fredag 14. juni 2013

Bella baby


For ei lita stund sidan kjøpte eg Lene Holme Samsøe sitt strikkehefte: Babystrikk på pinde 3. Sidan då har det klødd i strikkehendene etter å få begynne på denne søte toppen og no er den endeleg ferdig! :)
...men ingen prosjekt utan litt "klabb og babb".... Som nevnt i eit tidlegare innlegg måtte eg rekke opp igjen heile mønsterdelen fordi den vart altfor stor. Årsak: gidd ikkje å strikke prøvelapp... :p Så etter å ha strikka prøvelapppen (for andre gang i min strikkekarriere) endte eg opp med ein halv pinnestørrelse mindre.



Eg har strikka den i størrelse 9-12mnd, men eg syns den er litt vid. Av den grunn valgte eg å lage den litt lenger, så tipper den er meir passende i str 1år +.




Eg hadde litt garnrester igjen og tenkte eg kunne prøve meg på eit hårband som passer til toppen.
Så då knota eg ned eit holmønster og la opp 108 masker på pinne nr 2. Eg begynte med ein vrang runde, så to rette før eg strikka holmønsteret. Avslutta med to rette og ein vrang runde før eg felte av med ein rett runde. Blomsten er hekla og oppskrifta fann eg her.
Mottakeren kan ikkje ha eit altfor stort hovud då hårbandet berre måler 40cm...heldigvis er det no litt stretch i det òg! ;)




Olliver syns tydlegvis at hårbandet var veldig fint for han tok det på hovudet med ein gang han såg det. Muligens litt lite og kanskje i overkant feminint...jaja, eg får lage eit i blått. ;)



Oppskrift: Frå heftet Babystrikk på pinde 3
Garn: Sandnes mini duett (fargen har gått ut av produksjon)
Pinnenr: 2 og 2,5


Ha ei super helg! :)






6 kommentarer:

  1. Nydelig topp og hårbånd! Synd at den fine fargen har gått ut av produksjon:(

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var det dei sa i butikken. den var jo til og med på tilbud! :) Men tok nett ein titt på Sandnes Garn si side og der ser det ut som at dei fortsatt har den, 4405 dus korall. Så du får ta ein titt! ;)

      Slett
  2. Så utrolig skjønt sett:-)

    SvarSlett
  3. Noe så aldeles nydelig! Takk for kommentar inne hos meg. Jeg likte meg veldig godt her også, så jeg vil følge! :) God helg!

    SvarSlett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)