tirsdag 18. mars 2014

40-årsgåve #1


Tidlegare denne månaden fylte min eldste bror 40 år. Han ønska seg i hovedsak penger til bursdagen, men som strikkefantast er det jo umulig å unngå å lage ein liten ting... I påsken i fjor såg han nokon som hadde på seg den populære Kvikk Lunsj-hua og han fekk sjølv lyst på ei. Eg sa ikkje noko då, men tenkte at dette må eg legge meg på minnet. Planen var å strikke den til jul, men planer har ein tendens til å bli utsatt så då vart det til bursdagen istadenfor. Egentlig veldig passande no rett før påske...




Bror min bur eit stykke unna resten av familien, så dagen før dagen reiste eg, mamma og pappa på overraskelsesbesøk. Svigerinna mi hadde holdt godt på hemmeligheten så han var stor i augene då me plutselig stod på døra. ELSKER å overraske folk på den måten. Ansiktsuttrykkene og gleden er berre ubetalelig!



Sjølv om bursdagsbarnet ikkje er ein stor "huebruker" såg det ut til at denne falt i smak. Så no gjenstår det berre å sjå om den vert brukt på påskefjellet om ein månad... ;)

Oppskrifta på hua henta eg frå Ravelry. Eg brukte samme garn som i oppskrifta, men eg syns den vart i overkant stor. Ved å gå ned ein heil pinnestørrelse vart hua perfekt i størrelsen. :)

Strikkefakta

Oppskrift: Ravelry
Garn: Gjestal Safir (Østlandsgarn)
Pinnenr: 3

tirsdag 11. mars 2014

Drømmen om kvalme og bekkenløsning...

Ja du lurer kanskje på kva denne overskrifta gjer inne på ein handarbeidsblogg? I dagens samfunn er det heldigvis lov og ikkje  minst akseptert å vere åpen om problemer som ein har. Dette gjer at andre i samme situasjon ikkje treng å føle seg så aleine. Derfor velger eg å fortelle vår lille historie om veien til å bli foreldre.


I 2007 følte eg og min kjære at me var klare til å stifte familie. Me var begge 25år, ferdig utdanna, med jobb og egen leilighet. Timingen var perfekt. Den positive graviditetstesten lot imidlertid vente på seg, noko som for så vidt ikkje er heilt unormalt. Etter eitt år valgte me likevel å ta turen til lege for ein liten sjekk. Han var ikkje vanskelig å be og me fekk full utredning. Det vart ikkje funne noko gale hjå nokon av oss, noko som sjølvsagt var veldig godt men samtidig veldig frustrerande. I påvente av prøverørsforsøk vart eg satt på hormoner, men heller ikkje dette hjalp.
Hausten 2009 var IVF-karusellen i gang. Eg hadde ikkje dei aller største forventningane sidan dette var første forsøk, men jammen meg satt vår lille spire. 9 mnd seinare kom nydelege Olliver til verden, frisk og fin. Gleden var enorm og det føltes som å vinne i lotto!


Eitt år seinare tenkte me at det var på tide å starte opp igjen. Me visste jo at ting kunne ta litt tid så det var berre til å "hive seg rundt". ;p Og tenk, på første forsøk, heilt på eigenhand satt spiren. Gleden vart imidlertid kortvarig. 10 veker på vei, på sjølvaste julafta 2011 var spontanaborten eit faktum. Me vart veldig skuffa, men tenkte samtidig at dette er sånt som skjer. "Alle" kvinner opplever jo ein spontanabort iløpet av livet. Så til tross for at eg hadde vore kvalm og tatt av fleire kilo under den korte graviditeten begynte eg i full jobb igjen etter ei veke. Eg døyva skuffelsen med å begynne å trene hardt, noko som sjølvsagt ikkje var særleg smart med ein kropp utan energi og overskudd... Eit par månader seinare traff eg den berømte veggen og angst vart ein del av min kvardag. Takka vere ein fantastisk samboer, gode venner og familie og ikkje minst ein forståelsesfull lege kom eg meg heldigvis raskt på beina igjen.


Eit halvt år etter første spontanabort lyste nok ein graviditetstest positivt mot oss. LYKKE! Men igjen skulle gleden vere kortvarig. 8 veker ut i svangerskapet endte graviditeten i ein ny spontanabort. Mange kan nok seie at dette er så tidlig at det ikkje betyr noko, men for meg var det heilt pyton. Planleggingen, drømmene og gleden starter ganske raskt etter ein positiv test, i alle fall for min del sjølv om ein kjenner til risikoen. Dessverre hadde eg ikkje lært særleg mykje etter første gangen, så eg var tilbake i full jobb 4 dager seinere. Sidan eg jobber turnus innebar den veka 6 arbeidsdager, så når søndagen kom og eg var så sliten og kvalm at eg nesten ikkje klarte å ete forsto eg at det var på tide å roe tempoet. Blodprosent og jernlager var på eit bunnivå. Etter dette var eg sjuk i 3 måneder med bihulebetennelser, influensa og magebyer. Kroppen gav tydeleg beskjed om at no var det nok.


