikkefakta:

Oppskrift: Frå den flotte bloggen Bekki Bjarnoll
Garn: Bomull Sport frå Spar Kjøp
Heklenål: nr 4



Den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad! :)
 

onsdag 13. november 2013

Sommerfugl i vinterland...

 
Ja, for ein gul sommerkjole passer vel ikkje heilt inn i årstida... Denne kjolen strikka eg første gang til ei lita jente som kom til verda i fjor. Eg likte mønsteret så godt så eg måtte berre strikke den ein gang til! Det har vore overvekt av guttefødsler i det siste så eg visste ikkje heilt kven eg skulle strikke den til. Men når eg fekk vite at dei trengte salgsvarer til Redd Barna si julemesse her på øya var saken grei. Garnet hadde eg liggende så då var det berre til å sette i gang. Den er strikka i 1-3mnd, men er nok litt stor i størrelsen. Jenta som fekk den til fødselen i mai i fjor brukte den frå ho var to veker og bruker den enda, så me kan vel nesten sei at det er "one size fits all"...
 
 
 
 
Eg får dessverre ikkje vere med på julemessa sjølv då me er vekkreist, men får håpe at nokon legg sin elsk på kjolen og at det kjem klingande mynt i kassa... ;)


 
 
Strikkefakta:
 
Oppskrift: Sandnes Garn
Garn: Baby bomull frå SparKjøp
Pinnestr: 2 og 2,5
 
 
Ha ein finfin kveld! 

lørdag 9. november 2013

Ballongbukse

For ei veke sidan kom ein nydelig gutt til verda og som alle andre fortjener han sjølvsagt eit strikkeplagg frå meg. Mora er ivrig strikker sjølv, og med ein gutt frå før var det ikkje lett å vite kva eg skulle lage. Etter ein liten prat med den vordende mor kom me fram til at ballongbukse kunne vere tingen. Oppskrifta vart henta frå heftet "All you knit is love" av Susie Haumann. Kjolen frå dette innlegget er frå samme hefte og har det samme mønsteret. Eg sa til meg sjølv at det vart lenge til eg skulle strikke noko med så mykje vrangmasker, men du veit, forelsker du deg i eit strikkeplagg så må ein berre.... Som sagt, så gjort!



Mammen ønska å bruke buksa til jul når lillegutt er knappe to mnd. Sidan minste størrelse er 0-6mnd og eg hadde eit litt tjukkere garn enn oppskrifta valgte eg å legge opp 10 masker mindre. Å endre på ei oppskrift er som kjent ikkje berre berre, spesielt når det er mønster...og hadde eg lest heile oppskrifta hadde eg gjort det litt annleis. Men etter litt knoting vart eg fornøyd med resultatet. Så no får eg berre håpe at buksa passer til jul! :)


Strikkefakta:

Oppskrift: "All you knit is love" av Susie Haumann
Garn: Drops Alpaca
Pinnestr: Nr 3
 
 
Ha ein fortsatt fin lørdags kveld! :)


mandag 21. oktober 2013

5200K


Ja, det er navnet på mitt nye egoprosjekt! Denne genseren har eg sikla på sidan i vår og for snart to månader sidan vart den endeleg ferdig. (Jepp, litt treg med å få prosjektene ut på bloggen for tida...)
Dette er nok ein genser der ein starter på toppen og jobber seg nedover. Syns denne måten å strikke på er heilt genial! Spesielt når det skal vere figurnært. Eg har ikkje ein såkalla A4-kropp (finns det egentlig??), så denne måten gjer det enklere å tilpasse gensere/topper til egen figur. Eg er lang i overkroppen og kort i beina, så ein standard genser har ein tendens til å bli litt kort for min del. Som du ser av bildet under var det enkelt å ta på seg genseren og prøve undervegs.


In the making...
 
 
Tidlegare i år strikka eg MorgenGry-genseren til meg sjølv. Den havna dessverre på vanleg 40-vask og krympa til str xxxs, så denne gangen var eg smart og valgte superwash-garn.
Litt detaljer vart som vanleg endra på i forhold til oppskrifta. Det eine var at eg valgte å skrå baksida på genseren. Opprinneleg skulle den kun vere skrå framme og rett bak. Sjølv syns eg det vart finast å skrå begge plasser. Eg har i tillegg droppa lomma som skulle vere på framsida.
 
