lørdag 29. desember 2012

Romjulsaktiviteter

Jul og romjul har bestått av ein del jobbing for min del, men dagene eg har fri eller skal på seinvakt har blitt nytta fullt ut! Det såg lenge ut til at me ikkje skulle få noko snø i jula, men 2.juledag på kvelden lava det ned. Gleda var stor når lillegutt såg at det var kvitt ute. Så då var det berre til å kle seg og komme seg ut. Han var ikkje så interessert i det nye akebrettet han fekk til jul, men det var stas å lage snøballer og snømann. Utruleg nok fins det no "snømannpakker" ein kan kjøpe. Dei inneheldt hatt, skjerf, knappeauger, pipe og gulrot i stoff. Dette har bror min fått med seg og sjølvsagt handla inn. Gjorde seg godt på den flotte snømannen! :)
Utebilene, bøtter og spader vart òg henta fram, så terrassen vart fort omgjort til bilbane. Og mens Olliver kjørte med bilene laga eg og niesa mi den klassiske snølykta. Når det var tid for meg å reise på seinvakt nekta lillegutt å bli med inn. Han skulle vere UTE! Er ikkje så vekdig ofte me har snø, så eg forstår han godt. Heldigvis var besten klar til innsats og var ute med han ei lita stund til... ;)
 
 
 


Bror min og Rayner har gjort ein innsats for neste års vedforsyning. Utanfor mamma og pappa har det vokst opp ein haug av små tre dei siste åra, så no var det på tide med ei opprydning. Greit med litt fysisk aktivitet etter all den gode julematen! ;)

 
 
Snøen varte desverre ikkje så lenge denne gangen heller, så medan regnet auser ned ute har me kost oss inne. Olliver fekk ei stor bøtte med plastelina og diverse figurer av kompisen sin til jul, så i dag var det tid for å åpne den. Slanger er ein hit for tida, så det vart laga slanger i alle lengder og fasonger. Han syns det er så gøy å gå rundt å "skremme" oss med dei: "ssssssssss" komme ta deg!!! ;)
 
 
 
 
Når Olleboll har lagt seg for kvelden er det tid for spel og avslapping. Det siste året er det "Dominion" som har stått høgast i kurs her i familien. Spelet består kun av ulike typer kort, ingen brikker eller terninger. Det som er så gøy er at du kan endre spelet frå gang til gang alt etter kva kortbunker du velger å ta med. Litt vanskelig å forklare, men har du ikkje prøvd det så kan eg absolutt anbefale det! :) Niesa mi på 11 er ein skikkelig racer, så det passer dei fleste aldre.


 
 
Til slutt må eg berre ta med et bilde av boka eg fekk av venninna mi til jul. Denne boka er stappa med inspirerende prosjekter! Det eg liker spesielt godt er at ein ikkje treng å handle inn mykje dyrt utstyr. Her er det fokus på gjenbruk og det er enkle prosjekt som ikkje tar så lang tid. Forfatteren har henta inspirasjon frå diverse blogger som ho refererer til i boka. Blir nok ein del blogglesing framover.... ;)

 
 
Gleder meg veldig til å ta fatt på nye spennende prosjekt i 2013!! :)
 
 
Ha ein fortsatt fin lørdagskveld! Her er det snart tid for heimelaga pizza! ;)

fredag 28. desember 2012

Tova tøfler og hue

 
Så var jula over og pakkene er åpna. Då er det på tide å vise årets strikkegåver. :)
I år var det to enkle, kjappe prosjekt som fann veien til pinnene. Den første gåva eg strikka var ei hue til min eldste bror. Den er strikka i deilig, tynn babyull og har ein litt "baggy" fasong. Denne hua strikka eg til min samboer og yngste bror tidlegare i år og den var stor suksess. Den passa utmerka sidan bror min nettopp hadde kjøpt seg eit nytt, grått ullskjerf! :)
 

 
 
 
 
Den andre gåva under treet var desse tova tøflene (mitt "last minute"-prosjekt frå eit tidlegare innlegg). Dei var til mi søte svigerinne. Eg strikka dei samme tøflene til ho for to år sidan. Dei har vore i (nesten) daglig bruk sidan då og var no begynt å bli ganske så slitt. Med andre ord var det på tide med eit nytt par! Ønsket kom litt seint, så dei vart ikkje tova før litle julafta! Dei var ikkje meir enn akkurat tørka når dei vart pakka inn og lagt under treet. ;)
Tøflene trur eg kanskje eg må lage til mine egne, kalde føtter snart. Skikkelig gode og varme!
 


