onsdag 2. januar 2013

Opprydning i skattekista...

...ja, for ei kiste fylt med deilig garn i ulike typer og farger er jo nettopp det, ein skatt! Eg er som så mange andre at eg kjøper inn garn når eg finn eit prosjekt eg vil begynne på. Det er alltid garn til overs, og det finn fort veien opp i kista. Men i det øyeblikket garnet havner der er det glømt! No fekk eg nesten ikkje igjen lokket, så då tenkte eg det var på tide å få litt oversikt over kva som befant seg oppi der. I tillegg var eg på jakt etter eit garn eg meinte eg kanskje skulle ha... ;)
 
 
Ordna og sortert! :)
 
Her er det ulike typer babyull og bomull, tovegarn, alpaca+++. Det tok litt tid å få sortert alt sammen kan du vel trygt sei. Ein del av det visste eg ikkje at eg hadde, for eksempel garnet på bildet under. Dette er Bambino ull som gjekk ut av produksjon for eit par år sidan. Fatter ikkje at dei slutta å produsere dette garnet. Dei hadde så mange nydelige farger samt at det var tjukt og mjukt. Husker no at eg hamstra inn litt av dei fargene eg likte best. Den rosa som ligg på toppen er i bruk på ein babyjakke som eg begynte å strikke på i sommer, men det brune garnet var ein skikkelig bonus! Heile 4stk har eg visst!! Det må det lagast noko fint av... ;)
 

 
 
 
Eg fann òg eit par knapper som eg leita iherdig etter tidlegare i år, men eg gav rett og slett opp og kjøpte nye. No er dei på plass igjen... Ein skjønn liten tøffel i rosa vart plukka opp frå bunnen samt to uferdige prosjekt. Den grå skulle bli til ei babybukse, men eg gjekk tom for garn. Den naturkvite er òg ei babybukse, men den vart rett og slett ikkje ferdig i tide til ei barselgåve.
På bunnen dukka det i tillegg opp eit nydeleg garn som eg fekk av mamma for nokre år sidan. Ho skulle kaste det, men eg tenkte at "dette må me vel kunne bruke til noko gøy"... Joda, det ligg no fortsatt der.....
 
 
 
 
Den egentlige grunnen til at eg begynte å rydde var at eg jakta på dette garnet. Etter å ha strikka tova tøfler til jul hadde eg eit garn til overs som eg tenkte eg kunne bruke på votter til meg sjølv. Eg visste det ikkje ville halde med eit garn, men eg var rimelig sikker på at eg skulle ha eit liggande etter forrige tove-runde. Heldigvis fann eg det, så no kan eg strikke dei ferdig. :) Eskimo-garnet frå DROPS er tjukt og godt og perfekt til votter. Gleder meg til å ta dei i bruk!
 


 
 
No er alt garn pakka inn i poser etter type, og lokket på kista kan endeleg lukkast heilt igjen. Trur ikkje eg skal handle inn garn på ei lita stund....eller....?


 
 
 
 
Oppskrift votter: DROPS
Pinner: 7 + 8
Garn: Eskimo

4 kommentarer:

  1. Så flink du har vært å rydde i garnet ditt da:-) Jeg har flere plastkasser stappet full med garn - tør nesten ikke åpne de;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Uff ja, det har ein tendens til å samle seg opp! ;) Må ligge ubrukte garnnøster for millioner rundtomkring hjå strikkefrelste! Får prøve å finne nokken resteprosjekter framover... :) Kjempefin og inspirerande blogg du har! :)

      Slett
  2. Vi må visst ha strikkeklubb oftare ser eg ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe...ja trur kanskje det... Problemet er berre å finne strikkeprosjekt å bruke det på! Er jo alltid ekstra inspirerande med nytt garn! ;)

      Slett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)