tirsdag 15. april 2014

Påskepynt og påskekos!


Ja så var plutselig påsken her igjen! Eg har alltid vert ute i siste liten med å pynte og gjere klart, men i år har eg endelig fått gjort alt det eg hadde tenkt. Trikset var jo rett og slett berre å begynne tidleg nok. Så her har huset vore påskepynta i over ei veke!




Det første som kom i hus var "pusekattene". I fjor gjorde eg eit halvhjerta forsøk på å lage litt pynt og endte opp med å hekle 3 små kaniner (finn dessverre ikkje igjen sida med oppskrifta..). Trådene på desse vart ikkje festa og uansett så kom aldri kvistene i hus, så pynt vart det ikkje. No er dei imidlertid ferdige og dei har fått selskap av to søte påskekyllinger. Oppskrifta finn du her. I tillegg har eg prøvd meg på å lage påskeegg av garn. Framgangsmåten var enkel:

1. Blås opp ein vannballong til ønska størrelse
2. Smør ballongen med vaselin
3. Dypp garnet i tapetlim og surr ønska mengde rundt ballongen
4. La den henge og tørke
5. Sprekk ballongen og ta den ut





Sist, men ikkje minst har Olleboll laga påskekylling i barnehagen. Det var ein veldig stolt gutt som kom heim med den. "Sjå kva eg har laga til deko mamma og pappa!!!" Ingenting er som ein 3-årings engasjement! ;)

Påskelyktene som eg (utruleg nok) fekk ferdigstilt i fjor har fått komme fram igjen i lyset. Sjølv om eg egentlig ikkje er sånn superglad i gult syns eg desse var skikkelig søte. Du kan lese meir om dei i dette innlegget.
 



I det siste har eg virkelig fått augene opp for Trines matblogg. Har du besøkt den sida? Visst ikkje kan den så absolutt anbefalast. Ein av tingene ho har på bloggen er heimelaga sjokoladepålegg. Her i huset elsker me Nugatti alle tre, og av den grunn blir det kun kjøpt inn til ferier og høgtidsdager. Men det er med Nugatti som med så mykje anna, FULLT av e-stoffer og andre godsaker... Så denne gangen tenkte eg at eg kunne prøve den heimelaga typen. I kveld vart krukka åpna, og den vart godt mottatt av mine to gutter. Eg brukte 40% mørk kokesjokolade og personleg kunne eg nok ha tenkt meg å hatt den litt lysere, men den var så absolutt etandes! ;) MÅ PRØVAST!




...og så må eg berre vise... Denne boka kom i hus i går. Og for ei FANTASTISK bok!! Gleder meg stort til å ta fatt på oppskriftene. Og med tanke på at svigermor kom med ikkje mindre enn to FULLE poser med (reste)garn for litt sida kan eg vel herved påstå at påskekosen er i boks!





Ønsker deg og dine ein super påske!! ;)

1 kommentar:

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)