 
 
 
Dei satte stor pris på gåvene begge to. Veldig kjekt med gode tilbakemeldinger på det ein har laga, og ekstra kjekt når ein veit at det vert brukt!! :)
 
 
 
 
 
Oppskrift hue: DROPS 
Størrelse: M/L
Garn: Lanett babyull
Pinner: 2,5 og 3
 
 
Oppskrift tøfler: DROPS
Størrelse: 35/37
Garn: DROPS Eskimo
Pinner: 8
 
 
 
 
 
 

 


lørdag 22. desember 2012

Julestemning i huset!

I går kom siste rest av julepynten på plass og dukane vart strøke og lagt på bordet. På spisebordet sverger eg til gjennomsiktig plastduk heile året. Då kan eg ha på akkurat den duken eg ønsker og den vert aldri skitten! Ikkje feil å sleppe å vaske og stryke... ;) I jula pynter eg i tillegg med litt stjerner på duken, veldig dekorativt! Og sidan dei og er "gjømt" under plasten får ikkje Olliver tak i dei.. ;)
 
 
 
 
 
Eit lite glimt av årets juletre. Me har dei siste åra lurt på å kjøpe plasttre, men det vart ikkje denne jula heller.. Mannen i huset tok seg av jakta på det perfekte treet, og valget falt på edelgran. Me er begge vant med at treet vert pynta litle julafta, men i år ville eg starte jula tidleg. Så på mandag var det allerede ferdig pynta! Kunne egentlig ha pynta treet 1.desember, er jo så koselig med jul!! Men ei veke før den store dagen får holde.. ;) Kulene er kjøpt på Living for nokre år sidan.
 

 
 
Denne engelen i papp har eg arva etter farmor. Er så koselig med gamle ting frå besteforeldre. Stor affeksjonsverdi og gode minner! :)


 
 
I gangen står dette reinsdyret og pynter opp. Det er bestilt gjennom Casa Interiør der eg og naboen er forhandlere. Båndet til sløyfa kjøpte eg på Europris.
Olliver har ikkje oppdaga den enda. Spørs om den får stå i ro når han gjer det.... Han er veldig glad i dyr for tida! ;)
 



No har me inntatt huset til svigers. Olliver og Rayner blir verande her til 1.juledag. Eg skal tilbringe julafta med mine gamle, søte beboere på sjukeheimen. Det er selvfølgelig trist å ikkje få vere heime og feire saman med familien og Olliver spesielt. Men ser ein det på ein anna måte så er det kjekt å få lage i stand ei koseleg jul for andre! :)


Ønsker alle ei riktig:

torsdag 20. desember 2012

Den store innpakningsdagen!

Som tidligere år starta eg julehandelen i oktober. Syns det er så godt å få det unnagjort. Sleppe stress, jag og mas når jula nærmer seg. Det er jo alltid nok av andre ting å gjere.... ;)
Innpakking av presangene sparer eg derimot til nokon dager før jul. I dag har eg hatt fri så eg har virkelig fått kost meg med å pakke. Julebrus, julemusikk og selvfølgelig litt julesnoperier... ;) Olliver var rimelig begeistra då han kom heim frå barnehagen: "oiiiii, så mange pakka!!!". Godtok heldigvis at dei ikkje skulle åpnast endå.
 
 
 
 
 
Etter tips frå ei venninne fann eg fram raud og grøn maling til Olliver og lot han male på litt stivt papir. Når han var forsynt med å male klippa eg det opp i passe store biter, klistra på hjerter og lagde hol. Vips så hadde me ein haug med pakkelapper! :) Litt meir personleg og kjekt både for Olliver og dei som mottar gåva.

 
 
 
På pinnene har eg eit "last minute"-prosjekt som eg håper skal bli ferdig til jul... Kva det er får eg komme tilbake til når julafta er overstått. ;)
 

 
 
Ha ein fortsatt fin kveld! :)


mandag 17. desember 2012

Helgas prosjekt!


Eg har lenge tenkt på at eg hadde lyst å gje noko til mine hardtarbeidande kollegaer til jul. Det har vore ein travel haust, med innsparinger, innsparinger og atter innsparinger (ikkje heilt uvanleg i helsesektoren..) og det merkast litt på humøret. Syns derfor at eg måtte gjere noko kjekt for dei. Valget falt på desse bokmerkene. Syns dei var skikkelig tøffe! 
 
 
 
 
Dei var enkle å hekle, men.........det var litt av ein jobb å feste alle trådene. Totalt 182!!!! Utruleg kjedelig jobb! Men eg vart no ferdig til slutt.. 
 
 

 
 
Det ferdige resultatet, heile 14 stk! Vart litt lei på slutten så trur ikkje eg kjem til å lage fleire med det første... ;) No gjenstår det berre å pakke dei inn. Tenkte å legge i ein liten sjokolade òg. Kan jo ikkje få nok av det i jula! ;)


 
 
 
 
 
Oppskrift: Ravelry
Garn: Bomull sport frå Spar Kjøp
Garnmengde: Brukte litt meir enn eitt nøste på alle 14
Tilbehør: auger

Verdens beste....



