onsdag 31. juli 2013

Stille tider...

Det er stille på bloggen for tida. Årsaken er at ferien er over samtidig som at Vestlandet fekk tidenes sommerver for to veker sidan. Så her har all ledig tid blitt brukt ute i sola! 8-) Strikketøyet har fått kvile litt til fordel for soling, bading, lesing og herjing med lillegutt. ....men litt har det sjølvsagt blitt. No for tida heldt eg på med ein genser til meg sjølv, men den er langt frå ferdig og dermed ikkje noko å vise fram endå.

Eg tar derfor heller fram det eg liker å kalle for eit bil/ferje-prosjekt, nemlig vaskekluter. Her trengs det ikkje mykje konsentrasjon og det gjer ikkje noko om ein blir hyppig avbrutt, så det passer supert til bilen (når andre kjører sjølvsagt...). I tillegg har me ferje her på øya vår. Det tar ca 12min å komme seg over fjorden og dei minuttene vert ofte tilbragt med strikkepinnene i hendene.


 
 
Det har blitt til ein del vaskekluter på bil- og ferjeturene dei siste årene. Dei fleste har havna på kjøkkenbenken til andre, så no syns eg det var på tide og fornye vårt eget kjøkken. Så desse er til meg sjølv....trur eg.... ;)
 
 
Oppskrifta er nok kjent for dei fleste. Sjølv fekk eg den av ein kollega for nokre år sidan.
Den er som følger:
 
-Legg opp 55m på pinnenr 3
-Strikk 1r 1vr
-Strikk rett tilbake
-Gjenta til ønska størrelse
 
Eg brukte ca 1 nøste Bomull Sport frå SparKjøp per vaskeklut. Eg har ein heil haug like nøster liggende så dette vert nok ikkje den siste vaskekluten som vert strikka. Men kanskje det er på tide å prøve eit nytt mønster... ;p
 
 
 
Ha ein fortsatt fin dag!! :)
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)