mandag 13. mai 2013

Ny strikkevest...

 
På fredag var eg på barselbesøk til venninna mi. Ho fekk ein liten gutt for nokre veker sidan og som den strikkaren eg er så måtte eg jo trylle fram noko på pinnene. Nok ein gang fallt valget på ein vest. Denne gangen tenkte eg å prøve meg på Spirevesten til Rare Rusk. Den har jo gått som ein farsott i blogglandia siste året, så no var det min tur.





Eg villle strikke vesten i ca str 6mnd, men i oppskrifta var det ikkje laga mindre enn str 1-2 år. Så då vart det litt triksing og miksing... Den første vart ALTFOR liten, så då eg kom til ermhulene bestemte eg meg for å rekke den opp igjen. Veldig kjedelig og demotiverende, men eg starta om igjen med friskt mot. Eg la opp til størrelse 3-4 år på pinne nr 3 med Sandnes mini duett og strikka lengden og ermhulene tilsvarende vesten i forrige innlegg. Trur det vart vellykka til slutt... ;)
Garnet eg brukte var nytt for meg, men eg skal så absolutt bruke det igjen. Det er ein blanding av ull og bomull, utruleg mjukt og godt. Enkelt å strikke med var det òg. Og når eg i tillegg fekk det på salg, ja då kan det ikkje bli bedre! ;)




I helga reiste eg og Olliver på hytta på Kvamskogen. Deilig å skifte stove innimellom. :) Når lillegutt var i seng måtte mor ha noko å gjere på, så iløpet av helga vart eg ferdig med eit nytt hårband. Eg er fortsatt ikkje heilt komfortabel med hårband på mitt eige hovud, så denne gangen har eg laga til ein kollega. Får tru ho vert fornøgd! :)




Oppskrift vest: Kjøpt via rarerusk
Garn: Sandnes min duett
Pinnestr: nr 3



Ha ein finfin kveld!

3 kommentarer:

  1. Den vesten var gøy! Heilt annerledes enn alle andre vester liksom ;) Kjempefin og fine farger! Flink du er!

    SvarSlett
  2. Kjempefin Marilen! Du e så flink!

    SvarSlett
  3. Kjempefin! Den såg litt betre ut enn min.... Men eg hadde ikkje bomull, men babyull. Blir nok bra på denne, flink! :-)

    SvarSlett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)