 

 
Genseren kan lagast i 10 ulike voksenstørrelser, så det skulle vere noko for dei fleste. Sjølv havna eg midt mellom to størrelser, noko som ikkje skapte problem for resten av oppskrifta.
Eg vart godt fornøgd med resultatet og genseren har allerede vore mykje i bruk. Kan så absolutt anbefalast videre! :)


 
 
 
Fakta
 
Oppskrift: Ravelry
Garn:DROPS Fabel
Pinnestr: 3,5 og 4
 
 
Ha ein fortsatt fin dag! :)


torsdag 17. oktober 2013

Opptenningsbrikettboksen er "styla"!


I fjor såg eg mange som hadde laga trekk til boksen med opptenningsbriketter. Dette syns seg var ein supergod idè og eg hadde store planer om å få strikka meg eit. Men vinteren kom og gjekk før eg klarte å få det på pinnene. No når kulda kom fekk eg ny giv, og på eit par kvelder var det ferdig.




Dette var eit supert restegarnprosjekt, men som vanleg gjekk eg tom for garn eit par rader før det var ferdig. Heldigvis har eg mange strikkeglade venninner, så hjelpen var ikkje langt unna. :)
Oppskrifta har eg knota ned sjølv etter inspirasjon frå andre eg har sett rundtom i blogglandia.

Oppskrifta er som følger:

Eg brukte dobbel tråd Sandnes Lanett.
Legg opp 50 masker på pinne nr 3,5.
Strikk 21 riller, 24omg glattstrikk og avslutt med 21 riller.





Venninna mi med denne flotte bloggen har meldt seg på oktoberutfordringen til Pinnekroken, der temaet er "noe som varmer". Så inspirert av ho tenkte eg at dette kunne vere eit artig bidrag. Premien er garn og knapper, noko eg meir enn gjerne tar imot. Så då er det berre til å krysse fingrene og håpe at vinnerlykken slår til!



Ha ein fin kveld!

onsdag 2. oktober 2013

Varme masker


Har du hørt om Strikk for livet? To fantastiske sjukepleiarar skal i januar reise til sjukehuset Haydom i Tanzania og jobbe som frivillige. I den forbindelse har dei bedt strikkeglade nordmenn om å strikke kuvøsekler til små, premature barn. På sjukehuset har dei ikkje kuvøser, så varme, gode klede kan vere alfa omega for at dei små overlever. Som den strikkeentusiasten eg er så lar eg ikkje dette gå forbi. Så her er mitt første bidrag:




Kuvøsegenseren er strikka i eitt stykke der monteringen kun består i å sy saman under armene og i sidene. Oppskrifta finn du på facebooksida deira (link øverst i innlegget).




Etter eit lite google-søk fann eg oppskrifta på denne hua. Syns den var så søt med hjerter rundt heile hua. Perfekt til eit lite hjertebarn! :)




Sokkene fann eg oppskrift på her. Heilt utruleg at det finns så små føtter. No er denne fyrstikkeska av den mellomstore typen, men likevel...



Så no gjenstår det berre å få sendt det avgårde, så får me sjå om det vert fleire bidrag etterkvart!


 
Ha ein fin dag! :)

torsdag 19. september 2013

Genser til lillegutt

 
Etter å ha strikka ein haug med barselgaver den siste tide syns eg det var på høg tid at min egen lille Olleboll fekk noko heimestrikka. Inspirert av årstida fann eg fram ei oppskrift på ein genser eg har tenkt lenge på å strikke. Mønsteret fann eg på SparKjøp tidlegare i år. Dei hadde salg på alt garn, så då vart sjølvsagt nøstene til genseren med heim. Så i min lille barselstrikk-pause vart denne til.
 