Utpå våren i fjor begynte energien å komme tilbake. Me tok då kontakt med Fertilitetsklinikken igjen sidan me fortsatt hadde to egg på frys etter IVF-forsøket i 2009. I april vart eggene tint, men dessverre var det ingen av dei som overlevde. På seinsommeren var eg i gang med hormoner igjen. Eg var veldig optimistisk til at dette forsøket skulle gå bra sidan det gjekk så bra med Olliver. Det vart tatt nye prøver av meg og denne gangen viste det seg at eg har lave eggreserver. Ellers låg forholdene godt til rette for at dette skulle gå veien. Eitt egg vart satt inn og me var så heldige å få 3 egg på frys. Første forsøk endte negativt.
I november var det nytt forsøk og første egget tålte opptining. Etter to veker fekk eg 2 positive tester og tenkte at denne gangen er det vår tur. Men blodprøven var så negativ som den kunne bli. Altså var det ein kjemisk graviditet. Det føltes som eit hardt slag i magen. Eg vart først veldig lei meg, men så tok sinne over. Kvifor skjer dette?? Kva har me gjort galt??? Eg lengta veldig etter ein punshingball på den tida... ;p


Men så er det dette med nytt år og nye muligheter.. Då klokka slo 00.00 1.januar tenkte eg at dette skal bli vårt år! Eg endra litt på kostholdet og begynte å "bevege meg" litt meir. Positiviteten var på topp og eg var klar for eit nytt forsøk. For to veker sidan satt me inn siste egget (det andre tålte ikkje opptiningen). I går var nederlaget nok ein gang eit faktum. Det er berre så utruleg frustrerande. Kvifor går det ikkje? Og så er det jo denne evinnelige biologiske klokka som tikker fortere enn eg klarer å tenke. Ja, eg er "berre" 32år, men med lave eggreserver ser eg for meg at det vil bli vanskeligare for kvart år som går. Har eg gitt opp? Nei, overhodet ikkje, men det er berre så forbaska tungt!


Etter dette forsøket tar me oss nok ein liten pause frå heile IVF-karusellen. Det er frykteleg slitsomt å gå gjennom, med forventninger, håp og ikkje minst ein haug med hormoner. Me får ofte høyre at "me er no heldige som har fått èin". Og sjølv om det ikkje er vondt meint så er det til tider tungt å høyre. For sorgen er fortsatt like stor, men det at me har Olliver gjer sjølvsagt prosessen enklere å takle..
Når lillegutt ser på oss med trillrunde auger og spør om ikkje han òg skal få ein baby så må eg sei at det brister litt i mammahjertet.


Dette er vår historie så langt, og eg håper at den ein gang skal ende lukkeleg med kvalme, bekkenløsning og andre deilige svangerskapssymptom (ja, eg vil faktisk nyte kvart eit sekund av det!). Uansett har eg lært mykje om meg sjølv gjennom denne prosessen. No veit eg kortid eg skal seie stopp og roe ned tempoet. Eg veit òg korleis eg må jobbe meg opp og ut av nederlagene. Eg er ikkje lenger redd for å be om sjukemelding når eg treng det, for eg har innsett at det faktisk ER ein tøff prosess, og litt ro og fred hjelper på. Gode opplevelser med venner og familie er og veldig oppløftande. Me har valgt å vere åpen om problemene våre, noko som gjer at ein slepp litt meir unna kommentarer som "er det ikkje på tide med nummer 2 snart?". Eg takler som regel desse kommentarene bra, men på rette dagen kan dei vere vanskelege og svelge..
Sosiale medier som facebook og instagram er fyfy i kjipe perioder. Babylykken formelig florerer på sånne plasser. Og det er sjølvsagt heilt naturleg at foreldre er stolte og glade over barna sine og ønsker å vise det. Det gjer jo me òg. Men innimellom er det vanskeleg å takle andre sin lykke. Og så ærlig tenker eg at ein må vere med seg sjølv. Det er ikkje vondt meint overfor andre, men rett og slett ein måte og overleve på. Heldigvis har eg ein utruleg flott sambuar som har holdt og fortsatt heldt roen gjennom heile dette sirkuset. Det som skjer det skjer-mentaliteten skulle eg gjerne hatt litt bedre innarbeida. Men det er no godt at ein av oss er avslappa. ;)


Eg fortel ikkje denne historien fordi eg treng sympati. Me har som sagt fantastiske venner og familie som støtter oss gjennom oppturer og nedturer. Men eg veit at det dessverre er mange av oss der ute. Så det eg ønsker er å nå ut til nettopp DEG som er i denne situasjonen og som syns det til tider er ganske tungt og håplaust. Du er ikkje aleine. Og kanskje kan du lære litt av mine feil?  ;)