mandag 5. januar 2015

Votter og FWSS hue


I fjor hadde eg ingen planer om å gje vekk strikka julegåver. Rett og slett av den enkle grunn at eg ikkje hadde fått nokken ønsker og ikkje klarte å komme på noko av meg sjølv... 3 veker før jul fekk eg imidlertid melding frå niesa mi: "Hei snille tante! Kanskje litt sent å si det nå.....men jeg ønsker meg kjempemye grå votter og lue som er strikket av deg <3". *SMELT* Ein sånn melding gjer det veldig enkelt å få fart på strikkepinnene.

Etter ein kjapp surferunde på nettet fall valget på den populære FWSS-hua samt votter frå DROPS. Eg syns alltid det er like spennende om strikkegåvene fell i smak og ikkje minst om dei passer. Men heldigvis vart den veldig godt mottatt og var i bruk allerede 1.juledag. ;)


Oppskrift hue: Ravelry
Oppskrift votter: DROPS
Garn: DROPS Alpaca
Pinnestr: Nr 3 på hua og nr 4 på vottene

Ønsker deg ein finfin dag!