 
 
 
Genseren skulle strikkast med pinnenummer 8 og 9, men sidan nr 9 ikkje er å finne i mitt pinnelager så vart den strikka med nr 7 og 8. Pga dette la eg opp til str 6 år og strikka lengden til str 4år. Heldigvis traff eg blink og genseren satt som eit skudd. Den er tjukk og god og vil vere super under regntøy på sure, kalde dager!
Dette var eit enkelt prosjekt som var unnagjort på nokre kvelder, så den kan absolutt anbefalast! Gøy å strikke med tjukke pinner og tjukt garn! ;)

 


Oppskrift: Strikkedesign no.236 frå SparKjøp
Garn: Naturgarn Soft
Garnmengde: Nesten 5 nøster
Pinnestr: Strømpepinne og rundpinne 7 og 8


 
 
Ha ein fortsatt god dag! :)

tirsdag 10. september 2013

Smilla's kjole

....eller kanskje eg skal sei Victoria's kjole. Det er nemlig navnet på den nydelige jenta som no er eigar av denne kjolen. Ho er 3 veker gammal og på fredag var eg på barselbesøk. Eg må sei at eg til stadig vert overraska over kor små dei er, sjølv om min eigen litle Olliver var like liten. Rart kor fort ein gløymer.


 
 
Kjolen er strikka i New Zealand lammeull, mykje det samme som nøstebarnull men hakket billigere. Eg har brukt dette garnet ein gang før, då til bestefargenseren eg strikka til Olliver. Syns det er eit deilig og luftig garn som eg sannsynlegvis kjem til å bruke igjen. Om du har lyst til å prøve garnet finn du det på nettsida Strikkelin.
Som du ser innebærer kjolen ein heil del vrangstrikk, noko eg ikkje er så frykteleg glad i. Men når ein er fornøyd med resultatet glømmer ein prosessen... ;) Eg likte ikkje heilt avslutningen på kjolen, så derfor vart det til ein fastmaskerunde og picotkant. Eit effektivt virkemiddel for å gjere det heile litt meir sukkersøtt. :)


 
 
Eit par søte knapper måtte kjolen selvfølgelig ha. Desse har eg fått av venninna mi som bestilte ein heil del knapper via Etsy. Om du ikkje har vore innom denne sida, kan eg virkelig anbefale den, eit skikkelig knappeeldorado! ;)
 
 
 
Strikkefakta
 
Oppskrift: Smilla's kjole frå heftet "All you knit is love" av Susie Haumann
Garn: New Zealand lammeull
Pinnestr og heklenål: nr 3,5
 
 
 
 
Ønsker deg og dine ein fortsatt fin dag!

onsdag 4. september 2013

Monsterbukse

 
Det begynner å gå lovleg lang tid mellom blogginnleggene mine! Det betyr ikkje at strikkepinnene har fått kvile, tvert imot. Eg har eit par barselprosjekt som er ferdig strikka, men ikkje gitt vekk enda, så dei må eg vente med å legge ut. I tillegg er genseren til meg sjølv så å sei ferdig. Mangler berre knapper og litt smådetaljer som eg ikkje har klart å bestemme meg for... Så fleire strikkeinnlegg kjem snart! ;)
Ein anna årsak ser du på bildet under. Då me var på Mallorca i sommar gjekk eg tom for lesestoff. Veninna mi hadde med fleire av desse bøkene, så då tenkte eg at eg like godt kunne begynne å lese dei. Problemet er berre at det er heile 55 bøker i serien, og sjølv om det går an å lese ei bok på ein dag så tar det tid - dyrbar STRIKKETID! Eg har så langt komme til bok nr 16, så eg trur eg har nok lesestoff til resten av høsten!! ...men litt strikking skal snikast inn... :)
 
 
 
 
I mellomtida får eg vise litt av det eg har strikka tidlegare...
Høsten for to år sidan vart denne monsterbuksa til. Inspirasjonen kom frå tanta mi som hadde strikka til barnebarnet sitt. Så eg tråla nettet på jakt etter det "perfekte monsteret". Valget fall på denne grønne dragen. Dette var mitt aller første maskestingprosjekt og resultatet vart vel deretter... Men Olliver var storfornøyd med den nye buksa! Den var heilt super til kalde dager i barnehagen. Dessverre laga eg den litt kort, så det var ikkje så lenge han fekk glede seg over den. Eg tenkte fleire ganger at eg skulle rekke opp igjen vrangborden på foten for så å lage den lenger, men du veit - det var dei planene då... ;p
 
 


Buksa er eit supert restegarnprosjekt laga i diverse babyull. Oppskrifta på buksa fann eg på nettet, utan at eg heilt husker kor... Men eg skal så absolutt lage fleire!!


