fredag 15. mars 2013

MorgenGry genser

Endelig er MorgenGry genseren ferdig strikka, vaska og klar til å taes i bruk!! :) Genseren var enkel å strikke med tjukt garn og tjukke pinner. Til tross for dette klarte eg å bruke over 2 mnd på den! Litt pga bakterier i systemet men òg mykje pga at eg ikkje klarer å berre ha eitt prosjekt om gangen... Fleire som kjenner seg igjen i det? ;)
Men no er den altså ferdig og eg må sei meg fornøgd med resultatet. Eg var litt skuffa første gang eg tok den på, den var litt for kort og hadde ein tendens til å krype. Men etter å ha vaska og strekt den litt vart den heilt perfekt. 
 
 
 
 
Eg hadde egentlig tenkt at dette skulle bli ein genser med lange armer, men det vart litt knapt med garn... Ifølge oppskrifta var det brukt 250g på ein genser med korte armer. Eg hadde 300g til rådighet i tillegg til at eg la opp litt færre masker. Men underveis skjønte eg at det kom til å bli for lite, så då vart det korterma gitt! Men det gjer forsåvidt ingenting med tanke på årstida me har i møte! 8-)
Genseren er strikka med Abuelita tjukk merino frå Pickles. Fargen heiter "Skumring", ein farge eg har forelska meg i det siste året! Den kjem kanskje ikkje så godt fram på bildet, men den er skikkelig fin! Bekymringen min derimot er at genseren allerede har begynt å nuppe, etter berre eit par dagers bruk! Eg har ingen erfaring med garnet, men om dette er tilfelle vert det nok ikkje brukt så mykje meir.. Har du opplevd lignende? Jaja...det får bli ein "innekosegenser" om det blir for gale! ;)
 
Oppskrifta på genseren kjem frå G-Anette sin koselege blogg, som eg er flittig leser av. Om du ikkje har vore innom sida hennar kan eg virkelig anbefale ein titt. Her finn du velskrevne innlegg, flotte bilder og ikkje minst MYKJE inspirasjon! :)


 
 
 
Til slutt må eg berre få med at eg endelig har sulla meg til å bli medlem av Strikkeblogger. Ei super side for oss strikkefrelste! Her finn du mange av dei fine strikkebloggene frå vårt langstrakte land, m.a.o veldig mykje inspirasjon og idèer til nye prosjekt. Så ta ein kikk innom og bli medlem du òg då vel! :)
 
 

 
 
 

 
Oppskrift: G-Anette
Garn: Abuelita Tjukk Merino "Skumring"
Pinnestr: nr 6
Garnmengde: litt mindre enn 300g
 
 
Ha ei super helg! :)
 
 


5 kommentarer:

  1. Kjempefin genser og alt kler den smukke ;-)

    SvarSlett
  2. Svar
    1. Ja, vart veldig fornøyd! :) Kjempefin blogg du har! Måtte innom og ta ein titt... ;)

      Slett
  3. Heisan, så morsomt at du har strikket MorgenGry genseren. Blir så barnslig glad når men kan være med på å inspirere :)

    Genseren din ble kjempefin, helt nydelig farge!

    Når det gjelder nuppingen, så har jeg dessverre også opplevd litt av det. Har ikke brukt genseren supermye - men ser at den nupper litt ja. Utrolig synd - for det garnet er jo bare så herlig!

    Men som du sier, en kosegenser er jo helt fint det ;)

    Ha ei flott uke
    Klem, Gry-Anette

    SvarSlett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)