fredag 21. juni 2013

Går det an...


...å ferdigstille eit strikkeprosjekt utan å gjere feil undervegs? Eg begynner snart å miste trua!
Dette er det tredje baby "UGGs"-paret eg strikker på ein månad. Pga dette tenkte eg at NO kan eg mønsteret så godt at eg berre kan "kjøre på". Men den gang ei... Denne gangen var eg komme så langt at eg hadde festa alle trådene og var klar til å sy i knapper før eg oppdaga feilen: knappene havna bak istadenfor på sida. "AAAAARG, no må eg ta opp igjen heile foten!!!" -var det første eg tenkte. Heldigvis satt eg ei stund og grubla før eg begynte den kjedelige opprekkinga. Kva med å ta dei to delene frå kvarandre og sy dei saman igjen?




Dette har eg ikkje gjort før, men som Pippi Langstrømpe hadde sagt:
"det klarer eg heilt sikkert" 
Som sagt så gjort. Det gjekk fint å ta dei to delene frå kvarandre og jammen meg fekk eg dei saman igjen utan dei heilt store problemene.




Og vips, så var eit nytt par baby "UGGs" ferdige! *Lykke* Så no håper eg mottakaren vert like fornøgd som meg... ;)




Må forresten ta med mitt siste garninnkjøp. Eg syns eg har vore flink til å slanke garnlageret pittelitt i det siste, så no var det på tide med noko nytt! Desse 6 nøstene skal forhåpentligvis bli omgjort til ein flott genser til meg sjølv om ikkje så altfor lenge. Gleder meg til å sette i gang!!





Ønsker deg og dine ei super helg! :)

fredag 14. juni 2013

Bella baby


For ei lita stund sidan kjøpte eg Lene Holme Samsøe sitt strikkehefte: Babystrikk på pinde 3. Sidan då har det klødd i strikkehendene etter å få begynne på denne søte toppen og no er den endeleg ferdig! :)
...men ingen prosjekt utan litt "klabb og babb".... Som nevnt i eit tidlegare innlegg måtte eg rekke opp igjen heile mønsterdelen fordi den vart altfor stor. Årsak: gidd ikkje å strikke prøvelapp... :p Så etter å ha strikka prøvelapppen (for andre gang i min strikkekarriere) endte eg opp med ein halv pinnestørrelse mindre.



Eg har strikka den i størrelse 9-12mnd, men eg syns den er litt vid. Av den grunn valgte eg å lage den litt lenger, så tipper den er meir passende i str 1år +.




Eg hadde litt garnrester igjen og tenkte eg kunne prøve meg på eit hårband som passer til toppen.
Så då knota eg ned eit holmønster og la opp 108 masker på pinne nr 2. Eg begynte med ein vrang runde, så to rette før eg strikka holmønsteret. Avslutta med to rette og ein vrang runde før eg felte av med ein rett runde. Blomsten er hekla og oppskrifta fann eg her.
Mottakeren kan ikkje ha eit altfor stort hovud då hårbandet berre måler 40cm...heldigvis er det no litt stretch i det òg! ;)




Olliver syns tydlegvis at hårbandet var veldig fint for han tok det på hovudet med ein gang han såg det. Muligens litt lite og kanskje i overkant feminint...jaja, eg får lage eit i blått. ;)



Oppskrift: Frå heftet Babystrikk på pinde 3
Garn: Sandnes mini duett (fargen har gått ut av produksjon)
Pinnenr: 2 og 2,5


Ha ei super helg! :)






fredag 7. juni 2013

Baby "UGG"

Ja, det går i babystrikk for tida... Det har som sagt komme mange søte små til verda i det siste så strikkepinnenen går nesten varme av all strikkinga! ;) Men ingenting er vel så koselig som å strikke deilige babyplagg!
Denne gangen er mottakeren søstera til ei venninne som fekk to hærlege tvillinggutter i april. Eg har lenge sett på desse baby "UGGsene" og tenkte at dette var ein ypperlig anledning til å få strikke dei. Oppskrifta kjem frå dama bak den koselige bloggen MusMei og Hemilia.




Som vanleg tenkte eg at dette var eit raskt og enkelt prosjekt, men litt knoting og tid gjekk med. Oppskrifta er egentlig ganske god med bilder og forklaringer, likevel brukte eg tid på å finne ut av enkelte ting. Men når den første var ferdig gjekk dei tre neste ganske så radig. Til tross for dette vart det skikkelig skippertak for å få dei ferdige, samme dag som dei skulle leverast...typisk meg! Alltid ute i siste liten... ;) Jaja, ferdige vart dei og eg må sei at dei vart skikkelig søte. Trur kanskje det vert laga fleire!




Oppskrift: MusMei og Hemilia
Garn: Sandnes Lanett
Pinnenr: 3

Ønsker deg ei super helg!!

søndag 2. juni 2013

Den evinnelige prøvelappen....

Nok ein gang opplever eg å bomme på størrelsen på eit strikkeprosjekt. Eg begynner etterkvart å innsjå at å strikke ein prøvelapp kan vere lurt. Trur eg har gjort det ein gang i løpet av min strikkekarriere, men heretter vert det oftere!
Denne gangen begynte eg på ein Bella Baby top. Eg endte opp med å bruke Sandnes mini duett sidan eg hadde det i garnlageret mitt. Ifølge oppskrifta skulle det passe greit til pinnestørrelse 3, så eg la opp og begynte å strikke i god tru!
Etter å ha strikka heile mønsteret på toppen såg eg at den kom til å bli ALTFOR STOR! Eg kunne jo berre valgt å strikke den litt lenger og dermed lage ein størrelse større. Men sidan garnet er frå garnlageret og eg berre har to nøster var eg redd det kom til å bli for lite... Så kva gjer ein då? Jo, rekk opp igjen alt sammen...




....og begynner på ein prøvelapp... Alt som skulle til var å gå ned ein pinnestørrelse.




Så då er det vel berre til å starte på nytt..... :p
Heldigvis er det ikkje tidsfrist på dette då det er eit "berre-MÅ-lage-for-den-er-så-fin-prosjekt"!



Fleire der ute som ikkje gidd å strikke prøvelapper?  ;)