 
 
...og så må eg berre få med - I går var eg så heldig at eg fekk gå og forsyne meg med plommer frå treet til eit vennepar. Heile 5kg vart med heim i posen. Så no er frysen fyllt med deilig plommesyltetøy som me skal nyte utover høsten. Er så utruleg godt med heimelaga syltetøy!!




Når eg likevel måtte stå på kjøkkenet og passe på syltetøyet vart det jammen meg til eit par rundstykker òg. Så i går kveld vart det deilig kveldsmat, for ikkje å snakke om dagens lunsj som no skal inntas... ;)






Ha ein super dag!!

onsdag 31. juli 2013

Stille tider...

Det er stille på bloggen for tida. Årsaken er at ferien er over samtidig som at Vestlandet fekk tidenes sommerver for to veker sidan. Så her har all ledig tid blitt brukt ute i sola! 8-) Strikketøyet har fått kvile litt til fordel for soling, bading, lesing og herjing med lillegutt. ....men litt har det sjølvsagt blitt. No for tida heldt eg på med ein genser til meg sjølv, men den er langt frå ferdig og dermed ikkje noko å vise fram endå.

Eg tar derfor heller fram det eg liker å kalle for eit bil/ferje-prosjekt, nemlig vaskekluter. Her trengs det ikkje mykje konsentrasjon og det gjer ikkje noko om ein blir hyppig avbrutt, så det passer supert til bilen (når andre kjører sjølvsagt...). I tillegg har me ferje her på øya vår. Det tar ca 12min å komme seg over fjorden og dei minuttene vert ofte tilbragt med strikkepinnene i hendene.


 
 
Det har blitt til ein del vaskekluter på bil- og ferjeturene dei siste årene. Dei fleste har havna på kjøkkenbenken til andre, så no syns eg det var på tide og fornye vårt eget kjøkken. Så desse er til meg sjølv....trur eg.... ;)
 
 
Oppskrifta er nok kjent for dei fleste. Sjølv fekk eg den av ein kollega for nokre år sidan.
Den er som følger:
 
-Legg opp 55m på pinnenr 3
-Strikk 1r 1vr
-Strikk rett tilbake
-Gjenta til ønska størrelse
 
Eg brukte ca 1 nøste Bomull Sport frå SparKjøp per vaskeklut. Eg har ein heil haug like nøster liggende så dette vert nok ikkje den siste vaskekluten som vert strikka. Men kanskje det er på tide å prøve eit nytt mønster... ;p
 
 
 
Ha ein fortsatt fin dag!! :)
 


mandag 15. juli 2013

I palmesus og dus...

Det har vore ein aldri så liten bloggpause dei siste vekene. Årsaken til det er ein lenge etterlengta sydentur! Dei siste årene har det kun vore skandinavia-turer på oss sommerstid, noko som stort sett betyr under 20grader og gjerne regn. Så no var det deilig å hive seg på eit fly og sikre seg sol og varme i to veker.


Flyet tok oss til deilige Alcudia på Mallorca. Eg har aldri vore der før, men det var eit sant paradis for dei små! Hotellet me budde på var supert, med godt tilrettelagte barnebasseng, flotte leiligheter og god beliggenhet i forhold til stranda. Så det vart bading og soling 14 dager til endes! Me reiste saman med eit vennepar som har ein gutt i samme alder som Olliver. Noko som uten tvil gjorde turen mykje meir avslappande både for store og små! ;)




Strikketøyet fekk sjølvsagt også vere med i kofferten, sjølv om eg ikkje såg for meg dei heilt lange strikkeøktene. Men nokre runder vart det no i solnedgangen på terassen. Så no nærmer neste barselgave seg ferdig.. ;)




Håper du har ein deilig ferie kvar du no måtte vere! :)




fredag 21. juni 2013

Går det an...