...mann kom heim med denne nydelige rosebuketten i dag!! Heilt uten anledning, berre fordi han hadde lyst! 
 

 
 
Må vel egentlig kalle meg litt bortskjemt på dette området. Han er utruleg flink til å komme heim med blomster. Han liker òg å overraske med opplevelser og hotellovernattinger. Ein mann heilt etter min smak! ;)
På 30-årsdagen hadde han bestilt You and Me-opphold på eit hotell i Bergen. Rommet var pynta med roser og roseblad, og trur du ikkje han gjekk ned på kne! Han har i fleire år sagt at "kvifor må me gifte oss? Har det jo så fint som me har det!". Så du kan tru eg vart overraska. Etter frieriet bar det ut på tapasrestaurant der bestevenninna mi og samboaren venta på oss. Dei hadde visst om alt sammen i eit par mnd. Godt gjort å halde det skjult så lenge! Eg ante hvertfall ingenting! ;)
 
Min kjære vert vel kanskje litt flau når han les dette, men han fortjener virkelig litt skryt! Han veit å sprite opp kvardagen og oppmuntre meg når eg har dårlege dager!
 
Verdens beste.... :)



fredag 14. desember 2012

Ein tur på biblioteket...

 
Det er mange år sia eg satte mine føtter i eit bibliotek. Trur nesten eg må tilbake til studietida, som vart avslutta for 8 år sidan! Men no har eg oppdaga det på nytt! Eg les sjelden bøker to ganger, så kva er egentlig vitsen med å fylle huset med bøker når du kan låne, lese og levere tilbake!? :) Billig og enkelt!
 
Her i huset går det mykje i Elias for tida (eller "Isjas" som tantebarna mine likte å kalle han...). Om han hadde fått lov kunne han sett på Elias-filmene i timesvis. "En til? en til?" Han liker og at me les bøkene til han. Han har foreløpig ingen bøker eller DVD-er sjølv, men han syns det er stas å få gå på biblioteket å hente med seg det han vil. Ikkje like stas å levere det tilbake, men får tru han lærer det etterkvart... ;) I dag reiste eg aleine og kom heim med desse to bøkene og ein DVD. Så no er helgekosen i boks.
 
 
 
 
I måro får Olliver overnattingsbesøk av kompisen som snart er 2 år. Dei leiker veldig godt saman til tross for at dei er så små. Veldig koselig med tanke på at me foreldre er gode venner frå før!
Dei er begge tidlig oppe om dagene, så då tenker eg det blir godt å kunne sette på film så mor kan slappe litt av på sofaen. Er ikkje så veldig våken kl 06 på ein fridag... ;)
 
No er det snart klart for kveldskos med "Alene hjemme 1" på TV-en. Blir aldri lei dei gode gamle filmene....
 
Ha ein fin fredag! :)

 

torsdag 13. desember 2012

ENDELIG!!!

 
 
Halvveis til jul og endelig ferdig med julekalenderen! Brukte litt tid på monteringen sia eg ikkje har gjort det før, men eg er fornøyd med resultatet. Lillegutt slo opp augene når han såg alle pakkene (han har jo kun fått ei og ei pakke til no..).Han ville helst pakke opp alle på ein gang, men godtok at han berre fekk ei. Spesielt når han såg at det var "taueBill" (Cars) som var inni. :)
 
 
 
 
 
Et lite nærbilde av nissen. Syns han har så koselig ansikt. Skikkelig god, gammeldags nisse! Leita lenge for å finne rette kalenderen. Visste ikkje heilt kva eg ville ha, men denne falt eg for med ein gang eg såg den! Satser på at Olliver får mykje glede av den i årene som kjem!
 


 
 
 
Broderiet er kjøpt på ein koselig liten butikk i Bergen, Flittige Hender. Dei har òg nettbutikk som du kan finne her:   http://nettbutikk.digitroll.no/flittigehender/

onsdag 12. desember 2012

Strikkeklubb

 
Kor gammal er du?? ....tenker du kanskje.... Det var hvertfall det eg tenkte når eg var yngre. Gjekk du i klubb så var du gammal, skikkelig gammal! Lite visste eg kor koseleg det er. Eg er med i intet mindre enn TO strikkeklubber. Ein med gjengen frå gamlejobben og ein med naboer og venner rundt der eg bur. Veldig kjekk måte å treffe folk ein ikkje ser så ofte i ein hektisk kvardag.
 
I går skulle me egentlig ha eit lite sykurs, men ho som skulle ha det vart desverre sjuk. Då fann eg ut at eg like godt kunne invitere alle sammen heim til meg. Me hadde jo allerede satt av kvelden, og husmorfrie kvelder tuller ein ikkje med... ;)
 
 På menyen var det heimelaga rundstykker. Oppskrifta kjem frå mora til ei venninne. Kjempegode!!
 
