torsdag 22. oktober 2015

Kjole til meg sjølv

I fjor høst bestemte eg meg for å strikke ein kjole til meg sjølv. Eg hadde ein viss formeining om korleis eg ville ha den og søkte lenge rundt etter den rette oppskrifta. I tillegg liker eg best dei oppskriftene der plagget blir strikka ovenfra og ned, noko som gjer det mykje enklare å tilpasse plagget til egen figur. Å finne den perfekte oppskrifta skulle vise seg å bli vanskelig, så då endte eg heller opp med å strikke kjolen etter eige hovud (med inspirasjon frå fleire ulike oppskrifter). Det vart litt prøving og feiling undervegs, men eg vart veldig fornøyd med sluttresultatet. Målet var å bli ferdig til jul, og kl 23.00 litle julafta var den endeleg klar!


Kjolen har perlestrikk i halsen, midjen og nederst. I utgangspunktet hadde eg tenkt å ha halvlange armer, også her med perlekant, men då eg prøvde kjolen undervegs fann eg ut at eg var vel så fornøgd med ein kortere versjon og rullekant. Kan fort bli litt varmt med ein heil kjole i ull... ;)




Eg fekk ikkje brukt kjolen så altfor mange månedene før magen vart litt for stor. Og med ein liten ein som eg no ammer er den veldig lite praktisk. Forhåpentligvis vil eg fortsatt bruke den om nokre månader når det roer seg med ammingen... ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Egen
Garn: DROPS Alpacka
Garnmengde: 290g
Pinnenr: 2 og 3