fredag 24. mai 2013

Puter til lillegutt (og mor...)


Då Olliver skulle over i stoooor seng tenkte eg at han måtte få seg nokre tøffe puter. Turen gjekk derfor nok ein gang til snopebutikken Stoff og Stil. I overfloden av stoff fann eg for ein gangs skyld fort fram til kva eg ville ha. Det måtte jo nesten vere blått, og denne blåfargen falt eg heilt for!



Under tidligere butikkbesøk har eg sikla litt på den tøffe bilsjablongen, så den MÅTTE berre bli med heim i posen. Olliver er jo som gutter flest ganske så opptatt av biler, så dette måtte jo bli suksess!
Det einsfarga stoffet var i utgangspunktet nokså kjedelig, men dette trykket gjorde susen. Eg valgte i tillegg å få med stjernene frå den andre puten. Så då klipte eg ut 4 remser, sydde rundt kanten med falsk overlock og lot det vere litt rufsete i kanten før eg sydde dei på puten. Eg var nok ein gang litt ivrig og gadd ikkje feste med så mange nåler før eg sydde, så motivet vart sydd litt skeivt på. Kankje eg har lært til neste gang?
Oppskrifta er henta frå boka "Made by me" og er sydd utan glidelås. Tenkte å utsette glidelåssyingen litt til, har hørt at det ikkje er så veldig enkelt.... ;p
Olliver syns putene var skikkelig tøffe då han fekk dei, men han har ikkje brydd seg så veldig mykje meir med dei. Jaja, kjekt var det uansett! ;) Eg er iallefall klar for å sy meir!!!




Og når me først er inne på puter... Denne tøffe ugleputen kom på døra tidlegare i veka. Eg har bestilt den gjennom Casa Interiør der eg er konsulent. Har lenge hatt lyst på den og no når det var salg slo eg til. Den er i deilig ull og gjorde seg godt saman med putene frå Farmors Hus som eg fekk til 30-årsdagen i fjor.



                                                        Har du syprosjekter på gang? :)


Ha ei riktig fin helg!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)