...å ferdigstille eit strikkeprosjekt utan å gjere feil undervegs? Eg begynner snart å miste trua!
Dette er det tredje baby "UGGs"-paret eg strikker på ein månad. Pga dette tenkte eg at NO kan eg mønsteret så godt at eg berre kan "kjøre på". Men den gang ei... Denne gangen var eg komme så langt at eg hadde festa alle trådene og var klar til å sy i knapper før eg oppdaga feilen: knappene havna bak istadenfor på sida. "AAAAARG, no må eg ta opp igjen heile foten!!!" -var det første eg tenkte. Heldigvis satt eg ei stund og grubla før eg begynte den kjedelige opprekkinga. Kva med å ta dei to delene frå kvarandre og sy dei saman igjen?




Dette har eg ikkje gjort før, men som Pippi Langstrømpe hadde sagt:
"det klarer eg heilt sikkert" 
Som sagt så gjort. Det gjekk fint å ta dei to delene frå kvarandre og jammen meg fekk eg dei saman igjen utan dei heilt store problemene.




Og vips, så var eit nytt par baby "UGGs" ferdige! *Lykke* Så no håper eg mottakaren vert like fornøgd som meg... ;)




Må forresten ta med mitt siste garninnkjøp. Eg syns eg har vore flink til å slanke garnlageret pittelitt i det siste, så no var det på tide med noko nytt! Desse 6 nøstene skal forhåpentligvis bli omgjort til ein flott genser til meg sjølv om ikkje så altfor lenge. Gleder meg til å sette i gang!!





Ønsker deg og dine ei super helg! :)

fredag 14. juni 2013

Bella baby


For ei lita stund sidan kjøpte eg Lene Holme Samsøe sitt strikkehefte: Babystrikk på pinde 3. Sidan då har det klødd i strikkehendene etter å få begynne på denne søte toppen og no er den endeleg ferdig! :)
...men ingen prosjekt utan litt "klabb og babb".... Som nevnt i eit tidlegare innlegg måtte eg rekke opp igjen heile mønsterdelen fordi den vart altfor stor. Årsak: gidd ikkje å strikke prøvelapp... :p Så etter å ha strikka prøvelapppen (for andre gang i min strikkekarriere) endte eg opp med ein halv pinnestørrelse mindre.



Eg har strikka den i størrelse 9-12mnd, men eg syns den er litt vid. Av den grunn valgte eg å lage den litt lenger, så tipper den er meir passende i str 1år +.




Eg hadde litt garnrester igjen og tenkte eg kunne prøve meg på eit hårband som passer til toppen.
Så då knota eg ned eit holmønster og la opp 108 masker på pinne nr 2. Eg begynte med ein vrang runde, så to rette før eg strikka holmønsteret. Avslutta med to rette og ein vrang runde før eg felte av med ein rett runde. Blomsten er hekla og oppskrifta fann eg her.
Mottakeren kan ikkje ha eit altfor stort hovud då hårbandet berre måler 40cm...heldigvis er det no litt stretch i det òg! ;)




Olliver syns tydlegvis at hårbandet var veldig fint for han tok det på hovudet med ein gang han såg det. Muligens litt lite og kanskje i overkant feminint...jaja, eg får lage eit i blått. ;)



Oppskrift: Frå heftet Babystrikk på pinde 3
Garn: Sandnes mini duett (fargen har gått ut av produksjon)
Pinnenr: 2 og 2,5


Ha ei super helg! :)






fredag 7. juni 2013

Baby "UGG"

Ja, det går i babystrikk for tida... Det har som sagt komme mange søte små til verda i det siste så strikkepinnenen går nesten varme av all strikkinga! ;) Men ingenting er vel så koselig som å strikke deilige babyplagg!
Denne gangen er mottakeren søstera til ei venninne som fekk to hærlege tvillinggutter i april. Eg har lenge sett på desse baby "UGGsene" og tenkte at dette var ein ypperlig anledning til å få strikke dei. Oppskrifta kjem frå dama bak den koselige bloggen MusMei og Hemilia.




