mandag 13. oktober 2014

Floratopp


I juni fekk eit vennepar av oss ei nydeleg lita jente. I forrige månad fekk me spørsmål om me ville vera fadder for henne, noko me sjølvsagt ikkje sa nei til. Då eg spurte kva dåpsbarnet ønska seg kom det ganske kontant "gjerne noko heimestrikka!". *LYKKE* Då hadde eg endeleg ein unskyldning for å lage Paelas sin Floratopp som eg har sikla på sidan eg såg den på instagram for ei stund tilbake.




Eg syns mønsteret på denne toppen er så utruleg flott! Men som med dei fleste former for mønster tok det litt tid å komme inn i det og eg må sei at eg savna å ha eit diagram å gå etter. Det var veldig godt forklart korleis det skulle gjerast steg for steg, men eg syns ein kjem litt fortere inn i det dersom ein har eit diagram å gå etter og ikkje må lese lange setninger. Når det er sagt så har eg jo aldri laga ei slik oppskrift sjølv, så eg veit ikkje kor vanskeleg det kan vere... ;)



I går var den store dåpsdagen og saman med toppen fekk lillemor eit nydeleg lite kvitt hjarte. Toppen er nok litt stor enda, men det kan no vere godt å ha noko å vokse inn i. ;)




Dette er det første paelas-prosjektet mitt, men allerede er det 3. prosjektet på vei av pinnene. Med andre ord kan eg virkelig anbefale oppskriftene deira. Krysser fingrene for at det snart kjem ut ei bok! ;)


Strikkefakta
Oppskrift: Kan kjøpast på Paelas
Garn: DROPS baby merino
Størrelse: 6mnd (men er nok litt større..)


Ønsker deg ein fortsatt fin dag!

4 kommentarer:

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)