 
 
 
I frysen hadde eg deilige villbringebær som vart plukka i sommar i tillegg til plommesyltetøy frå i fjor haust. Er så godt å ha sånt i frysen! Enkelt å ta ut og servere. 
 
 


På pinnene har eg for tida to rosa huer. Dei er til to kollegaer som har fått kvar si jente no i haust. Garnet er i deilig Alpaca-ull frå DROPS. Har strikka ein del av desse huene før, både til Olliver og andre. Dei sitt utruleg godt på hovudet og har lange, gode øyreklaffer. Alpaca-ull varmer jo òg skikkelig godt!
Huene er egentlig kjappe å strikke, og eg tenkte eg skulle bli ferdige med dei i går. Men som seg hør og bør blir det mykje prating og eting når ein har klubb, så strikketøyet blir lagt litt til sides.... ;)


 
 
 
Garn: DROPS Alpaca
Pinner: str 5
Størrelse: 1-3mnd og 6-9mnd
Garnmengde: ca 50g av begge farger til to huer
 
 


mandag 10. desember 2012

Når en peppekake baker....

 
 
Vel, vel...skal ikkje skryte på meg at eg har baka dette pepperkakehuset... Det er fint henta ned frå hylla på butikken, kjøpt og betalt. ;) Har prøvd meg på heimelaga før, men med svært så dårlig resultat. Derfor sverger eg til ferdighus!
 

 
Før...
 

 
I år vart huset pynta aleine. Mannen i huset har vore på fotballtrening og lillegutt søv trygt i senga si. Han får heller vere med til neste år. Redd han lett kunne knust heile huset...litt hardhendt endå. ;) Han skal heller få den ære og rive det når jula er over.

 

...og etter pynting
 
Det ferdige resultatet. Kanskje ikkje så veldig prisverdig, men men...koselig hvertfall. :) Snømannen på sida fekk eg av niesa mi for fleire år sidan. Syns den tar seg godt ut i "snøen". Julenisse høyrer jo òg med. Her skimter du han på vei ned i pipa.. ;)
 

Som alltid er det litt snop til overs. Det finn fort veien ned i magen....
 
 

Forrige helg møttes me fire venninner med fire små til bakedag. Det vart baka ein haug med pepperkaker, deriblandt desse fine hjertene til å henge i vinduet. I kveld klarte eg endelig å få dei på plass! Ting tar tid... ;)
 
 
 
Ha ei god natt! :)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


onsdag 5. desember 2012

Julekalender til lillegutt...


 
...som ikkje vart ferdig til 1.desember pga litt småproblemer. Var veldig ivrig etter å sette i gang å sy, så eg oversåg ein liten detalj...Eg sydde med to tråder, men i oppskrifta stod det tre.. Då hadde eg allerede sydd hø armen på nissen, bamsen og den litle nissen. Begynte så vidt å rekke opp men bestemte meg heller for å sy over alt med enkelttråd. Det var hakket enklere, men tok litt tid. Har ellers klart å sy med feil tråd og på feil plass...Note so self: LES OPPSKRIFTA! ;)
 
 
 
 
 
No er dette blitt ein julekalender både for mor og barn. Mor syr litt og litt for kvar dag og Ollebolle (som me kaller han...) får ei og ei pakke. Han er berre 2 1/2 år og treng strengt tatt ikkje nokon julekalender, men eg hadde så lyst til å ta den i bruk når eg var komme så langt. No mangler det berre nokon tal og litt omriss her og der. ...og selvfølgelig det kjedeligste-monteringen... Men satser på at den hvertfall vert ferdig til julafta! :)
  
Pakkene i kalenderen er handla inn på loppemarknad som eg nyleg var på. Fekk fleire plastdyr, små biler og bøker for 5-10kr/stk. Ein pakkekalender kan jo fort koste mykje, med denne vart ikkje så galen, ca 150-200kr. Det er fullt overkommelig, men spørs korleis det vert når poden blir større og begynner å kreve.. ;) Då får me heller gå over til å pakke inn små sjokolader..
Skal komme med oppdatering og nytt bilde når kalenderen er ferdig.
 
Ha ein fortsatt fin dag! :)


Ny i game'et

Etter å ha lest og fulgt med på ulike blogger tenkte eg det var på tide å hive seg på trenden. Eg har henta mykje inspirasjon til hus, heim og handarbeid gjennom ulike blogger og håper at eg kan gje denne inspirasjonen vidare.
På min blogg vil du kunne lese om kvardagslivets gleder og sorger, handarbeid i ulike varianter og interiør. Håper du vil like det du ser! :)