Som vanleg tenkte eg at dette var eit raskt og enkelt prosjekt, men litt knoting og tid gjekk med. Oppskrifta er egentlig ganske god med bilder og forklaringer, likevel brukte eg tid på å finne ut av enkelte ting. Men når den første var ferdig gjekk dei tre neste ganske så radig. Til tross for dette vart det skikkelig skippertak for å få dei ferdige, samme dag som dei skulle leverast...typisk meg! Alltid ute i siste liten... ;) Jaja, ferdige vart dei og eg må sei at dei vart skikkelig søte. Trur kanskje det vert laga fleire!




Oppskrift: MusMei og Hemilia
Garn: Sandnes Lanett
Pinnenr: 3

Ønsker deg ei super helg!!

søndag 2. juni 2013

Den evinnelige prøvelappen....

Nok ein gang opplever eg å bomme på størrelsen på eit strikkeprosjekt. Eg begynner etterkvart å innsjå at å strikke ein prøvelapp kan vere lurt. Trur eg har gjort det ein gang i løpet av min strikkekarriere, men heretter vert det oftere!
Denne gangen begynte eg på ein Bella Baby top. Eg endte opp med å bruke Sandnes mini duett sidan eg hadde det i garnlageret mitt. Ifølge oppskrifta skulle det passe greit til pinnestørrelse 3, så eg la opp og begynte å strikke i god tru!
Etter å ha strikka heile mønsteret på toppen såg eg at den kom til å bli ALTFOR STOR! Eg kunne jo berre valgt å strikke den litt lenger og dermed lage ein størrelse større. Men sidan garnet er frå garnlageret og eg berre har to nøster var eg redd det kom til å bli for lite... Så kva gjer ein då? Jo, rekk opp igjen alt sammen...




....og begynner på ein prøvelapp... Alt som skulle til var å gå ned ein pinnestørrelse.




Så då er det vel berre til å starte på nytt..... :p
Heldigvis er det ikkje tidsfrist på dette då det er eit "berre-MÅ-lage-for-den-er-så-fin-prosjekt"!



Fleire der ute som ikkje gidd å strikke prøvelapper?  ;)

torsdag 30. mai 2013

Jentevest

 
Du tenker vel kanskje: "Enda ein vest???". ;) Jepp, sånn er det. Syns vester er eit supert plagg til dei små. Dei er lune og gode, samtidig som dei ikkje er altfor varme til aktive kropper.
Denne gangen var det tid for å strikke i rosa. Det har komme flust med gutter til verda dei siste par årene, så no var det kjekt å strikke til ei lita jente. Mottakeren er dattera til ei venninne som allerede har rukke og bli 3 veker gammal (det går så fort!!!).





Oppskrifta på vesten fann eg på Pinnsvin Design. Eg har sett den på diverse blogger og syns den var skikkelig lekker! Den er strikka i Isager Alpaca 2, som eg kjøpte saman med oppskrifta. Fargen heiter så mykje som "nr 19", ein djup plommeraud farge.
Litt endringer vart gjort underveis, blandt anna valgte eg vekk perlestrikken under mønsteret. Syns det vart like fint utan. Eg valgte og vekk perlestrikken rundt ermholene. Her hekla eg først ein runde med fastmasker, så ein runde med picoter. Eg er fornøgd med resultatet, men stusser litt på størrelsen... Denne skal vere str 6mnd, men den ser meir ut som nyfødtstørrelse. Eg har brukt rett garn og pinnestørrelse, så ikkje veit eg... Jaja, får tru ho får bruke den ei stund! :)




Til slutt eit lite stemningsbilde frå terassen.. Me har hatt skikkelig flott vær her i vest dei siste vekene og det veit me å nyte (sidan det er forholdsvis sjelden...). I går hadde eg seinvakt så då var det berre til å slenge seg i sofaen ute og finne fram strikketøyet! 
*DEILIG MED SOMMER!!!*


  


Oppskrift: Pinnsvin design
Garn: Isager Alpaca 2, farge 19
Pinnestr: nr 3
Garnforbruk: ca 45g
Størrelse: 6mnd (?)


Ønsker deg ein finfin kveld!