torsdag 19. september 2013

Genser til lillegutt

 
Etter å ha strikka ein haug med barselgaver den siste tide syns eg det var på høg tid at min egen lille Olleboll fekk noko heimestrikka. Inspirert av årstida fann eg fram ei oppskrift på ein genser eg har tenkt lenge på å strikke. Mønsteret fann eg på SparKjøp tidlegare i år. Dei hadde salg på alt garn, så då vart sjølvsagt nøstene til genseren med heim. Så i min lille barselstrikk-pause vart denne til.
 
 
 
 
Genseren skulle strikkast med pinnenummer 8 og 9, men sidan nr 9 ikkje er å finne i mitt pinnelager så vart den strikka med nr 7 og 8. Pga dette la eg opp til str 6 år og strikka lengden til str 4år. Heldigvis traff eg blink og genseren satt som eit skudd. Den er tjukk og god og vil vere super under regntøy på sure, kalde dager!
Dette var eit enkelt prosjekt som var unnagjort på nokre kvelder, så den kan absolutt anbefalast! Gøy å strikke med tjukke pinner og tjukt garn! ;)

 


Oppskrift: Strikkedesign no.236 frå SparKjøp
Garn: Naturgarn Soft
Garnmengde: Nesten 5 nøster
Pinnestr: Strømpepinne og rundpinne 7 og 8


 
 
Ha ein fortsatt god dag! :)

tirsdag 10. september 2013

Smilla's kjole

....eller kanskje eg skal sei Victoria's kjole. Det er nemlig navnet på den nydelige jenta som no er eigar av denne kjolen. Ho er 3 veker gammal og på fredag var eg på barselbesøk. Eg må sei at eg til stadig vert overraska over kor små dei er, sjølv om min eigen litle Olliver var like liten. Rart kor fort ein gløymer.


 
 
Kjolen er strikka i New Zealand lammeull, mykje det samme som nøstebarnull men hakket billigere. Eg har brukt dette garnet ein gang før, då til bestefargenseren eg strikka til Olliver. Syns det er eit deilig og luftig garn som eg sannsynlegvis kjem til å bruke igjen. Om du har lyst til å prøve garnet finn du det på nettsida Strikkelin.
Som du ser innebærer kjolen ein heil del vrangstrikk, noko eg ikkje er så frykteleg glad i. Men når ein er fornøyd med resultatet glømmer ein prosessen... ;) Eg likte ikkje heilt avslutningen på kjolen, så derfor vart det til ein fastmaskerunde og picotkant. Eit effektivt virkemiddel for å gjere det heile litt meir sukkersøtt. :)


 
 
Eit par søte knapper måtte kjolen selvfølgelig ha. Desse har eg fått av venninna mi som bestilte ein heil del knapper via Etsy. Om du ikkje har vore innom denne sida, kan eg virkelig anbefale den, eit skikkelig knappeeldorado! ;)
 
 
 
Strikkefakta
 
Oppskrift: Smilla's kjole frå heftet "All you knit is love" av Susie Haumann
Garn: New Zealand lammeull
Pinnestr og heklenål: nr 3,5
 
 
 
 
Ønsker deg og dine ein fortsatt fin dag!

onsdag 4. september 2013

Monsterbukse

 
Det begynner å gå lovleg lang tid mellom blogginnleggene mine! Det betyr ikkje at strikkepinnene har fått kvile, tvert imot. Eg har eit par barselprosjekt som er ferdig strikka, men ikkje gitt vekk enda, så dei må eg vente med å legge ut. I tillegg er genseren til meg sjølv så å sei ferdig. Mangler berre knapper og litt smådetaljer som eg ikkje har klart å bestemme meg for... Så fleire strikkeinnlegg kjem snart! ;)
Ein anna årsak ser du på bildet under. Då me var på Mallorca i sommar gjekk eg tom for lesestoff. Veninna mi hadde med fleire av desse bøkene, så då tenkte eg at eg like godt kunne begynne å lese dei. Problemet er berre at det er heile 55 bøker i serien, og sjølv om det går an å lese ei bok på ein dag så tar det tid - dyrbar STRIKKETID! Eg har så langt komme til bok nr 16, så eg trur eg har nok lesestoff til resten av høsten!! ...men litt strikking skal snikast inn... :)
 
 
 
 
I mellomtida får eg vise litt av det eg har strikka tidlegare...
Høsten for to år sidan vart denne monsterbuksa til. Inspirasjonen kom frå tanta mi som hadde strikka til barnebarnet sitt. Så eg tråla nettet på jakt etter det "perfekte monsteret". Valget fall på denne grønne dragen. Dette var mitt aller første maskestingprosjekt og resultatet vart vel deretter... Men Olliver var storfornøyd med den nye buksa! Den var heilt super til kalde dager i barnehagen. Dessverre laga eg den litt kort, så det var ikkje så lenge han fekk glede seg over den. Eg tenkte fleire ganger at eg skulle rekke opp igjen vrangborden på foten for så å lage den lenger, men du veit - det var dei planene då... ;p
 
 


Buksa er eit supert restegarnprosjekt laga i diverse babyull. Oppskrifta på buksa fann eg på nettet, utan at eg heilt husker kor... Men eg skal så absolutt lage fleire!!


 
 
...og så må eg berre få med - I går var eg så heldig at eg fekk gå og forsyne meg med plommer frå treet til eit vennepar. Heile 5kg vart med heim i posen. Så no er frysen fyllt med deilig plommesyltetøy som me skal nyte utover høsten. Er så utruleg godt med heimelaga syltetøy!!




Når eg likevel måtte stå på kjøkkenet og passe på syltetøyet vart det jammen meg til eit par rundstykker òg. Så i går kveld vart det deilig kveldsmat, for ikkje å snakke om dagens lunsj som no skal inntas... ;)






Ha ein super dag!!